Robert var nesten død då han vart henta ut frå bilvraket – no leikar livet igjen

Då delar av kroppen blei knust, brukte Robert resten av kroppen til å laga oppfinningar som fekk livet til å fungera.

Kva personlegdom ein har, og kva eigenskapar ein er fødd med, kan vera avgjerande for korleis ein taklar ei alvorleg ulukke.

Det veit Marie Skogvold frå Stord alt om. I 2011 opplevde ho nemleg å få beskjed om at sonen, Robert Skogvold, var involvert i ei veldig alvorleg bilulukke

I ein sving på E39 sør for Leirvik hamnar bilen han sit i utanfor vegen, opp ned, og inni skogen.

Naudetatane kom til staden, og det vart raskt konstatert at dette var ei alvorleg ulukke.

Frå bilen vart den unge Skogvold henta ut, og i hui og hast frakta til sjukehus.

På Stord sjukehus vart det konkludert med at 21-åringen måtte til Haukeland universitetssjukehus i luftambulanse.

Det stod om liv.

Ulukke Robert Skogvold 9.april 2011.

KRITISK: Tilstanden var særs alvorleg då Robert Skogvold vart teken ut av dette vraket og frakta til Haukeland universitetssjukehus 9. april 2011.

Foto: Henrik Mundal Andreassen/Sunnhordland

Lam frå brystet og ned

Grundige undersøkingar viste at Robert hadde knekt fjerde og femte nakkevirvel. Brota på beina hadde igjen skadd nervebanane i nakken.

Nervane gjennom nakken styrar mellom anna signal frå hjernen og til bestemte delar av kroppen.

Då Robert kjem til seg sjølv oppdagar han at alt frå halsen og ned ikkje får signal frå hovudet.

Han er rett og slett lam.

Til lokalavisa Sunnhordland, som intervjua han seks veker etter ulukka, forklarar han at kjenslene i føtene var vekke inne i vraket denne kvelden.

Frå sjukesenga på Haukeland universitetssjukehus veit han at mange tenkjer på han.

Men Robert får ikkje gjeve beskjed om korleis han har det.

Difor er det mamma som må ta seg av kommunikasjonen med vener og familie.

Ho postar dette innlegget på Facebook, 23. april 2011, omlag to veker etter ulukka:

Melding på Facebook frå mamma til Robert Skogvold
Foto: Privat / Privat

Lang kamp

Robert låg i sjukesenga, og kunne knapt røra på seg. Berre det å bevega på nokre av fingrane var ein stor siger for han.

Små mål måtte setjast heile vegen. Kvardagslege ting, som han berre dagar i førvegen kunne gjera, vart no ein kamp.

Han samanliknar det med å vera eit lite barn som skal læra seg å snu seg frå rygg til mage eller læra seg å sitja sjølv.

No vart desse små tinga ein siger for den 21 år gamle mannen.

Pussa tenner, løfta ei brødskive til munnen, ta på ei t-skjorte.

Sitja sjølv, klara å trilla rullestolen utan hjelp.

– Eg starta som ein unge. Det er ein lang veg. Samstundes har det også vore interessant å oppleva.

Robert Skogvold pusser tennene sine.

SIGER: Her har Robert Skogvold klart å løfta tannbørsten sjølv. Det er ei stor siger for ein 21 år gammal mann.

Foto: Privat

Ville tilbake på jobb

Trass i at han måtte liggja i senga store deler av den første tida, tok han ikkje alvoret inn over seg.

Før ulukka jobba Robert i det lokale straumselskapet på Stord. Der klatra han ofte opp i høge stolpar for å sikra straum til folk.

Veka etter ulukka skulle han vera med på eit spennande prosjekt i nabobyen Haugesund. Ein større jobb på ein transformator skulle gjerast, med Robert si hjelp.

Men utan å føla noko frå halsen og ned var det ikkje lett å klatra opp i høge stolpar.

Likevel. Dette skulle jo ikkje stoppa Robert.

– Eg kunne jo berre få lånt meg ein rullestol. Så kunne eg vera med på jobben likevel, sa han frå sjukesenga.

Robert Skogvold i opptrening

KAMP: Mange timar har vore brukt på trening etter ulukka. Alt måtte lærast på nytt.

Foto: Privat

Men gradvis seig alvoret meir og meir inn. Opphaldet på Haukeland universitetssjukehus vart over seks månader. Det skulle ta lang tid før Robert kunne gå tilbake på jobb igjen.

– Alt var eigentleg litt svart, er det einaste Robert Skogvold i dag hugsar om ulukka og den første tida etterpå.

Og han har bestemt seg for å leggja det til sides.

Han får ikkje gjort noko med det.

I staden har han brukt tid etter ulukka på det han faktisk får gjort noko med.

Robert Skogvold på opptrening

KREATIV: Å spela bordtennis let seg gjera, berre ein teipar fast bordtennisracketen i handa.

Foto: Privat

Får bruk for eigenskapar

– Robert har alltid vore veldig sta og bestemt.

Det seier mamma Marie Skogvold.

Ho fekk nemleg ein gut som allereie tidleg i barneåra ikkje hadde lyst på hjelp frå andre.

Kler skulle han ta på sjølv, og han var ikkje interessert i at nokon skulle hjelpa han.

Hardt skadd, med nedsett grep i hendene, og utan sjanse til å gå, er det eigenskapen han viste som liten han må henta fram igjen.

Robert har dessutan alltid vore ein oppfinnar-type, ein slags Reodor Felgen.

Dette viste han allereie då han var rundt åtte-ti år, fortel mora. Han brukte Lego til å byggja forskjellige innretningar. Med motor, og som han kunne styra sjølv.

Seinare vart det meir og meir avansert.

Robert Skogvold
Her er Robert som 10-åring. Allereie då pønska han på fleire kreative idear.
Heimelagd tråsykkel med motorsagmotor
Som å setja ein motor på ein sykkel.
Robert Skogvold sin heimelagde sykkel
Motoren skulle gjera sykkelen motorisert, som tråmopeden i bakgrunnen.

Saknar eit godt grep

Hjelpemiddel er det mange av for dei som sit i rullestol. Men for Robert er det ikkje lett. Mange av hjelpemidla er tilpassa eit godt grep.

Då Robert vart henta ut av vraket i 2011 hadde den alvorlege nakkeskaden øydelagt grepet hans i hendene. I 2022 er det dårlege grepet som hemmar han mest.

– For meg hadde det vore viktigare å få grepet skikkeleg tilbake enn å klara å gå igjen. Det hadde gjort det lettare å driva med mange av hobbyane mine, seier han.

Før ulukka var Robert ein aktiv ung mann, som elska å stå snøbrett ved familiehytta på Hovden i Bykle kommune. Heime på garden på Stord mekka han på bilar, grov med gravemaskin, køyrde båt og traktor.

AKTIV Robert Skogvold

MOTORINTERESSERT: Allereie i tenåra var Robert Skogvold interessert i motorsport. Her er han på gokartbanen.

Foto: Privat

Men livet på gard er ikkje tilpassa rullestol. Sjå for deg å klyva opp i ein gravemaskin frå ein rullestol, komma seg inn i ein traktor, eller køyra bil utan å kunne bruka føtene.

Og utan eit godt grep vert alt endå vanskelegare.

Robert Skogvold nekta likevel å la dette stoppa han. Han var fast bestemt på å bruka både sine medfødde kreative eigenskapar, og staheit, på å finna løysingar.

Dessutan var han tydeleg på at han skulle tilbake på fjellet.

Tilbake i barnebakken

Allereie frå sjukesenga såg han på videoar av dei som køyrde sit-ski.

For tilbake til hytta og skibakken på Hovden skulle han.

– Den første jula etter ulukka sat eg berre inne på hytta. Difor var det ein veldig viktig motivasjon for meg å kunne vera med i bakken igjen.

Etter tallause timar med trening var han tilbake i bakken vinteren 2013.

Og derifrå var målet at han skulle heilt til den 1209 meter høge toppen Nos, som ruvar over alpinanlegget øvst i Setesdalen.

Men frå å vera ein aktiv 21-åring, som suste ned på snøbrett i dei brattaste bakkane, måtte han no ta turen bort i barnebakken.

– Første gong eg prøvde sit-ski ramla eg berre eg stod i ro. Det var vanskeleg å finna balansen.

Difor måtte han starta i barnebakken igjen. Same stad som han lærte seg å stå på ski som 3-åring.

Starta i barnebakken

TILBAKE TIL START: Det var her, i barnebakken på Hovden alpinsenter, at Robert Skogvold lærte seg å stå på ski. Etter den alvorlege trafikkulukka som 21-åring måtte han læra seg å stå på ski på nytt.

Foto: Olav Røli / NRK

Trente knallhardt

Etter eit par hundre timar med trening på skia,med god hjelp av pappa Ulf, klarte Robert å køyra sjølvstendig.

Med endå meir trening kunne han ta stolheisen til toppen av bakken.

– Å vera på toppen er heilt rått. No føler eg at eg kan halda dei fleste i bakken, og kjenner meg heldig som får lov til å køyra med familie og vener.

– Du har verkeleg jobba for dette, seier søstera Lene Jeanette Skogvold, som denne dagen er med for å assistera.

Robert Skogvold toppen av alpinbakken.

STOR SIGER: Å komma seg tilbake til toppen av alpinbakken har vore ein viktig motivasjon for Robert Skogvold. Han har hatt god hjelp av eigenskapane han vart fødd med.

Foto: Olav Røli / NRK

Frå toppen av fjellet kastar han seg utfor bakkane på sitskien, og berre små snøfnugg vert kasta til sides når Robert svingar frå side til side. Her er det ingen brems og ingen skrens.

Sitskien er heilt standard, og er lagd for ein som har godt grep.

Difor måtte Robert henta fram staheita og kreativiteten igjen.

Robert Skogvold i elektrisk rullestol.
Denne elektriske rullestolen har Robert Skogvold lyst til å bruka til skibakken
Robert Skogvold i bilen
Det er nemleg styr å ta bilen
Robert Skogvold ved Hovden Alpinsenter.
Å parkera i eit alpinanlegg er ikkje alltid så enkelt
Robert Skogvold lagar kjelke
Difor er Robert i gang med å byggja om ein skuterkjelke. Den skal henga bakpå den beltedrivne rullestolen

Verkstaden heime på garden har også vore viktig. Der han har både dreiebenk, vinkelslipar, sveiseapparat, og alt som ein treng i ein verkstad. Med dette har han fiksa opp i det meste som ikkje passar.

Målet har heile tida vore å vera mest mogleg sjølvhjelpen i bakken:

Motivert av å løysa problem

Dessutan har 3d-skrivarar heime i garasjen vore viktige.

Ein slik printar kan laga små delar i plastikk. Delar som kan gjera kvardagen enklare. Både inne i huset, men også på sit-skien.

Då Robert Skogvold var på spinaleininga på Haukeland i 2011 møtte han mange med alvorlege skader. Trass i dette kunne dei trilla bort til kjøleskapet og henta seg ein yoghurt så lett som berre det.

– Eg skjønte ikkje korleis dei klarte det.

No klarar han langt meir enn å henta seg yoghurt i kjøleskapet. Anten det er å køyra gravemaskin, stå på ski, eller køyra bil.

Robert Skogvold i bilen.

KREATIV: Å komma seg inn i ein stor gravemaskin er ingen sak så lenge ein parkerer bilen og rullestolen riktig.

Foto: Privat

For 32-åringen er det viktig å visa andre at det er håp, sjølv om alt ser håplaust ut.

– Eg er så glad for alt eg har opplevd før ulukka, anten det var å vera på sjøen, på fjellet, på ski eller heime på garden. Alt eg gjorde tidlegare gjev meg så masse meir igjen no, fortel han.

– Har du tunge dagar?

– Eg har småfrustrasjonar over ting som eg ikkje får til. Men eg har heldigvis aldri hatt den store nedturen, eller vore skikkeleg deprimert. For meg er det ein stor motivasjon å klara å løysa nye problem, svarar han.

Robert Skogvold i gravemaskin.

GRAVEMASKIN: Å få lov til å gjera det han har gjort før ulukka, har vore viktig for Robert Skogvold. Her i gravemaskinen på garden.

Foto: Olav Røli / NRK

Må læra seg å ta i mot hjelp

Om lag to månader etter ulukka er Robert sjølv klar med eit innlegg på Facebook:

Skreiv på Facebook. Robert Skogvold
Foto: Robert Skogvold / Skogvold, Robert

– Eg har i ettertid tenkt at no forstår eg kvifor Robert var sta og skulle klara alt sjølv, heilt frå han var liten. Det var ei meining med det. Eigenskapane han var fødd med var viktige å ha for det som skulle skje seinare i livet, seier mamma.

– Vel, det er bra å vera sta, men kanskje ikkje altfor sta. Eg må nok læra meg å ta imot meir hjelp. Når eg er saman med vener treng eg ikkje å slita unødig når eg lett kan få hjelp. Det kan verka litt dumt at folk ikkje får lov å gje meg ein liten dytt når dei likevel er rett på sida, seier Robert sjølv.

– Tenkjer du det er ei meining med ting som skjer?

– Eg tenkjer at ting skjer av naturlege årsaker, og at ein berre må gjera det beste ut av det som skjer, svarar han.

KREATIV: Snøfresen, til den radiostyrte løypemaskinen, har Robert Skogvold lagd heime på 3D-skrivaren. Video: Olav Røli/Privat