Rekordmange ungdommar har søkt fiskerilinja på vidaregåande skular.
Kvifor vil dei inn i eit yrke som tradisjonelt har hatt låg status?

Dei nye lott-millionærane

Nei, dei har ikkje vunne i Lotto. Men dei vil få ein andel av båtens forteneste i løn, såkalla lott. Den kan bli i millionklassen.

Klasserommet ligg innbydande denne seinsommardagen på Vestlandet.

Elevane på Austevoll vidaregåande skule gjer seg klare til å dra garnet som blei sett ut i går.

Sora Helen Borgen er rimeleg fersk på sjøen, og spent på kva som ventar.

Tor Eirik Østervold er fødd inn i dette, med familie som eig store fiskefartøy.

Men spenninga er like stor kvar gong garnet skal opp.

Det er dette Sora Helen vil - å vere i fysisk arbeid med litt action.

Teoretiske studiar på ein skulebenk er ikkje noko for henne.

Sei! Gleda ved fiskarlivet er grunnen til at Tor Eirik aldri har vurdert eit anna yrke.

Sjølv om fiskarfamilien har sagt at han står fritt til å velje sjølv.

Praktisk arbeid i det fri lokkar også.

Det same gjer fiskarturnusen, som kan gje fleire veker fri etter ein månad på sjøen.

Løna, eller lotten, kan bli svimlande når dei får fagbrev etter to år på skule og to år i lære:

Opptil ein million kroner i året. Om dei får hyre på store fiskefartøy.

Men det er berre for dei heldige... for det er ikkje nok læreplassar til alle på fiskebåtar.

Sjølv ikkje i fiskerinasjonen Noreg.

Håvard Magnus Njåstad forklarar at alle skular i landet med fiskerilinje, har rekordstore søkartal.

Men ingen slår Austevoll vidaregåande, der han er assisterande rektor.

For i fiskerikommunen Austevoll satsar både næringa, skulen og fylkeskommunen friskt.

Skulebåten "Stø kurs" er pussa opp for 20 millionar kroner.

Kvart år får dei eiga skulekvote til det eventyrlege lofotfisket etter torsk, og seglar nordover.

Dermed er elevane sikra utplasseringa dei skal ha på Vg1 Naturbruk.

Fangsten dei får i dag, på Vestlandet, blir delt mellom elevar og lærarar.

Også delikatessa breiflabb, som før blei sett på som ufisk og kasta rett på sjøen igjen.

Kunsten å filetere står også på læreplanen.

Seien og breiflabben dei fekk i dag, krev ulike teknikkar for å bli reine for skinn og bein.

Til neste år er Tor Eirik sikra læreplass på familiens store fiskefartøy, ein ringnotsnurpar.

Sora Helen seglar inn i meir usikkert farvatn, men vil kjempe hardt for å kunne bli lærling.

Som elev og etter kvart lærling må dei også lære å styre skuta og ta kystskippersertifikat.

Skipper Tonny Storebø på skulebåten er ein stødig lærar.

Med eit fagbrev i handa, kan dei klatre vidare på karrierestigen ved å ta maritim fagskule, også det i Austevoll.

Då kan dei bli styrmann eller kaptein, og navigere kva båt som helst på dei sju hav.

Kapteinen på fiskebåtar kallast skipper, og får ofte dobbel lott. Det kan det bli store pengar av.

Tida vil vise kven som trekk lærling-vinnarloddet og får fullført utdanninga.

Vonleg vil heile den samansveisa klassen i Austevoll komme vel i hamn, og bli del av Noregs nest største eksportnæring.

Sjå meir av det ekte livet som fiskar i TV-serien "Fiskerne" på NRK TV.

Journalist

Monika Blikås

Fotograf

Anna Sørmarken Vestly

Redaktør

Kristin Ytre-Arne
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal