Stian Sjursen Takle på Hoven Loen

UTESENDING: 23. august 2017 sende NRK Sogn og Fjordane dagsendinga i framkant av ein av dei store TV-debattane på NRK1 frå fjelltoppen Hoven ved Loen i Nordfjord. Sendinga gjekk frå høgfjellskafeen ved den nybygde gondolen som tek deg frå fjorden til 1011 meter over havet i løpet av sju minutt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Redaksjonell rekneskap for NRK Sogn og Fjordane

Eit engasjert publikum, utesendingar og uver. Her kan du lese korleis vi summerer opp 2017.

Innleiing

Av distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen

Distriktsdirektør i NRK Grethe Gynnild-Johnsen

Grethe Gynnild-Johnsen er distriktsdirektør NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

NRK skal samle og engasjere alle som bur i Noreg. NRK skal også skape opne møteplassar, ny forståing og opplevingar som set spor. Det er oppdraget som er gitt til alle distriktskontora til NRK og medarbeidarane i heile mediehuset.

No er det tid for årsoppgjer. Vi skal overfor lisensbetalarane våre dokumentere at vi er pådrivar av kritisk og uavhengig journalistikk, at vi har skapt opplevingar som set spor, og at vi speglar befolkninga og landet i innhaldet vårt.

«Sommertoget» som tøffa rundt i store deler av landet i fjor sommar, gav oss gode opplevingar og fine møte med norsk kultur og verkelegheit. Journalistane våre har også på radio, TV og nett rapportert om den tøffe kvardagen i det vêrharde Noreg, formidla triste og mindre triste hendingar samstundes som vi har forsøkt å løfte stemma til menneske som har vore utsette for maktmisbruk og overgrep. Vi har laga varme reportasjar frå alle deler av landet enten i «Norge Rundt», distriktssendinga på TV eller i nyskapinga «Norge nå». Også det er ein viktig del av arbeidet til dei 920 medarbeidarane ved dei 15 distriktskontora.

Gjennom den redaksjonelle årsrapporten vår er det lisensbetalarane og publikummet vårt som skal sjå oss i korta. Her kan publikum sjølv bedømme om vi har levert på oppdraget vårt.

Her forsvinn NRK-kanalane frå FM-nettet

SJÅ VIDEO: Sløkkinga av NRK-kanalane i Sogn og Fjordane på FM-nettet skjedde 21. juni. Vi hadde besøk av P3Morgon-gjengen, og radiolyttar Monica Sunde Tjønnås fekk trykkje på ein symbolsk knapp.

Engasjert publikum

2017 var eit år der NRK Sogn og Fjordane verkeleg fekk gleda av å merke engasjementet blant publikummet sitt.

Straumen av tilbakemeldingar og meiningsytringar om saker og arrangement vi burde dekke, er tydeleg dette året, som alle andre år.

Men engasjementet og reaksjonane på det NRK Sogn og Fjordane laga, var litt ekstra dette året.

Det fyrste dømet fekk vi i juni under omlegginga frå FM til DAB. I lokalavisene kunne vi lese kraftfulle meiningsytringar om omlegginga, og redaksjonen merka det same engasjementet både på Facebook og i epostar til NRK Sogn og Fjordane.

Særleg har det vore kjekt å merke kravet frå ei rekkje bygdesamfunn om utbetring av DAB-dekninga. Det viser at lokalradioen betyr noko for folk i Sogn og Fjordane. Det er gledeleg å sjå at dekninga blir jobba med, og vi håpar at ho blir tilfredsstillande etter kvart.

Det same engasjementet såg vi mot slutten av 2017 då det vart gjort kjent at distriktssendingane på fjernsynet skulle kortast ned frå 13 til fem minutt, samstundes som det skulle kome ei ny sending klokka 22:55.

Reaksjonane seint i desember 2017 og tidleg i januar 2018 kan kallast ein sjåarstorm, og det kokte i dei sosiale media i Sogn og Fjordane. NRK har i ettertid vedgått at vi undervurderte reaksjonane, og det vart vedteke å forlenge sendinga for å gå publikum i møte.

Terje Gilleshammer

REAKSJONAR: Redaktør Terje Gilleshammer måtte svare på kritikken då sendetidspunkta til Vestlandsrevyen blei endra.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er fantastisk å ha eit så lojalt, men krevjande publikum som vi har, seier distriktsredaktør Terje Gilleshammer i NRK Sogn og Fjordane.

Utfordringa vår blir å halde på dei sjåarane og lyttarane som er glade i oss, og som seier så tydeleg kva dei meiner. Samstundes viser utviklinga at nettet og mobilen er dei viktigaste nyheitskjeldene for dei under 63 år. Difor må vi også klare å snu oss mot nye medieplattformer og nå nye generasjonar.

Heile mediebransjen er i forrykande endring, der publikum i stadig større grad ynskjer å kunne velje sjølv kva innhald dei vil ha. På radio er det i dag langt fleire kanalar å velje mellom, lineært fjernsyn merkar konkurransen frå såkalla «on-demand-TV», der publikum kan velje via nett kva program dei vil sjå. Det same ser vi på nyheitssida, der artiklane i større grad må vere så gode at folk ynskjer å klikke på dei for å lese dei.

– Denne auka konkurransen er krevjande, men gledeleg for publikum, meiner Gilleshammer.

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

FLAUM: Storelva i Utvik sentrum gjekk over breiddene sine. Fleire bygningar blei skylte på fjorden.

Foto: Alf Vidar Snæland

Flaumen i Utvik

Om morgonen 24. juli 2017 kom eit kraftig regnvêr inn over Nordfjord. I den vesle bygda Utvik fekk dette store følgjer. Storelva gjekk over breiddene sine, bruer bukka under for vassmassane, straumen vart borte og hus, garasjar og uthus vart raserte. I løpet av nokre dramatiske morgontimar vart det gjort skade for over 100 millionar kroner.

Dei første meldingane kom inn til NRK Sogn og Fjordane tidleg på morgonen mellom klokka 06.30-07.00. Utanfor redaksjonslokala i Førde var det ikkje ein regndrope. På same tid fortalde augevitne om naust som flaut ute på Nordfjorden. Også på den andre sida av Utvikfjellet, i Breim, hadde ei lita elv fløymt over og gjort skade på fleire hus og hagar. Ein familie var i ferd med å evakuere.

Dei første augevitna fortalde historiene sine i ei morgonsending som vart ei sending med ekstraordinær dramatikk.

NRK Sogn og Fjordane tok dei første spektakulære bileta frå lufta og fekk dei ut til resten av landet. Vi gjekk også direkte på Facebook frå helikopteret.

Denne nettsaka som vart publisert den morgonen, vart éi av dei mest leste sakene i 2017.

Flaumen i Utvik la grunnlaget for ei rekkje nasjonale nyhendesaker både i dagane og vekene etter sjølve naturkatastrofen.

For NRK Sogn og Fjordane er det avgjerande å vere ein god formidlar av slike hendingar frå Sogn og Fjordane. Vi har ei viktig rolle i beredskapsarbeidet ved å tidleg formidle omfanget og dramatikken under ei slik hending.

Nyheter på mobil

VIKTIG PLATTFORM: Tilbodet av nyheiter, reportasjar, videoar og lydklipp vert større og større, og den medieplattforma dei fleste brukar, er smarttelefonen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mobilen blir viktigare og viktigare

I 2017 hadde NRK Sogn og Fjordane ein gledeleg vekst på nettet og mobiltelefon. Vi enda opp med eit snitt på 34.000 daglege unike brukarar på pc og 32.000 på mobil. Det gjer at vi er blant dei distriktskontora i landet med den høgaste trafikken på nettsidene våre. Med ein lokalmarknad med om lag 110.000 innbyggjarar viser det at vi vert valde og brukte i Sogn og Fjordane. Men det viser òg at vi syner att i nasjonale medieflater med mellom 30–50 artiklar i månaden på NRK.no.

Snitt daglege brukarar

Distriktskontor

PC/nettbrett

Mobil

Totalt

Buskerud

12 845

13 238

26 083

Finnmakr

19 611

17 869

37 480

Hedmark og Oppland

24 152

23 720

47 871

Hordaland

46 615

46 095

92710

Møre og Romsdal

19 611

18 480

38 091

Nordland

33 570

30 608

64 178

Rogaland

29 716

30 380

60 097

Sogn og Fjordane

34 494

32 526

67 020

Sørlandet

21 827

25 863

47 690

Telemark

18 614

18 367

36 982

Troms

18 439

17 649

36 088

Trøndelag

32 042

31 798

63 840

Vestfold

16 411

16 807

33 218

Østfold

21 684

22 078

43 761

Østlandssendingen

24 440

24 626

49 067

Ekspander/minimer faktaboks

Tilbodet av nyheiter, reportasjar, videoar og lydklipp blir større og større, og den medieplattforma som veks mest er smarttelefonen.

Uansett om vi er heime i sofaen, på bussen eller på kafé, er mobilen den viktigaste kjelda vår til aktuelle nyheiter. Blant norske tenåringar er nær 100 prosent på internett via mobilen kvar einaste dag. Sjølv blant dei eldste i samfunnet blir mobiltelefonen ei stadig viktigare kjelde til informasjon, underhaldning og nyheiter.

Nestenulukke

NÆRE PÅ: Saka om skuleborna som hadde englevakt, var ei av dei mest leste nettsakene våre i 2017.

Foto: Tor-Bjørn Kyrkjebø

Difor har vi i NRK Sogn og Fjordane ein strategi, der nett og mobil kjem først. Kvar dag publiserer vi fleire aktuelle artiklar på portalen vår nrk.no/sf. Der legg vi også ut nyheitsmeldingar gjennom dagen frå klokka 05 om morgonen til klokka 23 om kvelden. Vi legg også ut videoar, lydklipp og anna innhald vi veit at publikum likar og vil ha.

Målet er å kunne tilby publikum eit innblikk i den vestlandske kvardagen, kunnskap om det som skjer i lokalsamfunna våre, og vi ynskjer vere først når noko dramatisk skjer. Alle reporterane i NRK Sogn og Fjordane jobbar på alle medieplattformene, både radio, TV og nett.

Noko av journalistikken vår blir også presentert for eit nasjonalt publikum gjennom hovudsida NRK.no, Dagsrevyen, Dagsnytt eller andre stader i NRK-universet. Vi opplever at interessa for det vi jobbar for kvar dag, aukar frå månad til månad, og særleg ser vi dette i bruken av tenestene våre via mobil.

Dei fem mest leste nettsakene våre i 2017:

Fordjupande journalistikk

Konkurransen om merksemda til folk vert berre større. Difor ser vi at vi må jobbe meir med å lage innhald som set dagsorden. Dette er langsiktig arbeid som vi skal jobbe vidare med i 2018.

Dette er også viktig for at NRK Sogn og Fjordane skal utvikle si rolle i ein mediemarknad, der vi skal støtte opp under, og ikkje øydeleggje for, lokalavisene.

NRK har eit sjølvstendig ansvar for å styrke mediemangfaldet i Norge. Difor må NRK Sogn og Fjordane finne ein posisjon i marknaden som styrkar tilbodet til publikum – som eit supplement til lokalavisene og regionavisene.

Odd Helge Brugrand

FEKK PRIS: Odd Helge Brugrand fekk presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Frå 2017 meiner vi at journalistikken om konflikten i Helse Førde er eit døme på fordjupande journalistikk. Der klarte vi å setje dagsorden, og for dette arbeidet fekk journalist Odd Helge Brugrand presseprisen til Sogn og Fjordane journalistlag.

NRK Sogn og Fjordane har sendt inn ein metoderapport til Skup-prisen for dette arbeidet.

I april 2017 publiserte NRK Sogn og Fjordane ei sak om langvarig mobbing ved ein skule i Nordfjord. Gjennom grundig og langvarig arbeid om eit vanskeleg tema tok vi tak i ei lokal sak og løfta ho inn i Dagsrevyen og nrk.no. Slike saker har mange sider og nyansar, som gjer at vi må trø varsamt og ofte verne dei ulike partane.

Vi ser på det som eit døme på at vi kan kaste lys over eit nasjonalt problem gjennom ei historie nær der folk bur.

Saka førte til debatt om skulen si plikt til å gjere enkeltvedtak, og den aktuelle kommunen tok tak i problema, som dei vart kjende med gjennom vår dekning.

Etikk

Det er viktig for NRK at vi held ein høg presseetisk standard i det journalistiske arbeidet vårt. Omdømme og truverdigheit er avhengig av at publikum over tid har tillit til det redaksjonelle innhaldet vårt, og at vi jobbar i tråd med dei etiske retningslinjene til pressa.

Sidan 2015 har NRK systematisert arbeidet med presseetikk, med mellom anna årlege etikkseminar i alle redaksjonane og ein eigen etikkredaktør.

I løpet av 2017 vart det sendt inn i alt 37 klager på NRK til Pressens Faglige Utvalg (PFU). Seks av klagene gjekk gjennom full behandling i PFU, og NRK blei felt to gonger for brot på god presseskikk, medan ei sak fekk kritikk av utvalet.

NRK Sogn og Fjordane blei ikkje felt i PFU i 2017. Redaksjonen vart klaga inn til PFU ein gong, men klagen vart trekt etter dialog mellom klagar og redaksjonen, og det viste seg at klagen var basert på ei misforståing.

Erlend Blaalid Oldeide og utspørjinga av førstekandidatane valet 2017

UTSPØRJING: Programleiar Erlend Blaalid Oldeide like før utspørjinga av førstekandidatane frå dei ulike politiske partia.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Stortingsvalet 2017

NRK Sogn og Fjordane hadde ei brei dekning av stortingsvalet 2017. Erlend Blaalid Oldeide stod for ni utspørjingar av toppkandidatane til dei politiske partia, direkte i dagsendinga på radio. I tillegg var det politiske debattar med folk i salen i Leikanger og i Sogndal, i tillegg til ein avsluttande debatt i Førde. For første gong hadde NRK Sogn og Fjordane også eit eige valpanel.

I tillegg følgde vi den daglege dekninga av politiske utspel på radio, nett og tv.

NRK-team før valsendinga

KLARE: Programleiarane og fotografane før valsendinga starta.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den nye Larris scene i Førde var arena for valkvelden måndag 11. september. NRK Sogn og Fjordane hadde ei eiga nettsending frå arrangementet. Sendinga kravde mykje ressursar og ville ikkje ha vore mogleg å få til utan høg teknisk kompetanse og arbeidsglede blant medarbeidarar i redaksjonen.

Facebook vart også teke i bruk både under utspørjingane våre og på sjølve valkvelden. Nynorsk mediesenter hadde ansvar for å levere til sosiale medium på valkvelden og posta oppdateringar på Snap, Instagram og tok stillbilete.

Valsending frå Hoven Loen

VALDEBATT PÅ NRK1: Ingunn Solheim og Jarle Roheim Håkonsen tok med seg politikarar og andre på toppen av fjellet Hoven i Loen.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Spektakulær valdebatt frå fjelltopp ved Jostedalsbreen

23. august gjekk ein av dei store TV-debattane på NRK1 frå fjelltoppen Hoven ved Loen i Nordfjord. Debatten vart send frå høgfjellskafeen ved den nybygde gondolen som tek deg frå fjorden til 1011 meter over havet i løpet av sju minutt.

Med programleiarane Ingunn Solheim og Jarle Roheim Håkonsen i spissen diskuterte toppolitikarar, samfunnsaktørar og innbyggjarar tema som landbruk, cruise og rovdyr.

Det spesielle med sendinga var den fantastiske utsikta over fjorden og til fjella og eit studio heilt på kanten av stupet. Deler av debatten vart også gjort ute med basehopparar susande nedover fjellsida.

Sendinga vart til i eit samarbeid mellom Debatten og NRK Sogn og Fjordane, som hadde ideen om ei sending frå den flotte fjelltoppen. Distriktskontoret bidrog også med fotografar til TV-sendinga og fotoredigerar for opningssekvensen til TV-sendinga.

NRK Sogn og Fjordane sende også heile dagsendinga si på radio frå toppen av Hoven med eit av dei mest luftige radiostudioa vi har hatt. I tillegg produserte kontoret nachspiel-sendinga på nrk.no.

Som eit krydder i sendinga song også vinnarane av MGPjunior, Vilde & Anna, i starten og slutten av sendinga.

Sending frå ferja

UTE BLANT FOLK: Før jul sende vi morgonsendinga frå ei ferje mellom Lavik og Oppedal. Her blei det både dans og musikk.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Sendingar frå der folk er

I løpet av året har vi hatt mange sendingar, der vi flyttar studioet vårt ut i fylket. Vi har vore på store arrangement, men òg sendt mellom anna frå ei ferje mellom Lavik og Oppedal, frå julekakebaking i Jølster, ei rorbu før sesongstarten til Florø fotball, i kafeen på Sentralsjukehuset i Førde, frå eit bakeri i Årdal, eit næringsbygg i Sløvåg og frå ein butikk i øysamfunnet Solund.

Sending frå LS 2017

SKYTING: Då Landsskyttarstemnet kom til Førde sommaren 2017, var vi på plass.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

I desse sendingane vert alt det tekniske styrt ute i felten frå det mobile studioet vårt. På den måten kjem vi tettare på samfunna, der lyttarane bur og jobbar. Sendingane har vore fulle av engasjerte gjester, aktuelle saker, musikalske innslag, lokal mat og sjølvsagt alt det andre ei sending frå NRK Sogn og Fjordane skal innehalde.

Dette skaper også god kontakt med folk rundt om i fylket, og det har gitt oss mange tips som har blitt saker i ettertid.

NRK Sogn og Fjordane var også nominert til prisen for beste morgonflate på Radiodager for ei av desse utesendingane.

Av større arrangement hadde vi i år sending både frå Landsskyttarstemnet, Malakoff Rockfestival, frå Gamalostfestivalen i Vik, Frå Tour Des Fjords i Balestrand og før NRK si valsending frå Hoven.

NRK Sogn og Fjordane hadde i 2017 flest lyttarar i høve folketal av alle distriktskontora i NRK.

Malakoff 2017

MALAKOFFF 2017: Også i sommar var det SommarLutt på Nordfjordeid.

Foto: NRK

Musikk frå Sogn og Fjordane

I løpet av året har mange både etablerte og heilt nye artistar frå Sogn og Fjordane fått mykje speletid på NRK Sogn og Fjordane. Nye namn som Kjartan Lauritzen tok eit stort steg vidare, medan etablerte artistar som Sigrid Moldestad, Good Time Charlie, Erlend Apneseth og Eva Weel Skram leverte sterk ny musikk.

Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad

UTESTUDIO: Programleiarane Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad pakka mikrofonar og flytta studioet til Malakoff på Nordfjordeid.

Foto: NRK

Gjennom faste radiosendingar har vi intervjua, spelt musikken til og høyrt «live» mange artistar i løpet av året. Vi har også vist fram dei aller nyaste talenta våre gjennom ei eiga talenthelg. Då sende vi direkte frå «KulturskuleLutt» frå Sandane og alt som skjedde på scena under UKM Sogn og Fjordane.

Mange nye og spennande talent stod også på scena under NRK SommarLutt som gjekk direkte frå Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Der delte vi også ut årets SommarLutt-pris til bandet Jackbow frå Eid. Den store utdelinga av Luttprisen vart dette året flytta frå desember til januar, der vi arrangerte eit stort show som vi sende på TV og radio.

Daniel Storeide og Ivonne Ekremsæter

DER INGEN SKULLE TRU ...: Daniel Storeide (27) fekk ei tung bør i hendene då foreldra gjekk bort og lèt etter seg eit veglaust kråkeslott av ein serveringsstad ved Hjørundfjorden. Saman med sambuaren Ivonne Eikremsæter er han i ferd med å finne ut om det å bu i Trandal er liv laga.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Sesongen 2017 var den 16. i rekka til denne populære programserien og den tredje som er laga ved NRK Sogn og Fjordane. Dette vart kanskje også året er vi følte vi fekk skikkeleg eigarskap til serien ute blant folk. Det går no lenge mellom kvar gong vi høyrer nokon nemne Oddgeir Bruaset og «den gamle serien», og det er godt å merke at folk aksepterer vår måte å gjere dette på.

I ei tid der lineærfjernsynet går tilbake år for år, opplevde vi faktisk ein pen auke i sjåartala frå fjoråret. Vi starta opp med 39,8 prosent marknadsdel og 688.000 sjåarar i første episode, noko som gjorde oss til det sjette mest sette programmet på norsk fjernsyn den veka. Bak oss ligg store program som Skavlan, Beat for Beat, Lindmo, Senkveld og Solgt!

Denne episoden har også vist seg å vere valbar på nett-tv og nærmar seg 100.000 visingar i nettspelaren, noko som er rekna som ein «stor suksess». Dei fleste episodane i serien ligg på rundt 70.000 visingar, men talet aukar jamt også på gamle episodar. «Der ingen skulle tru ...» har vist seg egna for «binging», som betyr å sjå mange episodar etter kvarandre.

Som venta gjekk sjåartala litt ned etter den første episoden, men vi hadde marknadsdelar på godt over 30 prosent heile vegen og sjåartal rundt 600.000.

Kvalitetsvurderingar er ein skummel ting å gje seg ut på, men kjensla i redaksjonen er at vi har greidd å spegle heile landet og at me har makta å meisle ut tydelege historier frå stadene vi har besøkt. Her er reaksjonssjefen i Folk-redaksjonen, Oddbjørn Rosnes, si vurdering av kvaliteten:

Å forstå landet og folket i alle sine avskugningar. Å fortelja historier frå stader der ingen skulle tru at ei fjernsynsteam nokon gong ville dukka opp. Å lytta til folket si røyst. Å nå inn til hjartet hjå hovudpersonen i forteljinga og nå inn til hjarta hjå dei mange hundre tusen som opplever forteljinga.

Redaksjonen som lagar «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har gjennom dei seinaste åra og særleg i sesongen 2017 arbeidd mykje med å nå kjernen i forteljingane. Kva er det med einsemda som lokkar oss? Som gjer at somme menneske oppsøkjer einsemda. Som gjer at andre blir buande sjølv når alle grannar har flytta. Som gjer at eit publikum på mange hundre tusen ønskjer opplevinga programserien gjev.

2017 gav oss seks unike forteljingar om menneske og deira val, frå seks ulike stader i landet. Sesongen gav oss sterke og varige visuelle opplevingar frå stader me aldri har vore før, og møte med menneske som for alltid ville vore framande for oss – om det ikkje var for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Slik ønskjer me at programma skal opna grinder for sjåarane. Grinder til kjensler, opplevingar og forståing. Det var målsetjinga for 2017, og blir det for 2018.

Julehelsing frå Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

HELSING: Slik ønskte «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-redaksjonen sjåarane sine ei god jul.

Ansvaret for den levande nynorsken

NRK skal ta vare på språkmangfaldet i Norge, og i dette arbeidet spelar NRK Sogn og Fjordane ei viktig rolle.

Stortinget har bestemt at minst 25 prosent av innhaldet i NRK skal vere på nynorsk. I 2016 var den totale nynorskdelen på 23 prosent. På nett var nynorskprosenten 17. Det er ei negativ utvikling frå året før. Også i 2016 fekk NRK kritikk av Medietilsynet fordi vi ikkje oppfyller nynorskkravet.

NRK Sogn og Fjordane er viktige for å oppfylle nynorskkravet, fordi redaksjonen står for om lag 40 prosent av alle nettartiklane på nynorsk i NRK. Det er difor avgjerande at NRK Sogn og Fjordane held fram med å laga journalistikk med godt – og korrekt – språk. Dette ansvaret tek vi på alvor, og vi arbeider heile tida for å heve kvaliteten.

I 2017 har redaksjonen jobba med å få ned talet på skrivefeil i nettartiklane gjennom eit arbeid med å revidera korrekturrutinane. Det er blitt gjennomført ei kartlegging av rettskrivingsrutinane internt i NRK og i andre redaksjonar eksternt. Med bakgrunn i desse erfaringane har medarbeidarane og leiinga hatt to arbeidsmøte, der vi har drøfta nye korrekturrutinar som skal hjelpe til med å få:

  1. eit feilfritt og godt språk på nettet
  2. skape ein god kultur for språklege tilbakemeldingar
  3. styrkje NRK Sogn og Fjordane som ein produsent av kvalitetsjournalistikk på god nynorsk.

I dette arbeidet har det òg kome fram nye nyttig grep som kan styrkja språkrøkta i redaksjonen utover alt det som blir gjort i dag, spesielt på kveldstid og i helgene der medarbeidarane er åleine på jobb, og der rettskrivinga er mest sårbar.

Medan NRK Sogn og Fjordane leverer nynorskinnhald langt over kravet, tykkjer andre redaksjonar det er krevjande å levere nynorsk i det heile. Som ein del av «Handlingsplan for nynorsk 2017-2018» har NRK Sogn og Fjordane i samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter og språksjefen i NRK laga kurs som skal styrkje nynorskkompetansen i NRK, inspirere fleire til å ta nynorsk i bruk som arbeidsspråk, og gjennom det bidra til å sikre at NRK.no leverer godt innhald på nynorsk, og at NRK oppfyller nynorskkravet som vert stilt til verksemda.

Målgruppa er «sovande» nynorskbrukarar, bokmålsjournalistar på NRK.no og i andre nettredaksjonar og nynorskjournalistar som treng opplæring i, eller oppfrisking av, nynorsken.

Det fyste nynorskkurset var i desember 2017, for NRK Hordaland. Kursdeltakarane gav kurset særs positiv tilbakemelding. Fleire redaksjonar har signalisert at dei er interesserte i eit slikt nynorskkurs.

Nynorsk mediesenter

PÅ MARIENLYST: Sigrid Sørumgård Botheim, Aleksander Båtnes, Wibeke Bruland, Espen Breivik og Espen Breivik fekk treffe fungerande språksjef Ingvild Bryn då kull 26 besøkte NRK på Marienlyst i Oslo.

Foto: Randi Indrebø / NRK

NRK Nynorsk mediesenter

I 2017 fekk ni nynorskpraktikantar fast arbeid i massemedium, fem i NRK, to i aviser og to i nettaviser. Dei fem i NRK fekk arbeid i NRK Hedmark og Oppland, NRK Sogn og Fjordane og Her og Nå sin Oslo-redaksjon. Vest-Telemark Blad og Bergens Tidende tilsette kvar sin journalist herifrå, og i nettavisa Porten.no i Sogn tilsette dei både ein redaktør og ein journalist med bakgrunn frå NRK Nynorsk mediesenter.

På grunn av færre jobbar og lite medvit kring å tilsette nynorskbrukarar i media har stadig fleire vorte tilsette som informasjonsfolk på ulike felt. I fjor vart til dømes ein tilsett som nettredaktør i Valgdirektoratet. Totalt arbeider 23 tidlegare nynorskpraktikantar med informasjon og rådgjeving i til dømes Språkrådet, Samferdsledepartementet, Kirkens Nødhjelp, Norges Bondelag, osv.

I 2017 vedtok leiinga i NRK ein handlingsplan for nynorsk for å oppfylle kravet om minst 25 prosent nynorsk i NRK. Planen er god og konkret, men krev både styring, vilje og evne til gjennomføring. Saman med prioriteten nynorskpraktikantane skal ha etter avslutta opplæring, er det nok av tiltak å sette ut i livet om NRK vil ha fleire nynorskbrukarar. Nynorskprosenten har gått ned dei siste to åra. Men dette er det lita merksemd kring, trass i årleg kritikk frå Medietilsynet.

Kvart år ser vi gode talent forsvinne ut, fordi det ikkje er jobbar til dei, eller fordi redaksjonane ikkje bryr seg med å rekruttere nynorskbrukarar? Vår oppleving er at norsk generelt, og nynorsk spesielt, er lite akta på i NRK for tida.

Samarbeidet med NRK Sogn og Fjordane

Vi samarbeider tett og godt med NRK Sogn og Fjordane om opplæring og praksis for nynorskpraktikantane i dei fire månadane dei er i Førde. Dei to fyrste månadane lærer dei om nynorsk som mediespråk, journalistikk, data og teknikk dei må kunne for å bli journalistar for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Jamsides opplæringa lagar dei saker for alle desse plattformene, som vert sende både lokalt og på riksnettet.

Dei to siste månadane i Førde arbeider dei som fleirmediale journalistar i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, før dei avsluttar halvåret med to månaders praksis i andre NRK-redaksjonar.

For mange nynorskpraktikantar er det ei ein-gong-i-livet-oppleving at nynorsk er språket som vert brukt i offentleg styre og stell, næringsliv, media, reiseliv, rettsstell, osv. Slik er det i Sogn og Fjordane. Å arbeide i ein rein nynorskredaksjon opplever dei berre i Førde, og det er med på å gjere dei til trygge og stolte nynorskbrukarar.

Samarbeidet med Nynorsk Avissenter i Firda

NRK Nynorsk mediesenter har samarbeidd med systertiltaket Nynorsk Avissenter i Firda sidan det starta hausten 2013. Føremålet der er å rekruttere og lære opp nynorskbrukande journalistar for nett og avis. Vi samarbeider om opptak og førelesarar og skal no til å greie ut om vi kan samarbeide meir om profilering, rekruttering og opptak.

NRK Sogn og Fjordane og Avishuset Firda har planar om å samlast i eit sams Nynorsk mediehus i Førde, og då kan det bli naturleg å slå saman dei to rekrutteringstiltaka. Vi lærer opp ti praktikantar i året, Nynorsk Avissenter åtte til ti.

Sidan hausten 2015 har vi invitert journalistar i fylka rundt oss til å delta på kurs og gjesteførelesingar, og i 2017 var det 14 som nytta seg av dette gratistilbodet.

Sondre Dalakar filmar til dokumentaren om skrantesjuka

FILMAR: Fotograf Sondre Dalaker er fotograf på dokumentaren om nedskytinga av villreinen i Nordfjella som kjem våren 2018.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Nedskytinga i Nordfjella

NRK Sogn og Fjordane har i 2017 følgt tett den store og viktige saka om nedskytinga av reinstammen i Nordfjella, etter at det vart bestemt at 2000 villrein må døy, fordi den dødelege dyresjukdommen skrantesjuka (CWD) vart påvist på villrein i Nordfjella.

Denne saka er krevjande å dekke sidan jakta går føre seg langt inne i fjellheimen i grenseområda mellom Sogn og Fjordane, Buskerud og Hordaland.

Dokumentaren om skrantesjuka

SKYT HJORTEN: 2000 villrein må døy fordi det vart påvist skrantesjuke på fleire villreinar i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Styremaktene bestemte at alle dyra skal ryddast ut for å hindre at den smittsame sjukdommen spreier seg. Men avgjerda vekker sterk motstand, og i samarbeid med NRK Buskerud har vi prioritert å følgje denne saka tett for nett, radio og TV med fleire innslag på NRK Dagsrevyen.

Våren 2018 vert ein 54 minuttar lang dokumentar om skrantesjuka og nedskytinga i Nordfjella vist på NRK1, laga av NRK Sogn og Fjordane.

Der følgjer vi mellom andre lokale jegerar under det som truleg blir den siste villreinjakta på mange år, og statlege jegerar som har fått den krevjande jobben med å rydde ut villreinstammen i løpet av vinteren.

Fleirkulturelle i redaksjonen

Adam og Ahmad Dean ved Huldefossen i Førde

LÆRINGSMILJØ: Brørne Ahmad og Adam Dean spelte inn ein ny nynorskfilm med Huldefossen i Førde som bakgrunn.

Foto: Steinar Lote / NRK

NRK er ikkje flinke nok til å spegle befolkninga, og ambisjonen er at ein av tre nyrekrutterte skal ha fleirkulturell kompetanse. NRK Sogn og Fjordane har heilt klart ein veg å gå for å rekruttere fleirkulturelle til faste stillingar, men vi har hatt gode erfaringar med å tilby praksisplass.

23 år gamle Ahmad Dean frå Syria kom som eit friskt pust inn i redaksjonen. Eit ungt fototalent med eit godt språkøyre og stort kontaktnett i det syriske miljøet i Sunnfjord.

Ahmad og to brør kom til Norge for tre år sidan. Ahmad hadde studert fransk i Aleppo, broren hadde undervist i engelsk, så dei lærte seg nynorsk på rekordtid. Fritida brukte dei på å lage videoar til andre arabisktalande som ville lære seg nynorsk og forstå det norske samfunnet. (ekstern lenke)

Dei språkmektige brørne vart lagde merke til. Ahmad fekk språkpraksis i NRK Sogn og Fjordane medan han var i det toårige introduksjonsprogrammet. Han hadde større utbytte av å vere i arbeid enn å sitje på skulebenken og lærte seg raskt både redigering og godt fotoarbeid. Og han var for NRK Sogn og Fjordane ein døropnar til nye miljø.

Hausten og vinteren 2017 hadde Pakwipa Rattananed frå Thailand språkpraksis i NRK. Ho har vore oppteken av formidle historier frå miljø ho kjenner godt.

Mangfald i sendingane våre

Paola frå Burundi

KLART EG KAN: Paola frå Burundi som skal lære seg stisykling.

Foto: NRK

NRK Super-redaksjonen har hatt som eitt av måla sine å løfte fram fleire fleirkulturelle born. Redaksjonen har vore på flyktningkafe, besøkt familiar med fleirkulturell bakgrunn og hatt kontakt med asylmottak og skular. I den nye serien «Bli med heim» og i den sjuande sesongen av «Klart eg kan» er det born frå Eritrea, Burundi, Nederland, Thailand, India og Norge. Målet er å spegle kvardagen til alle born, slik at dei skal kjenne seg att og oppleve at dei blir verdsett.

I den nye serie «Bli med heim» får sjåarane blant anna møte Benhur som kjem frå Eritrea og får sjå faren sin igjen etter sju år.

I den sjuande sesongen av «Klart eg kan» har vi følgt Paola frå Burundi som skal lære seg stisykling.

Bli med heim – ny modig satsing

I 2017 vart det utvikla og laga ein heilt ny barnedokumentarserie ved NRK Sogn og Fjordane.

Serien heiter Bli med heim og handlar om born sin oppvekst i ulike familiar.

Målet med serien er å vise mangfald og auke born og familiar sitt vidsyn og toleranse for mangfald. Sjølv om mykje er ulikt, er også mykje likt. Målgruppa er 6-7-åringen, men serien høver for heile familien.

I den første sesongen møter vi ni born frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Peter Olai sine foreldre bur ikkje i lag, så han bur ei veke hjå mamma og ei hjå pappa. Anna veks opp med to mødrer, medan Benhur får møte faren sin att etter at dei har vore sju år frå kvarandre. Mille har seks søsken og stor familie, medan hjå Max må dei leve utan pappa som nettopp har døydd av kreft. Leah veks opp i ein sirkusfamilie, Theptida vart adoptert frå Thailand og startar eit nytt liv i Måløy, medan Victoria veks opp med mamma som er blind, og familien til Tuva vil gjerne leve miljøvenleg å ta vare på jordkloden.

Norsk dokumentarserie.
Benhur har ikkje sett pappa sidan han var liten baby. Då flykta Benhur, storebror Berhane og mamma til Norge frå krigen i Eritrea. I sju år har dei venta på at pappa skulle komme til Norge og endeleg, no kjem han snart!

BLI MED HEIM: Benhur har ikkje sett pappa sidan han var liten baby. Då flykta Benhur, storebror Berhane og mamma til Noreg frå krigen i Eritrea. I sju år har dei venta på at pappa skulle komme til Noreg, og endeleg, no kjem han snart.

Facebook-meldingar om Bli med heim

LIKAR SERIEN: Her er nokre av kommentarane til episoden om Anna som har to mødrer.

Sjølv om serien er laga med born på Vestlandet, vil familiar over heile Noreg idenfisere seg med familiane i serien. Håpet er at serien også vil bli brukt i skulen og i samtalar med born.

«Bli med heim» har hatt jamt gode sjåartal i nettspelaren til NRK Super, og tilbakemeldingane har vore mange og positive. Mellom anna har folk teke kontakt med programskapar Eva Westvik for å rose serien. Ei mor skriv dette:

«Takk for det fine programmet om pappaen som var død, Eva. Det gjorde godt for guten min å sjå. Tenk, ein anna gut som har opplevd det same som eg, sa han med store auge.»

Også på Facebook har det strøymt inn fine tilbakemeldingar frå foreldre over heile landet som er glade for dei temaa som vert løfta fram i serien.

Vi arbeider no med å lage sesong 2 av «Bli med heim».

Thea i Klart eg kan

KLART EG KAN: Thea skal operere vekk mandlane, men ho gruar seg til operasjonen og er redd det vil gjere vondt.

Foto: NRK

Klart eg kan – ei sterk merkevare i eit stadig meir valbart univers

Sesong sju av «Klart eg kan» vart publisert på NRK Super hausten 2017. No finst det over 80 episodar om ungar som meistrar små og store utfordringar i kvardagen sin. «Klart eg kan» er ein av dei dokumentarseriane i NRK Super som har levd lengst, og tala viser at born brukar nettspelaren og ser både gamle og nye episodar året rundt, også når det ikkje vert vist episodar i Barne-tv.

Magnus på Galdhøpiggen

KLART EG KAN: Magnus går ofte på fjelltur og likar seg i naturen. No vil han prøve å gå opp på den høgste fjelltoppen i Noreg, Galdhøpiggen.

Foto: NRK

Det går føre seg eit stort skifte i sjåarvanane til born i Noreg. Færre og færre ser på lineært fjernsyn, som til dømes Barne-tv. Dei fleste av ungane brukar nettbrettet, mobilen eller pc-en for å sine favorittprogramma. Borna vil sjølve velje kva dei helst vil sjå.

I dette valbare universet er konkurransen hard. Det må jobbast systematisk og målretta for at ungane skal velje programma våre. Vi må tenkje på kva bilete som skal selje dei ulike episodane, og innhaldet og oppbygginga av programma er også avgjerande. Episodane må fengje frå første sekund.

Dette året har vi lukkast betre enn før med å bygge merkevare via sosiale medium. Målgruppa til «Klart eg kan» og «Bli med heim» er ikkje på Facebook, men foreldra er der.

Ein smakebit frå kvar episode er blitt publisert på Facebook. Mange av filmane er delte av NRK Sogn og Fjordane, NRK Super og NRK sine hovudfacebooksider. På denne måten får folk kjennskap til dei to seriane, og at historiene våre finst nettspelaren til NRK Super. Det kjem også mange tilbakemeldingar frå publikum via Facebook.

Dubbing av animasjonsfilmar

Maria Sægrov og Wilhelm Støylen

DUBBAR: Det er Maria Sægrov som har forteljarstemma i «Lappeteppet». Wilhelm Støylen har ansvaret for innspelinga.

Foto: NRK SOGN OG FJORDANE

Våren 2017 leverte NRK Sogn og Fjordane sin første dubba animasjonsfilm til NRK Super. «Lappeteppet» har 26 episodar, og det er Maria Sægrov frå Jølster som har forteljarstemma.

Wilhelm Støylen hadde ansvaret for å omsetja manuset og innspelinga av dubbinga. Serien har vorte send i Fantorangen på NRK Super, men best sjåartal har serien i NRK Super-spelaren.

Det er nytt for NRK Sogn og Fjordane å drive med dubbing på innkjøpte seriar. Dette var ei kjekk erfaring. Håpet er at det kan komme fleire slike oppdrag etter kvart, slik at det vert endå feire program på nynorsk som borna kan velje blant.

Nyheiter frå heile landet – til heile landet

Linn Skarstein

NYHEITSSJEF: Linn Sandberg Skarstein jobbar for Distriktsdivisjonen.

Foto: NRK

Distriktsdivisjonen i NRK har nyleg redefinert distriktsoppdraget for nyhende. Målet er å legge større vekt på at lokale saker skal vere interessante for heile Noreg.

Distriktskontora skal ha ein nasjonal ambisjon med journalistikken som blir laga og publisert landet rundt.

– Dette betyr at vi må jobbe hardt for å engasjere og nå ut til heile landet med innhaldet vårt. Ei sak frå Kirkenes skal også treffe publikum i Stavanger, seier nyheitssjef Linn Sandberg Skarstein i Distriktsdivisjonen i NRK.

– Vi skal løfte dei lokale historiene og dei viktige sakene frå regionane til eit større publikum. NRK har, og må ha, ei anna rolle enn lokalavisene. Å spegla heile landet i den nasjonale dekninga vår er ei viktig demokratisk oppgåve for NRK.