Politiet på Facebook
Foto: Anna Gytri / NRK

Når politiet er på Facebook

ÅRDAL (NRK): Det har blitt stadig viktigare for lovas lange arm å vere der «alle» andre er.

For ferskingen på lensmannskontoret i Årdal handlar synleg politi om meir enn fartskontrollar og ordensteneste i seine nattetimar. Han vil vere der «alle» er.

– Facebook er blitt eit verktøy i utstyrsbeltet vårt som vi kan bruke når det er nødvendig, forsvarleg og hensiktsmessig. Så må vi jo tenke oss om, akkurat som når vi skal bruke handjern, om det er hensiktsmessig, seier Petter Hagen (25), medan han rundar ein sving på fylkesveg 53 i Årdal.

Det regnar lett på frontruta på den uniformerte bilen der den køyrer med fjellet på eine sida og Årdalsvatnet på den andre.

– No skal vi ut å ha ein trafikkontroll. Då kan det hende at eg deler eit bilete på Facebook undervegs i kontrollen. Det viser at vi er ute, fortel den unge politimannen.

På ei rett strekke stoppar han bilen på ein rasteplass. Der, nesten midt mellom dei to tettstadene i Årdal, brukar Hagen og kollegaene ofte å stå. Han tek fram mobilen frå lomma, og med politibilen i forgrunnen og vegen i bakgrunnen knipsar han eit bilete.

Så klikkar han seg inn på Facebook, og på Årdal lensmannskontor si side byrjar han å skrive teksten til eit innlegg: «Vi har no ein trafikkontroll…».

– Slik kan eg til dømes gjere det. Kanskje skriv eg kvar kontrollen er, kanskje ikkje. Dei fleste gongene deler vi ingenting, seier han medan han peikar på skjermen.

Petter Hagen

PÅ NETT: Petter Hagen brukar mobiltelefonen og Facebook flittig i jobben som politimann. – Det viktigaste vi må hugse på er at kvar gong eg uttalar meg på sida, så er det som politimann, ikkje som privatperson, seier han.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vil møte folk der dei er

25-åringen frå Halden er blant ferskingane i det norske politiet, ein etat som jobbar døgnet rundt for å sikre alle som bur i Norge trygge rammer for liva sine. Politiet skal beskytte både folk og eigedomar, førebygge, avdekke og sette ein stoppar for kriminalitet og hjelpe folk som er i fare eller naud.

For Petter Hagen er dette meir enn store ord. Han har eit inderleg ønskje om å utgjere ein skilnad for folk gjennom jobben som politimann. Det betyr også å gjere seg tilgjengeleg for folk, der dei er.

For eitt år sidan kom han fersk frå Politihøgskolen til Årdal i Sogn. Berre månader etter tok han og ein nytilsett kollega initiativ til å opprette ei side for Årdal lensmannskontor på Facebook.

– Vi fekk klarsignal frå lensmannen og regionlensmannen, så då køyrde vi på. Vi tenkte at vi fekk prøve, og gjere det beste ut av det, seier Hagen.

Trur fleire torer å ta kontakt

Den unge politibetjenten hadde då allereie lagt merke til korleis andre i politiet hadde brukt Facebook med stor suksess. Ungdomspatruljane i Bergen og Asker og Bærum sine erfaringar med å bruke sosiale medium for å nå ut med viktige bodskap, spesielt til ungdom, var noko Hagen ville teste ut.

– Først og fremst oppretta vi sida for å nå ut til publikum med bodskap om aktuelle tema, ting vi held på med og kva vi fyller dagane med. Først og fremst vil vi nå ut til folk i Årdal, men også i Sogn generelt, forklarer han.

Og responsen let ikkje vente på seg. I løpet av kort tid hadde sida over 1000 følgjarar, og innlegga fekk både tommel opp og vart delt vidare. Hagen og kollegaene på lensmannskontoret opplevde raskt at dei fekk igjen for å gjere seg tilgjengelege på Facebook.

– Vi har fått fleire private meldingar i innboksen vår på sida som kan tyde på at folk har ein lågare terskel for å ta kontakt med oss her, seier Hagen og held fram:

– Meldingane kan gå på alt frå førespurnader om pass og opningstider til tips om stader vi burde ha trafikkontrollar eller personar som oppfører seg slik at folk reagerer.

Petter Hagen viser fram Årdal lesmannskontor si Facebook-side

EIN DEL AV KVARDAGEN: Petter Hagen har ingen problem med å forsvare bruken av Facebook. – Vi skal jobbe for å hjelpe publikum, og viss det betyr å vere der folk er, så er det først og fremst å møte dei i gata, men også der dei sit rundt middagsbordet og blar nedover på Facebook, seier han.

Foto: Anna Gytri / NRK

40 sider på Facebook

Politidirektoratet veit i dag lite om kor mykje ressursar som blir brukt av politiet i distrikta for å vere aktive på Facebook. Men med sida si på Facebook er Årdal blitt del av ein veksande trend i politiet.

Ei kartlegging direktoratet har gjort viser at politiet har rundt 40 sider totalt på Facebook. Blant dei største er sida til Utrykningspolitiet (UP) med sine 80.000 følgjarar og Kripos med over 20.000 følgjarar.

Også politiet nærast innbyggjarane, lensmannskontora, har fleire stader eigne Facebook-sider. Blant dei er Årdal, Bremanger, Voss og Røros.

– Det er mange fordelar ved å ha Facebook-sider lokalt. Dei som har det brukar det veldig ofte til informasjon og førebyggande politiverksemd og får ein veldig tett og god dialog med publikum, seier kommunikasjonsdirektør Margrete Halvorsen i Politidirektoratet (POD).

Vil bli eit likare politi på nett

Margrete Halvorsen

NY STRATEGI: Kommunikasjonsdirektør Margrete Halvorsen i Politidirektoratet seier det blir jobba med ein ny strategi for politiet sin bruk av sosiale medium.

Foto: Politidirektoratet

Politiet har hatt retningslinjer for bruk av sosiale medium sidan før 2009. Halvorsen ramsar opp omsynet til personvern, informasjonstryggleik, og det at det ikkje skal skje tradisjonell sakshandsaming på Facebook som nokre av dei viktigaste køyrereglane for politiet i sin bruk av sosiale medium.

Med mål om å bli eit likare politi på Facebook blir det no jobba med ein ny strategi.

– Når vi no skal sjå på korleis politiet skal vere på sosiale medium på nytt, så handlar det om kva vi skal oppnå med det. Kva mål vi skal ha og kva ambisjonar vi skal ha i forhold til kontakt med borgarane, seier Halvorsen.

Sjølv om det i dag ikkje er lagt føringar for kor mykje ressursar politiet kan bruke, reknar Halvorsen det som sjølvsagt at sidene blir følgde opp. Det er avgjerande at bruken er så aktiv at politiet unngår at sensitiv informasjon blir liggande synleg på sida eller at tips ikkje blir fanga opp.

– Det vi ser på no er korleis vi i endå større grad kan bli eit likare politi og tilby dei same tenestene også på sosiale medium i heile Norge. Og at vi kan vere eit nærpoliti også på nett, for å drive kriminalitetsførebyggande arbeid, seier Halvorsen.

– Viktig kanal for politiet

Alf Tore Meling

SYNLEG POLITI: I 2016 handlar dette om mykje meir enn politifolk på ordensteneste og trafikkontrollar, meiner Alf Tore Meling.

Alf Tore Meling er ekspert på sosiale medium i offentleg sektor. Over fleire år har han overvaka og analysert korleis politiet har teke i bruk sosiale medium.

Han er ikkje i tvil om at politiet gjer rett i å vere aktive på til dømes Facebook. Meling meiner synleg politi i 2016 også handlar om å vere til stades nettopp på slike møteplassar.

– Politiet har forskjellige oppgåver. Dei skal beskytte oss, arrestere dei som må arresterast og legge opp saker for rettssystemet.

– Men det som er viktigast for politiet er faktisk å ha god kontakt med innbyggjarane og arbeide førebyggande, slik at vi unngår kriminalitet. At politiet har fått ein kanal der dei kan vere i direkte kontakt med folk er kjempeviktig, seier Meling.

Bør sette seg mål

Han har generelt eit godt inntrykk av måten politiet brukar Facebook på.

– Det som er veldig viktig for politiet er at dei må opplevast som profesjonelle. Dei kan vere både morosame og saklege, men det må vere i ei ramme som blir oppfatta som profesjonell.

– Korleis kan dei måle suksessen ved å vere på Facebook?

– Det som er viktig er å ha eit høgt nok tal med følgjarar av sida. Det blir som at ei avis har eit opplag, utan opplag har det ingen hensikt. Facebook har veldig gode statistikkverktøy, så dei kan sjå om dei når ut til aldersgruppene dei vil, dei kan sjå på kjønn eller kvar følgjarane bur.

– Det er også viktig å sette seg nokre mål som ein følgjer opp, utan det blir ikkje bruken profesjonell, seier Meling.

Forsvarar ressursbruken

Men kva så med ressursane og tida som blir brukt? Mange vil nok stille spørsmålet om ikkje politiet i Norge har viktigare ting å bruke tida si på enn å sitte på Facebook?

Meling meiner den unike moglegheita for direktekontakt med innbyggjarane er svar godt nok, og trur mange fort gløymer at politiet sitt arbeid handlar om fleire ting.

– Vi kan ikkje gløyme at ein viktig del av politiet sitt arbeid handlar om å førebygge, om å vere i kontakt med innbyggjarane og unngå kriminalitet. Det handlar om å byggje opp god kontakt og eit tillitsforhold, først og fremst til dei unge, men også dei som er litt eldre, seier han.

Bjørn Inge Aarsand

HAR LØYST SAKER: Bjørn Inge Aarsand ved Voss lensmannskontor seier dei har hatt god hjelp av informasjon dei har fått via Facebook i fleire saker.

Foto: Ingerid Jordal, Hordaland

Har løyst fleire saker

Politiet på Voss er blant dei mest røynde i politiet i bruken av Facebook. Sidan februar 2010 har lensmannskontoret brukt sida si som ei oppslagstavle for å spreie informasjon til innbyggjarane om alt frå problem på vegane til endringar i forskjellig lovverk.

– I tillegg har vi brukt Facebook i samband med politietterforsking, gjerne i samband med vinningskriminalitet for å etterlyse observasjonar og få inn tips, seier politiførstebetent Bjørn Inge Aarsand.

Sida har også blitt brukt i samband med leiteaksjonar, både for å informere innbyggjarane om kva som står på, men også for konkrete etterlysingar av sakna personar.

– Har informasjon de har fått gjennom Facebook gjort til at de har løyst saker?

– Eg vil ikkje gå i detalj om det, men eg kan stadfeste at kontoret har løyst fleire saker grunna vår bruk av Facebook, seier Aarsand og trekkjer fram kor enkelt det er for folk å kome i kontakt med politiet via Facebook.

– Verdien er stor

I løpet av dei seks åra politiet på Voss har brukt Facebook har det vore nokre få tilfelle der folk har kome med ufine innlegg og kommentarar på sida. Elles er erfaringane udelt positive.

– Men har ikkje politiet betre ting å bruke tid på? Burde de ikkje brukt tida på å løyse kriminalsaker eller hatt trafikkontrollar?

– Vår erfaring er at den tida vi brukar på å følgje opp Facebook er forsvinnande liten i forhold til det vi elles brukar tid på. Effekten og verdien av det er så stor at eg ikkje ser noko gale i å bruke verken tid eller ressursar på det, seier Aarsand.

Petter Hagen tek bilete av politibilen med mobilen

KONTROLL: Årdal lensmannskontor er ein del av vaktdistriktet med Lærdal og Aurland. Når Petter Hagen knipsar eit bilete av ein kontrollstad kan det vere kvar som helst i desse tre kommunane. Ofte prøver han å ta bilete som ikkje gjer det så synleg kvar dei står.

Foto: Anna Gytri / NRK

Tenker seg alltid godt om

På kontoret i Årdal klikkar Petter Hagen seg lett rundt på sida til Årdal lensmannskontor. Innlegg med lenker til nyheitssaker, bilete frå kontrollar eller arrangement som politiet har vore til stades på ligg på rad og rekke nedover.

Fleire av dei er underskrivne med «Petter».

– I starten hadde vi som mål at vi alltid skulle vere to når vi delte noko. Men det har sklidd litt ut då vi fort sit her åleine og vil dele noko, då må vi vere litt kritiske til oss sjølve, seier Hagen.

– Det du skriv under med berre Petter, er det ein bevisst tanke bak det?

– Det med å skrive under med politibetjent Petter og etternamn og heile pakka, det har eg ikkje hatt nokon tankar om. Petter er det som har vore naturleg for meg. Men så må eg sensurere meg sjølv litt meir enn viss eg skriv under med «lensmannskontoret».

Ni månader etter oppstarten har sida no nesten 1300 følgjarar. Dei fleste er frå Årdal kommune, og det er nesten like mange menn som kvinner som følgjer sida. Ut frå informasjonen Facebook har er dei fleste følgjarane i alderen 25–55 år.

– Er dette blitt slik de hadde tenkt?

– Vi hadde ikkje så mange tankar om det, vi ville berre prøve oss fram og sjå om vi kunne nå ut til folk, og det føler eg at vi gjer, seier Hagen.

Årdal lensmannskontor sine følgjarar på Facebook

MENN OG KVINNER: Facebook har tal og statistikkar for det meste. For Årdal lensmannskontor si side viser statistikken at det er i aldersgruppa 24–55 det er flest følgjarar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Får kjensla av at han bryr seg om oss

Hanne Øren

BERRE POSITIVT: Hanne Øren er ein av dei nær 1300 følgjarane til Årdal lensmannskontor. – Det verkar som dei får mange likes på ting dei legg ut, så eg trur det fell i smak hos folk, seier ho.

Foto: Anna Gytri / NRK

På gata på Årdalstangen møter vi ei av dei som lenge har følgd Årdal lensmannskontor på Facebook. Tvillingmamma Hanne Øren (32) har aldri tenkt tanken på at dei burde brukt tida si på andre ting.

– Dei sakene dei deler, det er jo meint for det beste for veldig mange. Dette er ein måte å kommunisere på, og den energien dei brukar på Facebook, det er meint godt, seier ho.

Småbarnsmora seier mange av hennar jamgamle både likar sida, innlegg som blir lagt ut og at ho ofte ser politiet sine innlegg delt av andre innbyggjarar.

Ho har også merka seg at ein av politibetjentane, Petter Hagen, ofte skriv under med berre førenamnet sitt.

– No er vi eit lite lokalsamfunn, der alle kjenner alle. Eller vi gjer jo ikkje det, men sjølv om eg ikkje kjenner Petter av person, så blir det litt meir personleg. Eg tenkjer at han skriv til oss her i Årdal når han skriv slik, og ein får kjensla av at han verkeleg bryr seg om oss som bur her, seier Øren.

Meiner sida har blitt ein suksess

Politibetjent Petter Hagen seier han og kollegaene stadig diskuterer bruken av Facebook. For han er det ikkje noko bastante svar på kva som er feil eller rett i måten dei gjer det på.

– Viss du skal måle suksessen til sida dykkar, kva ser de på då?

– Viss vi kan få ei melding frå nokon som vanlegvis ikkje ville ha teke kontakt med oss, så er det suksess i seg sjølv.

– Og de har de fått?

– Ja, i aller høgste grad.

Hanne Øren ser på politiet i Årdal si Facebook-side

VER VENNER: Då Pokemon GO i sommar fekk barn og unge til å vandre gatelangs til alle døgnets tider la Årdal lensmannskontor ut ei lita melding. Hanne Øren meiner politiet snakkar til ungdomen på ein god måte.

Foto: Anna Gytri / NRK