Aud preparer te
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Matfatet er nærare enn du trur

Når var sist gong du smakte på skvallerkål?

Aud Slettehaug vassar gjennom gras og lyng. Flittig plukkar ho blad og bær frå busker og kratt omkring seg.

På få minutt har ho samla saman bringebærblad, bjørkeblad og bjørnebær til ein heimelaga te. Alt berre eit steinkast frå trappa si, heime på garden i Naustdal i Sogn og Fjordane.

– Vi bur så nært og tett på skogen og naturen i Noreg, så uansett kvar du er i landet har du ein skog veldig nær deg, der du kan lære deg dine plassar, og finne bæra og vekstane du interesserer deg for, seier Slettehaug.

Aud Slettehaug med rogn

TØR Å SMAK: Aud Slettehaug meiner det viktigaste for å kome i gang med sanking er å tore å smake.

Foto: Vilde Gjerde Lied / NRK

Sanking og samhald

Slettehaug er bonde og ekspert på lokal mat. Store delar av maten ho et kjem frå naturen rundt ho. Livsstilen hennar kan verke framand for mange, men for berre nokre tiår sidan var dette standarden.

På blåbærtur var heile familien med. Bestemor vart plassert på ein stubbe bort i høgget. Det var ho som visste kvar dei beste plassane var. Barna sprang rundt og plukka bær på strå, med blå lepper som avslørte kva dei eigentleg gjorde. Dei eldre sytte for at bøtter og spann vart fylt opp til bruk resten av året. Det tok si tid, men var verdt det. For når den første frostnatta kom var det slutt.

Dette var den udefinerte «før i tida». Då foreldra drog med heile familien på blåbærskauen i helgene. Når tok dette slutt? Ved dagens generasjon, eller den før, eller tidlegare? Vi kan nok alle kjenne oss att i denne skildringa. Ein ting er likevel sikkert, noko har endra seg.

Familie på blåbærtur i 1970

Journalisten har henta fram gamle bilete frå familiealbumet.

Familie på bærtur på Hareidlandet
Familie på bærtur på Hareid
Familie med fulle blåbærspann

Ein tradisjon på hell

– Vi skal ikkje så langt tilbake i tid før vi vaks opp i eit sjølvbergingslandbruk. Då alle var på skogen og plukka bær. Det å bruke naturen har ikkje berre vore ein tradisjon, men ein kultur, seier Arne Brimi.

Arne Brimi lager mat ute

Arne Brimi er opptatt av å bruke lokale ressursar.

Foto: brimiland.no

Han er for mange kjend for å for å lage mat ute. Alltid med lokale og ville vekstar. For han er det sjølvsagt å nytte seg av ressursane i nærnaturen. Det var dette han vaks opp med.

Mange har foreldre eller besteforeldre som vaks opp i naturalhushald, der ein skaffa seg det aller meste sjølv. Ein hadde verken råd eller behov for å kjøpe så mykje. Folk kunne lage det meste sjølv, og vidareførte denne kunnskapen fordi dei måtte.

– Eg trur denne kunnskapen framleis ligg latent i oss. Det handlar berre om å hente han fram att, seier Brimi.

Framveksten av eit moderne samfunn

Det skjedde noko utover 80-talet. Samfunnet endra seg. Eit meir modernisert samfunn betydde større utval, billigare varer og større kjøpekraft. Brimi meiner dette har ført til at vi har mista eigeninnsatsen i kosthaldet vårt.

– Heile samfunnet er i ferd med å endre seg. Kanskje i ei retning som vi ikkje synest er så fin. Der vi fjernar oss frå det som er naturleg og skal kjøpe alt på ein butikk. Slik er det. Ein lærer denne kunnskapen som barn, men så blir han kanskje borte når vi blir eldre. Du kan ikkje google deg fram til eit spann med blåbær, du må plukke det sjølv, seier Brimi.

Brimi fryktar kunnskapen er i ferd med å forsvinne. For han handlar det å hauste frå naturen om meir enn god mat. Det handlar om økologi og berekraft, men også om god helse og det å gjere ein innsats for kosthaldet sitt.

– Haustar du frå naturen sjølv, veit du akkurat kvar det kjem ifrå og kor bra bæra har hatt det. Slike ting har kvalitet. Det er berekraftig å gå i skogen og plukke bær, for så å gå heim att og ete dei opp, seier han.

Naturen blir stadig fjernare for oss, samtidig som han ligg like ved. Det er ikkje lenger gitt at du kan å fiske frå elva og fjorden du bur ved, hauste taren og skjella i fjæra, eller jakte på dyra i skogen eller fuglane på fjella du går.

– Kunnskapen vi har rundt oss er heilt avgjerande for at vi skal ha gode bygder og gode samfunn i det heile tatt, i både bygd og by. Dei som bur slik til at dei framleis har ein god kunnskap og tradisjon rundt seg, må både ta vare på han og bruke han til å inspirere andre, fastslår Brimi.

Regnskyene heng tungt over Naustdal, men dette er ingen hindring for Aud Slettehaug. Faktisk er dette vêret ypperleg for sanking. Det held blada grøne og friske.

Aud Slettehaug

Skogens snop

I skogen har ho fått auge på noko. Forbi synsvidda vår strekker ho varsamt handa si tett inntil ein furustubbe. Ho trekk fram ein bukett med symre eller såkalla surblad. Som ein liten kropp med sterk stemme, gir symra eit sterkt avtrykk på tunga.

Nærbilete av symre

– Vi gløymer å smake på naturen rundt oss. Omtrent alt er etande. Men du skal vite litt om kva du puttar i deg da. Nokre blomar og nokre vekstar du må styre unna.

Aud smaker på symre

– Det å ha nokre slike gullaugneblink med utsikt og fuglekvitter, med smaken av skogen i tillegg. Det kan stort sett ikkje bli betre.  

Aud Slettehaug et ostesmørbrød

Like lett å sanke som å gå i butikken

Som eldst i søskenflokken var det naturleg at Aud Slettehaug vart med tanta ut og sanka bær og andre vekstar då ho var barn. Det var slik ho lærte om det store matfatet vi alle har rundt oss. No gjer ho det same med ungane sine. Dei har stor glede i å gå på tur i skogen, og å kome over bær og blad.

– Kunnskapen om å ete bladvekstar og å ta vare på dei til vintermånadane kan vi godt ta fram att. Eg trur det er mange som byrjar å sjå det, og interesserer seg for å hauste sjølv, seier Slettehaug.

Ein ser ikkje like mange barn ute på bærplukk i dag, og mange lærer at ein ikkje skal ete noko ein ikkje veit kva er. For Slettehaug har det vore viktig å lære dei rundt seg det motsette.

– Det å ikkje tore å smake, eller ikkje tore å tenke at dette kan brukast, er kanskje den største bøygen til å kome i gang. Det er viktig at ein kjem i gang med noko ein liker sjølv. Det som motiverer meg mest er at det er sunt for ungane mine å ete, det er sunt for meg, det er bra for naturen og vi brukar det vi har rundt oss, seier Slettehaug.

For Slettehaug er det like lett å finne mat i naturen, som det er å gå på butikken. Ho ønsker å vise at dette gjeld for oss alle.

Brennesle til bruk heile året

Brennesle tørkar i romtemperatur, så lenge ikkje luftfuktigheita er for høg.

– Eg brukar brennesle til absolutt alt eg lagar, om det er pizza eller lasagne.

Brennesle

Groblad er ein gjengangar i mange hagar. Plukkar du blomen og steiker han i panna, vil du merke at det smakar det same som steinsopp.

Aud smakar på groblad

I vårt moderne samfunn er vi vant med å kjøpe alt på butikken. Samtidig finn ein det meste ein treng til kjøkkenet i hagen, i skogen, i fjæra og på fjellet. Slettehaug kjøper ikkje salat på butikken lenger. Den kan ein plukke heile året. Alt som skal til er litt kunnskap og eigeninnsats.

– Du har det i hagen din, men du må vite kva brennesle og kva skvallerkål er for noko. Ta med deg ugraset inn att på kjøkkenet når du lukar i hagen. Du vil aldri trenge å kjøpe rucola igjen, avsluttar Slettehaug.