Lars Bjørbæk
Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Lidenskapeleg berrføtt

FØRDE (NRK): Lars Bjørbæk (33) ofrar føtene sine for kreftsaka.

Natt til 27. august 2016: Lars Bjørbæk har lagt ut på ein 61 kilometer lang løpetur. Gjennom regn og mørke skal han legge bak seg kilometer etter kilometer før han skal konkurrere om å komme fortast opp på ein av fjelltoppane i Førde. 33-åringen frå Florø ofrar meir enn gjerne både nattesøvn og fotsolar for å setje fokus på kreftsaka.

Regndropane ligg som eit tynt slør i lufta over Hafstadfjellet, og tjukk skodde hindrar utsikta mot Førde. Trass kulda er fjelltoppen full av unge og gamle i treningstøy som har kjempa seg opp dei bratte motbakkane.

Mange av dei har samla seg langs innspurtfeltet, der dei raskaste konkurransedeltakarane allereie har komme i mål. No ventar dei på resten.

Ut av tåka kjem ein smal mann i godt driv, med opptrekte skuldrer og flate sandalar på føtene. Publikum heiar han over målstreken, kor han knekk saman på midten og hiv etter pusten.

– Eg klarte det! På under 40 minutt, jublar mannen med namnet Lars Bjørbæk.

Lars Bjørbæk

SPRING FOR KREFTSAKA: Faren til Lars Bjørbæk døydde av kreft. No håpar han å samle inn pengar til kreftsaka.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Det skal nesten ikkje gå an

Etter å ha komme i mål vel tretten minutt etter vinnaren, er mannen i sandalar kjapt på veg ned igjen dei bratte bakkane.

– Det at du sprang så bra etter å ha sprunge heilt frå Florø ... Det er heilt fantastisk. Det skal jo nesten ikkje gå an, seier ein forbipasserande.

Det er kanskje ikkje så rart at Bjørbæk blir møtt med slike reaksjonar. Han brukte nemleg natta på å komme seg frå Florø til Førde. Til fots. Store delar av turen var han berrføtt.

– Eg starta ti over tre i natt, og brukte litt over seks timar på turen til Førde. Det var mørkt og veldig mykje regn, seier han.

Ikkje ei skramme på føtene

Merkeleg nok viser ikkje føtene hans teikn til å ha vore på langtur utan vern for verken asfalt, stein eller det sure og kalde ruskevêret.

– Føtene mine har naturleg nok fått tjukk sole. Før fekk eg ein del sår, men no er føtene herda og eg fått betre teknikk. Då unngår ein det, seier han.

– Kvifor sprang du likevel delar av løypa med sandalar?

– Det er på grunn av at det var vått og at det kan bli glatt. Dessutan er det rullesteinar i løypa opp til Hafstad-fjellet, som ein kan skli på, svarar han.

Lars Bjørbæk

KNARVIKMILA I 2012: Her er Lars Bjørbæk midt på Nordhordlandsbrua på E39. Bjørbæk fullførte den gong 21 kilometer berrføtt og kom heilt i toppen av resultatlista.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Spring for kreftsaka

To små ungar spring forbi Bjørbæk oppover den bratte stien, og han påpeikar imponert farten dei held. Sjølv tek han det roleg no.

Den nattlege turen baud, forutan ein påkøyrt fugl og synet av ein hjort, ikkje på så mange ekstraordinære opplevingar. Spenning var heller ikkje det som dreiv han til å leggje ut på den spesielle ferda.

Då Bjørbæk gjekk i andre klasse mista han faren sin i kreft. Faren var lege, han spelte handball på eit høgt nivå, og ein periode trente han Florø sin handballklubb.

– Det hjelpte ikkje at han var lege ... Han fekk kreft likevel. Han sprang mykje, og fekk meg interessert i idrett. Det var han som gjorde at eg byrja på handball. Vi hadde eit veldig godt forhold, seier han.

Turen frå Florø til Førde har han brukt som ein måte å få folk til å donere pengar til Kreftforeininga på. Forutan det å snakke med folk, har han brukt lokalavisa og sosiale media for å nå ut til folk med prosjektet sitt.

Sist gong han sjekka, hadde han fått inn 3000 kroner, men håpet og målet er å få inn meir.

– Eg samlar inn pengar fyrst og fremst fordi det er ei god sak, og fordi eg ynskjer at forskarane skal finne nye måtar å bli kvitt enkle typar kreft på. Men også på grunn av min eigen far, seier han.

Førde Opp 2016

FØRDE OPP: I samband med motbakkeløpet Førde Opp var det mange som hadde teke turen opp til Hafstadfjellet. Lars Bjørbæk hadde sprunge 61 kilometer på asfalt før han kjempa seg opp den bratte fjellsida.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Kjenner glede av å springe

Bjørbæk kjenner det i låra når han går nedover det steile fjellet. Han er stiv og støl etter den harde påkjenninga og har ikkje ete noko sidan han la ut på tur. Likevel er han oppstemt, og svært fornøgd med resultatet sitt.

– Kva er dette her for noko? Her spring du frå Florø til Førde, og så får du ein tjuekronar med klistremerke på, spør ein annan forbipasserande spøkefullt, og viser til medaljen alle deltakarane får ved målstreken.

For Bjørbæk sin del kan det verke som om det å springe gir nok løn i seg sjølv. Florøværingen viser eit stort engasjement for alle sider av det å bruke beina og korleis det påverkar kroppen.

– Det er meir naturleg

Interessera vart tent etter at han hadde prøvd seg både som handball- og fotballspelar, utan at han syntest han blei god nok.

– Eg tenkte at eg måtte bli i betre form, og byrja derfor å springe fem kilometer og etter kvart ti. Eg var ikkje så rask, så eg fann ut at eg ville auke distansen.

Han meiner at springing utan sko reduserer risikoen for skade, og har lagt bak seg mange mil og delteke i mange løp på denne måten.

– Det er meir naturleg. Før i tida sprang ein i det ein hadde, ein hadde ikkje råd til skikkelege sko. Og ein hadde ikkje demping. Likevel hadde dei færre skader og betre tid, seier han og ler.

Spring nesten heile tida

Vel nede igjen frå fjellet ventar sambuaren Grethe Kristin Sunde og dottera hennar, Emely Helen Nordås. Ut frå ei barnevogn kikkar den vesle guten som Bjørbæk og Sunde fekk for sju månader sidan.

Sunde fortel at ho respekterer hobbyen hans, sjølv om ho til tider ser lite til han. Når han ikkje er på jobb som butikkmedarbeidar i ein daglegvarebutikk, trenar han nemleg mykje.

– Han trenar nesten fire timar om dagen, og kjem gjerne heim i sekstida på kvelden. Men han er flink til å stille opp likevel, seier ho.

Skodda over Førde har letta ein del, musikken frå scena ved rådhuset fyller byrommet og resten av dagen ligg føre dei. Bjørbæk har fleire gongar ymta om at han både er svolten og kunne tenke seg ein dusj.

– Du skal vel ha ein betre middag i dag, seier sambuaren.

Dottera hennar føreslår raskt pizza.

– Pizza? Nei, i dag fortener han biff, konstaterer Sunde med eit smil.

Beina til Lars Bjørbæk

USKADDE: Ein skulle gjerne tru at føtene til Bjørbæk tok skade av å springe berrføtt og i sandalar mil eller mil. Men etter mange år med springing utan sko er føtene herda, fortel han.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK