Arne Haukås og søskenbarnet Ingvald
Foto: Privat

Krøplingen som vart storløpar

Alle trudde den vesle gutungen skulle bli krøpling. Han vart ein sensasjonsmann på ski.

– Alle sa at det ikkje var mogleg. Då bestemte eg meg for å klare det, seier Arne Haukås.

83-åringen er guten til venstre på biletet. No sit han ved eit stort bord på ein fjellgard i Sogn og blar i album. Gulna ark med utklipp og bilete frå aviser på 50-talet fortel ei historie om ukueleg ståpåvilje.

Haukås var ein av dei første vestlendingane som yppa seg mot dei store skistjernene. Han skapte sensasjonsoverskrifter og var nær ein plass i OL i 1956.

Det var det ingen som hadde trudd berre nokre år tidlegare, då sogningen som 11-åring vart sitjande lenka til ein stol i over to år. Med ein diagnose legane trudde var ulækjeleg.

Og der kunne historia ha slutta. Men denne karen var ikkje heilt som alle andre.

Garden Haukåsen i Sogn

HAUKÅSEN: Arne Haukås vaks opp på fjellgarden Haukåsen på Kaupanger i Sogn. Her hadde han vidsyn utover verda, og her fekk han ambisjonar om å bli skiløpar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Haukåsen, desember 1943. Lyden av glade ungar som leikar på ski skjer gjennom lufta på fjellgarden. Høgt oppe over Sognefjorden er det ein perfekt dag. Sola skin, og ungane på nabogardane er i vilter leik i den metertjukke snøen.

Inne, ved eit vindauge, sit Arne. Han får ikkje lov til å gå ut, og er heller ikkje i stand til å bevege seg stort. 11-åringen vart alvorleg sjuk i juni. Doktoren sa han måtte på sjukehus.

Sju sterke karar kom til gards og hjelpte til med å bere gutungen på båre langs den smale stien dei mange kilometrane gjennom skogen og ned fjellsida til Kaupanger. Der vart han frakta vidare med båt til sjukehus i Lærdal.

Ein kirurg opna beinet og skrapa ut betennelse og verk. Først i september fekk han første gongen komme heim att til mamma og pappa.

Men det var ikkje nok. Dei neste to og eit halvt åra er Arne inn og ut av sjukehus. Noko verre kunne knapt ha skjedd den aktive og skiglade guten.

No kan han berre sende lengtande blikk ut på kameratane der ute i snøen.

Arne Haukås får sjå att skia sine

GAMMALT UTSTYR: Jomar Haukås (t.h.) hentar fram skiparet faren Arne vann mest premiar med på 50-talet. Med dei gamle treskia gjekk han både det populære Monolittrennet og den legendariske femmila i Holmenkollen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Klart det ikkje var noko stas å ikkje kunne delta saman med dei andre ungane, seier Arne Haukås og kikkar bort på sonen.

Den aldrande arbeidsmauren er sparsam med orda. Det er ikkje alle minna han vil rippe for mykje opp i. Men sonen Jomar legg ikkje skjul på at sjukdomen gav faren ein unødig tøff oppvekst.

Av fleire grunnar. For på 40-talet var ikkje eit barn berre eit barn. Ein skulle gjere nytte for seg så tidleg som råd. Det var tungt for foreldra, og dei snakka seg i mellom om kor vanskeleg det var. Det var ikkje meininga at sonen skulle høyre det, men det er slikt skarpe barneøyre fangar opp.

– Det er sårt å høyre at pappa trudde at foreldra synest dei hadde fått ein ubrukeleg krøpling til son, seier Jomar Haukås.

Her ligg gutane i snøen

GLADE DAGAR: Arne Haukås (t.v.) saman med naboungar på Haukåsen. Leik med ski var det største i livet for den unge Arne.

Foto: Privat

Arne vart svært dårleg i dag tidleg. Var oppe i 41,5 grader feber! Stoda hans var kritisk. Han skifte fargar i andletet. Det verkjer i foten hans når vi byter klut

Broren Trygve Haukås i dagboka si

11 år gamle Arne Haukås hadde fått beinmargsbetennelse. Også i dag er dette ein alvorleg tilstand, og folk som får sjukdomen må behandlast på sjukehus. På 1940-talet kjempa Haukås i over to år for å bli kvitt sjukdomen. Ein sjukdom legane visste lite om, og som mange meinte var ulækjeleg.

– Det gjekk så langt at dei skulle til å amputere, og kirurgen stod så godt som klar med saga. Men så bestemte dei seg for å prøve ein «hestekur», og den tok til slutt knekken på betennelsen, fortel Jomar Haukås.

Arne Haukås med kompisane

AKTIVE: Ungane var mykje ute på ski. Det la grunnlaget for skikarrieren til Arne Haukås.

Foto: Privat

I mellomtida kunne gutungen gjere lite anna enn å lese bøker. Og lese gjorde han. Han slukte alt han kom over av litteratur om gamle idrettsheltar. Let seg inspirere av prestasjonane til karar som Sigmund og Birger Ruud. Og fekk eit brennande ønske om at også han skulle bli god på ski.

Eg var heilt borte frå skulen i over to år. Då dei ville ha meg til å byrje att då eg var frisk, ville eg ikkje. Eg er vel Norges minst utdanna person.

Arne Haukås

Der alle andre såg avgrensingar, såg Arne framleis moglegheiter. For om kroppen var svak, var viljen sterk.

Då han endeleg vart frisk, starta han så smått å jobbe som tømmerhoggar i skogen. Det tunge kroppsarbeidet var ideelt for ein som ville bli skiløpar.

Men også her var sjukdomen ein tung ballast. I eit yrke der dei jobba på akkord gjaldt det å vere sterkast og raskast. Det vart eit klart minus å vere ribba for musklar etter over to år stillesitjande i ein stol.

Men Arne visste råd.

Diplom etter 30-kilometer i NM

MANGE DIPLOM: Her er eitt av mange diplom frå skikarrieren til Arne Haukås.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Når karane var ferdige med arbeidet om kvelden, strekte han seg litt lenger enn dei andre og kveste øks og sag slik at verktøyet hans var det beste til dagen etter. Han vart straks ein arbeidar alle ville ha på laget – trass dårleg fysikk. For i skogen er det ikkje hjelp i å vere sterkast så lenge utstyret ditt ikkje er godt, humrar Jomar.

Drammen, 16. februar 1956. Snøfallet på natta har gjort løypene ved Marienlyst gamle gressbane tunge og utfordrande. Gradestokken viser ned mot ti minus, og alt taler for at det vil lønne seg å ha eit høgt startnummer på tremila i årets NM.

Likevel er ein totalt ukjent og tidleg startande skiløpar frå Vestlandet så «frekk» at han legg alle dei norske langrennsheltane bak seg ut frå start. Storløparen Hallgeir Brenden ligg heile 45 sekund bak Arne Haukås etter sju kilometer.

Aftenposten slår sensasjonen stort opp i den første utgåva under rennet. 23-åringen får det tøffare etter kvart, og kjempar seg inn til ein sjuandeplass. Også dét ein skrell i NM-samanheng. Haukås blir intervjua på radio av Rolf Kirkvaag. Han får snakke med Kronprins Olav.

Frå no av blir den offensive skiløparen gjerne omtalt som sensasjonsmann i dei store avisene. Ein vestlending i norgestoppen er ikkje kvardagskost.

Avisene etter tremilssensasjonen
Foto: Rune Fossum / NRK

– Ingen visste kven eg var, og så gjekk eg bort og danka ut nokre av dei beste, så det er klart det var ein sensasjon. Men eg var flink til å gå motbakke, og eg var godt trent, seier Haukås.

– Det kanskje kjekkaste var å bli akseptert blant dei store løparane på Austlandet, legg han til.

I åra frå 1954 til 1957 deltok mannen, som alle trudde skulle bli krøpling, på ei rekkje distansar i NM, der ein fjerdeplass på 15-kilometeren i Mo i Rana i 1957 vart beste resultat. Han var den store langrennsløparen frå Sogn, og nådde lenger i nasjonal samanheng enn nokon annan frå Sogn og Fjordane før Per Knut Aaland dukka opp på 1970-talet.

Men slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Haukås var langt forut for si tid med systematisk trening på høgt nivå.

– Sjå her, seier Jomar Haukås.

Arne Haukås kikkar på pokalane frå 50-talet

POKALAR: Arne Haukås tok åtte sognemeisterskap, sju pokalar i Holmenkollen og gjorde det godt i norgesmeisterskap og Monolittrennet. Her er han saman med litt av premiesamlinga frå 1950-talet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han blar opp i faren si treningsdagbok frå 1955. Treningsmengdene er store etter dåtida sin målestokk. Han var mellom dei første til å ta i bruk intervalltrening. Haukås trente i periodar seks dagar i veka, og det hende han hadde to økter for dagen.

Intensiteten var gjerne høg. Hardt arbeid i skogen gjorde nytta som grunnlag.

Ein dag i juli same året la Arne ut på ein langtur frå heimen på Haukåsen. Det enda med ein tur på 60 kilometer – eller 15 timars trening. Denne sommaren trenar han 115 timar.

– Eg trente etter at eg var ferdig på arbeid. Ingen aksepterte å skofte arbeid for å trene på denne tida, fortel Haukås.

Prinsippet var å ikkje skofte ei einaste treningsøkt – om vêret var aldri så ufyseleg. Han kasta seg gjerne langflat i den første søledammen.

– Då kunne det iallfall ikkje bli verre, ler han.

Arne Haukås under NM i 1958

STORMAR FRAM: Arne Haukås vart kjend for å ikkje skrubbe ut frå start. Ofte heldt han eit enormt tempo, men fekk det tøffare mot slutten. Her er sogningen i fint driv under NM i 1958.

Foto: P. A. Røstad, Grefsen

Saman med broren Trygve la han treningsløypa i eit terreng som skulle likne mest mogleg på Nordmarka i Oslo. Draumen var å måle krefter med skiheltane på den legendariske femmila i Holmenkollen.

Folkefesten i hovudstaden var noko av det største ein kunne oppleve som skiløpar. Ikkje minst for ein vestlending. Haukås var helst van med å pigge seg fram i eit einsleg skispor gjennom skog og aude vidder.

Med ryggsekken fylt til randa av niste for ei vekes tid, la han i veg mot hovudstaden. Først med buss, så med tog. Rimeleg overnatting skaffa han seg anten på pensjonat eller hos kjentfolk. Den gongen var det reine amerikareisa.

Haukås mot Järnberg

STORLØP: Arne Haukås konkurrerte mot nokre av dei største namna i skihistoria. Her mot Sixten Järnberg. På biletet er Haukås nærast kamera.

Foto: Rune Fossum / NRK

Før det store rennet tok han ut eine skruen i bindingen for å få lettare ski. Han feste bindingane ein centimeter bak punktet som var tilrådd av fabrikken, då han meinte det ville gje betre fråspark.

– Detaljane er viktige. For meg betydde det også noko psykisk, seier Haukås.

Holmenkollen, 25. februar 1956. Besserudtjernet minner om ei maurtue. Tjernet er målområde for den folkekjære femmila i Holmekollen, og tusenvis av menneske omkransar oppløpet. Ute i løypa kjempar nasjonens skihåp om heider og ære, heia fram av folk langs den 25 kilometer lange løypa.

Storløparen Arvo Viitanen frå Finland vert klokka inn til siger med ei sluttid på over tre timar etter ein tøff kamp mot Hallgeir Brenden. Men kanskje mest oppsiktsvekkande er mannen på niandeplass.

Strevsam tur

IKKJE SOM I DAG: Etter eit fylkesrenn i Førde måtte Arne Haukås og kameratane frå Sogn ta seg over Gaularfjellet om natta. Om morgonen stilte dei klare på arbeid igjen.

Foto: Rune Fossum

«Jeg kan ikke annet enn le. Jeg tror faktisk ikke mine egne ører når jeg hører at det blir 9. plass. Vi er ikke helt borte vi vestlendinger heller da», seier han til riksavisene.

Ellers gjorde den 23-årige Arne Haukås seg igjen bemerket. Kanskje skal vi få en virkelig stor langrennsløper fra Vestlandet. Haukås er sterk som en bjørn og går fint på ski.

Ukjent riksavis

– Eg var saman med Haukås i si tid. Eg har aldri sett maken til han i motbakkane. Hadde skiløparane i Sogn fått trening og instruksjon, så kan det hende det var derifrå vi hadde fått dei beste, sa konkurrent og seinare rikstrenar Oddmund Jensen nokre år seinare til lokalavisa.

Han hadde opplevd å bli gått inn med 40 sekund av sogningen. Sjølv vart Haukås motivert av å innhente konkurrentar og sjå ryggen deira.

– Då la eg meg bak dei og samla krefter. Så gjekk eg opp på sida og forbi i motbakkane. Eg likte å knekkje dei psykisk, flirer han.

Treningsdagboka frå 50-talet

TIDLEG UTE: Med stor nøyaktigheit førte Arne Haukås treningsdagbok gjennom ungdommen og den aktive karrieren. Det gav han grunnlag for å utvikle seg i skisporet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Haukås fekk med seg totalt åtte pokalar frå Holmenkollen, og den største sikra han seg i 1956. Då vart han nummer ni på femmila. Igjen vart «sensasjonsmannen» intervjua av Rolf Kirkvaag på radio.

Haukås knota litt for at lyttarane skulle forstå han.

– Det tvinga seg litt fram av seg sjølv. Om eg hadde snakka sognemål, hadde dei vel ikkje forstått noko som helst, seier han.

Men det skulle han kanskje ikkje ha gjort. Då han kom heim att til sine eigne, vart han terga i lang tid for knotinga si.

Mot mål på 15-kilometer i Holmenkollen 1956

I KOLLEN: Arne Haukås stormar mot mål på 15-kilometeren i Holmenkollen i 1956.

Foto: Verdens Gang

For Haukås hadde nok ikkje rekna med at så mange hadde følgt med på korleis det gjekk. Men under store renn stod både sagbruk og aluminiumsverk i Sogn meir eller mindre stille. «Alle» ville ha med seg korleis det gjekk med skihelten frå Haukåsen.

Plutseleg vart Haukås også omringa av autografjegerar på gata i Oslo. Han fekk overskrifter i riksavisene. Skogsarbeidaren hadde nådd målet sitt. Han var ikkje lenger ein krøpling – men ein av landets beste skiløparar.

Han var ein sensasjonsmann i dobbel forstand.

– Det var ingenting som kom av seg sjølv, men eg hadde eit sterkt ønske om å klare det. Drivkrafta mi var at alle sa det ikkje var mogleg, seier Haukås.

Han legg til:

– Eg har alltid hatt lyst til å prøve det alle andre ikkje får til.

På andre sida av bordet nikkar sonen samtykkande. Det er noko som har forplanta seg vidare i familien, dette med å ikkje ville gje seg. Også barnebarna er opptekne av det.

– Klart vi er imponerte over det han gjorde. Det har prega også meg gjennom heile livet, og er ei viktig historie i slekta, seier Jomar.

Tidleg i 1956 reiste Haukås til Trysil og gjekk uttakingsrenn for OL i Cortina. Der vart han nummer tolv på tremila, og fekk ingen tur til Italia. Men det kunne fort ha gått annleis, skal ein tru Aftenposten sin artikkel litt seinare.

«Det vakte litt forbauselse da denne vestlendingen ble påmeldt mønstringsrennet. Han smørte seg bort den gangen, men slo seg ned en uke i Trysil og begynte å hogge tømmer. Så deltok han i et mønstringsrenn i Rasta, og da vant han! Så begynte tryslingene å få respekt for ham».

Det er ikke akkurat så rare forholdene hjemme på Vestlandet. Vi mangler impulser og erfaring utenfra. Vi har ikke konkurranserutine som løperne andre steder i landet. Vi vet for lite om smøring, opplegg av løpet. Det blir for mye innavl borte hos oss. Men det kan være bra med sne.

Arne Haukås, Aftenposten 16. februar 1956

Formkurven var nemleg stigande, og Haukås fekk for første gong tillit på landslaget. Han vart teken ut i den norske troppen til den store Lahti-spelen i Finland. Men då hadde han gått glipp av mykje arbeidstid heime på Kaupanger. Haukås valde å takke nei.

– Det var ei lang reise, og eg hadde ikkje råd, forklarer han.

– Eg var blant kandidatane til OL. Men å sende ein halvdårleg skiløpar frå Vestlandet, hadde vel vore ei dårleg investering.

Thor Gotaas

KUNNE VORE BETRE: Forfattar Thor Gotaas meiner Arne Haukås kunne ha vore endå betre, om han hadde hatt same vilkår som austlendingane.

Foto: Haakon D. Blaauw / NRK

Då skisesongen ebba ut i 1958, fann Haukås det for godt å leggje konkurranseskiene på hylla. Fire intense år på toppnivå var nok. Utbytet var mellom anna sju pokalar frå Holmenkollen. Og ikkje minst aksept frå media og dei norske storløparane.

Guten som i over to år sat med ope sår i beinet fekk oppfylt draumen. Han fekk måle krefter med legender som Hallgeir Brenden, Sixten Järnberg og Håkon Brusveen.

– Hadde han vore austlending, hadde han sikkert vore endå betre også. Ting låg ikkje så godt til rette for dei som ville gå langrenn på Vestlandet, seier Thor Gotaas.

Idrettshistorikaren og forfattaren kjenner norsk skihistorie betre enn nokon. Han meiner Haukås stilte med eit stort handikap - både kroppsleg og med tanke på vilkåra han hadde.

– Den gongen var Vestlandet ei skimessig bakevje. Og Haukås var likevel nesten heilt i toppen. Han var langt forut for si tid i systematikk, og det var få som skreiv treningsdagbok som han. Han kunne nok ha satsa på eit høgare nivå, seier Gotaas.

Arne Haukås kikkar i gamle utklippsbøker

MINNER STRØYMER PÅ: Hugsen er ikkje som den eingong var, men minna strøymer på når Arne Haukås hentar fram gamle utklippsbøker frå skikarrieren. – Det var stas å få konkurrere mot dei beste i Holmenkollen, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Haukåsen, mars 2015. Vinteren er på hell på fjellgarden fleire hundre meter over Sognefjorden. Ute ligg snøen som eit kvitt teppe, og ein og annan orrhane tek til vengjene. Skogen og fjellet lokkar.

Arne skulle så gjerne ha vore der. Men han er ikkje lenger i stand til det. Som den gongen han som gutunge var sjuk, er han igjen fanga bak vindauga. Han kjem aldri på ski igjen.

Minnet er ikkje som det ein gong var. Men når han ser dei gulna bileta frå Holmenkollen, gneistrar det i augo hans.

– Eg gav meg nok tre-fire år for tidleg. Men idretten betydde berre utlegg, og eg måtte ha noko anna å leve av, seier han.

Som 26-åring sto han på terskelen til å bli ein løpar av internasjonalt format. Men han angrar ikkje på avgjerda om å trekkje seg tilbake til arbeidet i skogen.

– På denne tida vart idretten berre sett på som fjas. Ein skulle arbeide med det som vart sett på som meiningsfullt, forklarer Haukås, og flyttar rundt på dei gamle albuma.

Mellom utklippsbøkene dukkar det opp eit fleire tiår gammalt spørjeskjema, der den gamle skiløparen har gjeve opplysningar om karrieren sin til skikrinsen. Med sirleg handskrift står det svart på kvitt kva idretten fekk å bety for han som ein gong vart kalla ein krøpling:

«Først og fremst ein siger over sjukdom og dystre spådomar den gongen. Å nå eit mål. Seinare har eg overført det til vanskelege arbeidsoppgåver: Stå på! Aldri gje opp!»