Klar for jubileum
GULEN: Utkant fyller få av krava som krevst for å skape ein vellukka festival, der den ligg ytst på ei øy i Gulen. Likevel kan arrangørane feire ei ti år lang suksesshistorie.
– Ideen til festivalen sprang ut frå avdukinga av den litt omdiskuterte statuen av kongen, laga av Knut Steen, fortel festivalsjef Viggo Randal.
Det som berre skulle vere ein avdukingsfest var så kjekt at arrangørane fortsette med Utkant festivalen året etter.
Dei ti siste åra har festivalen stadig vekse, heilt til punktet der dei rett og slett ikkje kan bli større; den vesle øya Skjerjehamn er fylt til randa når kring 15.000 gjestar vitjar Utkant i løpet av ei julihelg.
Ei suksesshistorie
– Det har blitt ein gedigen venners vennerfest, der dei som var her første året tok med seg to nye, og slik har det balla på seg. Eg trur noko av det som gjer det så populært er nettopp det at vi ligg så avisides til, i denne idyllen; Når du først har komme deg ut hit vert det ekstra kjekt – det er ei eiga boble. Du kan ikkje berre bryte ut og kjøpe pølse på næraste bensinstasjon, seier festivalsjefen.
Bobla han skildrar vil kanskje få seg eit lite hol den tiande sommaren; Det vesle av nettilgang som finst på Skjerjehamn har kollapsa ved fleire enn 200 gjester, men i år skal 4G på plass.
– Fråværet av nett har bydd på utfordringar for oss som arrangørar, vi har gått glipp av nokre mail, men det har også hatt sin sjarm. Oppdateringar på sosiale media har måtta vente til festivalen er over- men då kjem det gjengjeld gjerne 1000 nye instagrambilete på rappen.
- Les også:
Båtliv
Bilete av smilande festivalgjengarar, artistar på scena og, ikkje minst, båtliv. I løpet av festivalhelga ligg der kring 300 båtar i den vesle hamna.
– Eg trur kring halvparten av gjestene kjem hit i båt. Det at folk kan fortsette å ha det moro i båtane, etter at konsertane, er også ein viktig faktor for at folk likar seg.
Køntri
Utkant er ein festival mot fleire odds. Langt unna kollektivtransport på hjul og tettbygde strok klarar han seg godt, mykje takka vere innsatsen til lokale eldsjeler som ivrar for at det skal skje ting i Gulen. Faktisk så godt at gjengen bak Utkant fann ut dei kunne nytte all erfaringa og starte eit overskotsprosjekt; festivalen Køntri.
– Ein del la inn ynskjer om artistar som ikkje stemte heilt med Utkant sin musikalske profil, så vi såg at det var rom for ein folkeleg veslebror. I Gulatingsparken vert det campingvogn, Vassendgutane og country/folk.
Klikk på pilene til høgre/venstre for bileta for å bla deg gjennom kalenderen, eller dra i sjølve tidslinja.