Magne Føleide i sleggeringen
Foto: Privat

I skuggen av ei legende

FLORØ (NRK): Magne Føleide måtte vente i 15 år før han endeleg kom ut av skuggen til legendariske Sverre Strandli.

– Det var ein stor augneblink, som eg aldri kjem til å gløyme. Eg lever på det framleis, seier Magne Føleide.

Blikket er festa på små bilete i svart-kvitt. Eit falma album vitnar om ei lang og innhaldsrik karriere. Magne Føleide var i norgestoppen i sleggekast gjennom 20 år. Han fekk 61 landskampar for Norge. Og tre NM-gull.

Men sjeldan har vegen heilt til topps vore lenger. For etter at kraftpluggen tok sin første NM-medalje allereie som 17-åring, skulle det gå heile 15 år før han endeleg gjekk til topps.

– Føleide er ein av dei store profilane i friidretten i fylket gjennom alle tider. At det gjekk så lang tid før han tok sitt første NM-gull som senior, viser at det var fleire som heldt veldig høgt nivå på den tida, seier Narve Heggheim i friidrettskrinsen.

– Det var jo umogleg å slå Sverre (Strandli, red.mrk). Eg kjempa lenge for å prøve å slå han, seier Føleide sjølv.

For å setje ting i historisk samanheng: Sverre Strandli var ein av våre største norske friidrettsutøvarar på 1950-talet. Han tok EM-gull, gjorde det godt i tre olympiske leikar og tok heile seks kongepokalar – i tillegg til at han sette to verdsrekordar.

Magne Føleide i sleggeringen på Vereide

STARTEN: Her på Vereide tok Magne Føleide sine første prøvande sleggekast som tenåring. Det vart starten på ein lang og innhaldsrik karriere.

Foto: Privat

Det var i praksis fånyttes. Resten av norgeseliten måtte finne seg i å spele andrefiolin. Dei levde i skuggen av ein av verdas beste. Men Føleide var ikkje av typen som gav seg. Det hadde han aldri vore.

Det er vel ikkje altfor mange som har 18 nasjonale medaljar i samme idrett i løpet av 20 år, og som er monaleg mindre kjent enn ein samtidig utøvar i samme idrett

Sportsdiskusjon på nett
Magne Føleide ser i album frå karrieren

SER TILBAKE: No set helsa grenser for kor aktiv han kan vere, men bileta i albuma talar om ein lang og innhaldsrik karriere i sleggeringen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Då familien flytta frå Måløy til Vereide i Gloppen under krigen, byrja den vesle guten med skihopping. Ikkje mange år seinare vart han to gonger krinsmeister i hoppbakken.

Det var først då ein idrettsleiar såg kraftpluggen i aktivitet, at han som 15-åring vart lokka med på vektløfting og inn i ein sleggering. I ein provisorisk kastring på garden til Reidar Hauge lærte han å kaste slegge.

Det gjekk ikkje lang tid før Føleide vart invitert til å flytte sørover til Sarpsborg. Der fekk han trene og satse saman med Sverre Strandli og nokre av dei beste sleggekastarane frå Norge, Sverige og Danmark.

Han trente heile tida. Oppgåva mi var å tilpasse middagane etter treninga hans

Hjørdis Føleide

17 år gammal – to år etter at han byrja med slegge – kom Føleide med på landslaget. Ungguten kom inn i norgestoppen med eksplosiv fart.

– Det gjekk veldig fort. Eg hadde nok talent, og så fekk eg god hjelp av Sverre, seier han.

For verdsrekordhaldaren hadde stor tru på kraftpluggen frå Nordfjord. Han gjorde sitt til at oppkomlingen vart den yngste kastaren med flagget på brystet inntil då.

I landskamp mot Finland sytte Strandli og Føleide for dobbelt norsk. Under NM i Sarpsborg tok duoen gull og sølv – den første NM-medaljen for nordfjordingen.

Magne Føleide som skihoppar på Vereide

HOPPA PÅ SKI: Som for så mange andre ungar var skihopping ein naturleg del av oppveksten. Magne Føleide var aktiv hoppar før han byrja med sleggekast.

Foto: Privat

Året var 1954. Føleide hadde fått sitt store gjennombrot. Han var i norgestoppen, og der skulle han bli verande i ein mannsalder.

– Han trente heile tida. Oppgåva mi var å tilpasse middagane etter treninga hans, ler kona Hjørdis når NRK lurer på kor omfattande satsinga var.

Ho har vore med ektemannen gjennom mangt og mykje på idrettsbana. Ho var ein avgjerande faktor for at kabalen på heimebane gjekk opp, medan mannen jobba i politiet i Halden og Sarpsborg på dagtid. Seks dagar i veka stakk han ut og trente etter middag.

Han kom først heim igjen til kveldsmaten.

Har ei stor samling t-skjeer etter landskampar

SØLV: Heime i kjøkkenskuffen har Magne Føleide ei stor samling sølvskeier etter mange landslagsoppdrag for Norge.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Idretten betydde svært mykje for meg, men det var dei næraste som heldt meg oppe, nikkar Føleide idet kona opnar eine kjøkkenskuffen.

Der blinkar det i sølv. For etter kvar landskamp Magne Føleide deltok i, fekk han ei sølvskei med inngravering frå friidrettsforbundet. Og florøværingen er ein av dei med flest landskampar i Norge.

Han var med i 56 A-landskampar, fire B-landskampar og éin C-landskamp.

– Du kan dobbeltsjekke ved å telje skeiene. Eg kan ha mange gjestar til bords, ler Føleide.

Magne Føleide i landskamp mot Benelux på Bislett i 1962

MED FLAGGET: Magne Føleide i landskamp mot Benelux på Bislett i 1962.

Foto: Ukjent

Den store landskampkongen er rett nok Bjørn Bang Andersen. Kulestøytaren frå BUL står med 88 A-landskampar på 1960- og 1970-talet. Elles er det berre Kristen Fløgstad og Sverre Strandli som har fleire landskampar enn den gamle sleggekjempa.

Sleggekaster Sverre Strandli i aksjon EM 1950

EIN LEGENDE: Sleggekastar Sverre Strandli i aksjon då han tok EM-gull i Brüssel i 1950.

Foto: NTB scanpix

Med landslaget gjekk turane rundt omkring i verda. Det kunne vere kummerleg, utøvarane måtte ein gong liggje sju personar på eitt rom. Det kunne også vere staseleg, som då dei åt lunsj med den jugoslaviske statsleiaren Josip Broz Tito.

På byrjinga av 1960-talet danna Føleide saman med Sverre Strandli og Oddvar Krogh verdas kanskje beste klubblag i sleggekast. Trioen konkurrerte for Sarpsborg, og lagkameratane var vanskelege å ha med å gjere på friidrettsbana.

Strandli sikra seg 11 NM-gull i sleggekast i perioden 1949–1962. Krogh tok seks NM-titlar i tida fram til 1966. Heile tida med Magne Føleide på sølv eller bronse.

Så kom nordfjordingen Arne Lothe og tok to gull. Men då var det endeleg Magne Føleide sin tur – 15 år etter at han tok sin første NM-medalje:

Under NM i Bergen i 1969 klatra sleggekastaren til topps på sigerspallen for aller første gong. Han var på toppen av karrieren.

– Det var stort for meg. Kjem aldri til å gløymde det, seier Føleide.

Han gløymer heller ikkje den gongen han var nær ved å drepe eit anna menneske med idrettsutstyret sitt. Under ein landskamp på Bislett i Oslo rivna skoen då sleggekastaren var midt i rotasjonen. Landslagsutøvaren miste kontrollen på utkastet, og den sju kilo tunge slegga gjekk over kastburet og rett inn i folkemengda på tribunen.

Magne Føleide med eitt av sine NM-gull i slegge

GJENNOMBROT: Etter 15 år i norgestoppen tok Magne Føleide tre NM-gull på rad. Her gliser han nøgd etter norgesmeisterskapen i Kristiansand i 1970.

Foto: Knut Edward Holm

Til alt hell vart ingen trefte av sjølve slegga. Men handtaket trefte ei jente. Ho hamna på sjukehus, men kom seg etter ei tid etter skadane.

– Det var frykteleg. Eg trudde ho skulle døy, seier Føleide.

Seinare viste det seg at kastburet var for lågt. Det skulle ha stoppa slegga, men konstruksjonen var ikkje slik den burde ha vore. Oslo kommune fekk refs.

For Føleide var det tøft å vere i sentrum for så mykje negativ merksemd i media.

– Det var eit enormt oppstyr. Mykje spetakkel. Eg greidde ikkje sove om natta. Heldigvis hadde eg ein kompis som kom og var i lag med meg då det stod på som verst, seier han.

Føleide heldt fram karrieren med tre strake NM-gull fram til 1971. Åra etter vart det på nytt sølv og bronse. Han fekk med seg eit nordisk meisterskap. Allereie før han trappa ned, byrja han å blåse liv i eit sovande friidrettsmiljø heime i Florø.

Han vart trenar for ein ny generasjon med lovande kastarar.

Album syner at skoen revna

STORT OPPSTYR: Riksmedia var opptekne av episoden då Magne Føleide kasta slegga inn blant folk på tribunen. Her er nokre utklipp i album.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var eigentleg lengdehoppar, og eg hugsar vi hadde vore i Florø på skulekamp for Firda gymnas. På bussen heim att pikka Magne Føleide meg på skuldra og sa at eg med min spenst måtte bli sleggekastar, fortel Ove Farsund.

Han byrja å trene slegge same hausten, og fekk sin første sesong i 1972. Den dag i dag står Farsund med krinsrekorden i slegge...

Det var frykteleg. Eg trudde ho skulle døy

Magne Føleide / Magne Føleide

– Det viser kor viktige enkeltpersonar kan vere, og kor tilfeldige ting kan vere, seier Farsund, som konkurrerte med Magne Føleide i tre-fire år på tampen av karrieren.

– Han slo meg i byrjinga, og han var eit førebilete, så det var stort då eg endeleg var betre enn han, seier Farsund.

Utover 70-talet vart Føleide meir og meir engasjert på trenar- og leiarsida. Sjølv om han også var aktiv som veteran, med fleire medaljar frå veteran-VM.

– Han tok verkeleg tak. Spesielt med tanke på kast og slegge – og eigentleg i heile fylket. Han var ein som brydde seg og tok seg av andre, også vi som kom frå andre stader. Vi vart inviterte til Florø, hugsar Jørund Årdal.

Bjørge Lillelien måler krefter med Magne Føleide

STJERNEMØTE: NRK-reporter Bjørge Lillelien måler krefter med Magne Føleide.

Foto: Privat

Han er i dag sjølv ein nestor i kastidretten i Sogn og Fjordane, og meiner han kan takke Føleide for at han kom inn i miljøet og heldt fram med å kaste.

– Han gjorde mykje for heile fylket. Kanskje meir enn vi kunne forvente av ein utøvar som faktisk var på toppen sjølv, seier Årdal.

Føleide hadde allereie i 1962 teke initiativet til å danne Halden Vektløfterklubb. No vidareførte han arbeidet i Florø, der han var med og arrangerte KM i vektløfting i Stryn og Høyanger. Seinare engasjerte han seg også som idrettspolitikar. Han vart kjend for heftige diskusjonar på vegner av Florø mot erkerivalen Førde.

Han trente fram utøvarar som Jostein Aukland og Steinar Kleppe, som begge har teke NM-medaljar i sleggekast for Florø.

Magne Føleide ser i album med kona Hjørdis

MIMRAR OM GAMLE DAGAR: Magne Føleide og kona Hjørdis har mykje å prate om når gamle dagar kjem på agendaen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Då han fylte 70 år, via lokalavisa Firdaposten leiaren til ein hyllest av Føleide. Dei var opptekne av Føleide si rolle då tradisjonsrike Florø Friidrettsfestival vart starta opp:

«Utan krafta til Føleide og det breie og internasjonale kontaktnettet hans, hadde det aldri blitt nokon tradisjon med internasjonale friidrettsstemne på Florø Stadion, eller særleg standard over friidrettsanlegga».

Startnummer frå landskamp i Tyskland

MANGE LANDSKAMPAR: Det er ikkje mange med fleire landskampar enn Magne Føleide. Her er startnummeret frå ein landskamp i Tyskland i 1966.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Magne Føleide er ein bauta i friidretten i Sogn og Fjordane. På alle måtar og i eit breitt spekter. Han har hatt alle roller og vore med i alle ledd, seier Årdal.

No er ikkje beina lenger slik dei ein gong var, den gongen Føleide herja norske og utanlandske friidrettsbaner. Men tankane kan framleis gå tilbake til tida då han tok tre NM-gull og to sigrar i A-landskampar.

– Eg har framleis veldig lyst til å kaste slegge. Det har eg alltid hatt. Men det går jo ikkje, seier Føleide med eit smil.

Bestenoteringa på 63,58 meter frå 1970 er den dag i dag på 19. plass på den norske statistikken gjennom alle tider. Resultatet ville ha gjort han til medaljekandidat i NM også i dag.

Kjelder: Friidrett.no, Allkunne og Wikipedia