Her kjem dei

klare for å gi alt!

Let the game begin!

Her kjem dei

Symesterskapet 2021

For fyrste gong er det heile 12 deltakarar som skal kjempe om å bli noregs beste amatørsyar.

Dei har ulik bakgrunn, men ein viktig ting felles - dei elskar å sy! Bli kjent med denne fargerike gjengen, der alle vil bli vinnaren og imponere dommarane Jenny Skavlan og Andreas Feet! Christine Hope er framleis programleiar, og syarane sin «gode hjelpar og ven»

På vegen får deltakarane utfordringar dei aldri hadde tenkt på, dei blir bestevenner, og innser at den aller argaste konkurrenten er dei sjølve.

Her er dei:

Marianne frå Alta, lærar

Symesterskapet-Marianne-Wilhelmsen

Marianne Wilhelmsen (39) elskar å utfordre seg sjølv med syprosjekt ho ikkje veit om ho greier. Det passar utmerkt i Symesterskapet!

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Marianne:

Jenny:Marianne kan ting som ingen andre kan, inkludert oss dommere...
Andreas:Ingen kan si ifra som Marianne!
Christine:Men parodiere programleiaren kan ho ikkje, meiner eg, iallfall!

Roberto frå Chile/Moss, helsearbeidar

Symesterskapet-Roberto-Espinoza2

Roberto Espinoza (59) har alltid vore interessert i klede og mote, og han har sydd sidan han var liten. Roberto har hatt fleire motebutikkar i Chile.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Roberto:

Jenny:Hvis du synes verden er litt grå, kjedelig og forutsigbar, ta en kikk på
Roberto!
Andreas:Skjortesnippene hans kommer til å bli et begrep.
Christine:Roberto får meg til å gjere noko som eg ikkje har gjort sidan 1979.

Zenab frå Oslo, lærar

Symesterskapet-Zenab-Mahmood

Zenab Mahmood (34) blei motvillig sendt på sykurs då ho var 15 år, men elska det! Ho likar å følge med på mote og design. To barn og eit sterkt miljøengasjement, gjer òg til at ho syr meir og meir.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Zenab:

Jenny:Zenab er en mester i å overraske med plaggene sine, særlig seg selv.
Andreas:Herlig med folk som våger å vise hva de føler når de har prestert en god eller...dårlig søm.
Christine:Zenab trur at eg er ein moteekspert, og spør om råd. Kanskje eg er det?

Ida frå Fredrikstad, ingeniør

Symesterskapet-Ida-Evenrød

Ida Evenrød (37) begynte å sy fordi ho ikkje fann det ho ville ha i butikkane, og så oppdaga ho kor utruleg tilfredsstillande det er å skape noko sjølv. Ida bur på Tøyen i Oslo.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Ida:

Jenny:Ida er flink til å løpe, og det er veldig lurt når en skal sy på tid.
Andreas:Ida har grandiose ideer, men greier hun å komme i mål? Vi må jo ha spenning!
Christine:Men ho er alltid klar for litt småprat om vèr og vind i innspurten... særleg.

Gro frå Oslo, prosjektleiar

Symesterskapet-Gro-Marwold

Gro Marwold (62) lærte å sy av mormora si, og ho syr mesteparten av sin eigen garderobe. Ho tek 20-bussen i Oslo når ho skal på ferie til hytta si i Oslo.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Gro:

Jenny:Studer Gro og lær, hun har alltid sydd, og det synes!
Andreas:Endelig en person jeg kan diskutere søm med på et høyt nivå.
No offence, Jenny!
Christine:Hadde alle vore som Gro så hadde alle sete og drukke te mesteparten av sytida. Ho kan å planlegge!

Turi frå Stavanger, arkitekt

Symesterskapet-Turi-Galta

Turi Rudningen Galta (43) er sin eigen kreative herre på syrommet. Det er ho ikkje i like stor grad på arkitektkontoret. Turi vil sy i ekte og naturlege materiale og det må helst vere gjenbruk. Ho hadde barndommen sin i Hallingdal.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Turi:

Jenny:Vi er mange som er opptatt av klima og miljø, men Turi tar
engasjementet til nye høyder.
Andreas:Men kan planene til Turi bli for omfattende og kompliserte?
Christine:Turi høyres veldig snill og forsiktig ut, men høyr godt etter...

Veronika frå Austevoll, dagleg leiar

Symesterskapet-Veronika-Møgster

Syrommet er fristaden til Veronika Møgster (43). Ho går i klesbutikkar for å gruble på korleis plagg er sett samman for så å gå heim og lage dei sjølv. Veronika likar å ha sy-utstyret i orden.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Veronika:

Jenny:Veronika er en uhelbredelig tidsoptimist, men som også kan overraske med å faktisk bli ferdig.
Andreas:Jeg har en berettiget mistanke om at opptil flere av årets deltagere har
mye å takke Veronika for.
Christine:Grepa kvinnfolk med stort hjarte, og ho er like kjapp i replikken same kor stressa ho er.

Emanuel frå Oslo, dansepedagog

Symesterskapet-Emanuel-Wall-Hem

Emmanuel Waal Hem(35) har alltid sydd litt, og liker å vere kreativ på mange felt, men i det siste har det tatt litt av. Kanskje skal han sy mykje meir framover?

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Emanuel:

Jenny:Alle systuer bør ha en Emanuel, så enkelt er det bare.
Andreas:Han har mye erfaring med å sy drag-kostymer til seg selv, men har i det siste trent på å sy vanlige klær.
Christine:Emanuel ler av alle vitsane mine, så han likar eg svært godt.

Guro frå Svarstad i Vestfold, digital designar

Symesterskapet-Guro-Flåten

Guro Lindahl Flåten(30) har prioritert sying i det siste, og oppdaga at di meir ho syr, di meir fornøyd blir ho med seg sjølv. Ho elskar det handfaste resultatet av å sy. Guro bur i Oslo.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Guro:

Jenny:Guro har knapt prøvd redesign før hun kom til Symesterskapet, men lykkes hun? Selvfølgelig, bortsett fra at hun glemmer grunnleggende anatomi.
Andreas:Djevelen er i detaljene, Guro er helt enig.
Christine:Guro er sindig og roleg, med eit par veldig dramatiske unntak.

Åshild frå Stord, hotellsjef

Symesterskapet-Åshild-Titland

Åshild Titland (21) si interesse for sying tok av på videregående. Endeleg følte ho at ho meistra noko veldig godt. Ho vil lage moteplagg som varer. Åshild bur for tida på Vega.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Åshild:

Jenny:Åshild skjønner intuitivt hva som er ungt og hot akkurat nå.
Et mote-naturtalent!
Andreas:Åshild beviser at en ikke trenger å ha årevis med erfaring for å kunne
hevde seg.
Christine:Selvfølgelig måtte Åshild vere med, ho er jo frå Stord.

Tarjei frå Tromsø, sjukepleiar

Symesterskapet-Tarjei-Robertsen

Tarjei Robertsen(26) begynte å sy fordi han ville reparere kleda sine sjølv, utan å måtte spørje mamma, men så arva han symaskin og då berre balla det på seg.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Tarjei:

Jenny:Tarjei er en dyktig syer, til tross for at han ikke har sydd så lenge. Og så begynte han å sy av akkurat samme grunn som meg; han ville ha klær som både passet og så kule ut.
Andreas:Tarjei er en modig og ambisøs syer, som lærer fort.
Christine:Tarjei har sansen for friluftsliv, trange kle og dyriske mønster.

Margrethe frå Sola, lege

Symesterskapet-Margrethe-Oma

Margrethe Oma (30) fann ut at plagg sat mykje betre på kroppen viss ho sydde dei sjølv. Dessutan går det mykje fortare å sy gåver, enn å strikke dei. Det måtte bli sying på Margrethe. Ho har nyleg flytta til Volda.

Dette seier Jenny, Christine og Andreas om Margrethe:

Jenny:Margrethe er en skikkelig flink og ordentlig syer, men kjønnslivet har hun ingenting imot å utbrodere, bokstavelig talt.🤦‍♀️
Andreas:Margrethe proklamerer at hun hater å tape og elsker å vinne!? Så hvordan skal dette gå?
Christine:Det kjem til å komme godt med å ha ein lege i rommet, sann mine ord.
Symesterskapet-alle
Foto: Julia Marie Naglestad

Sesongpremieren er klar i NRKTV søndag 12. september klokken 06:00, og på NRK1 samme kveld 19:50.