Han skulle skaffe Hitler metall til å vinne krigen

Tyskarane vil ha enorme mengder norsk aluminium til å byggje tusenvis av krigsfly. Nordmannen Sigurd Kloumann kan skaffe metallet, men 9. april er han livredd og forvirra. Han fryktar å bli skoten.

I direktørvillaen i Høyanger ser han våren kome utanfor vindauga same dagen som den tyske krigsmakta. Ute er det tre plussgrader, sjølv er han iskald av angst og frykt.

Generaldirektøren i Norsk Aluminium Company er i eit frykteleg dilemma. Skal han samarbeide med Hitler, eller skal han rømme?

Industristaden produserer aluminium tyskarane er ute etter. Både i 1938, 1939 og seinast i februar 1940 har Sigurd Kloumann nekta å selje det ettertrakta lettmetallet til den tyske krigsmakta. Metall som skal bli til frykta krigsmaskiner.

I det den tyske krigsmaskina i stor fart kjem innover landet i morgontimane den 9. april, bestemmer den nær 61 år gamle industrileiaren seg for å rømme. Saman med kollegaer frå verket kastar han seg inn i ein bil. Dei køyrer i stor fart austover langs Sognefjorden. Planen er å kome seg til Sverige.

Ved utbrotet av Den andre verdskrigen er industripioneren ein av dei store norske næringslivstoppane. Han har bygt opp og har kontroll over Norsk Aluminium Company, Naco, med aluminiumsverk over heile Skandinavia. 35 år tidlegare spelte han ei sentral rolle under danninga av Norsk Hydro. Men sidan han kom på kant med Hydro-grunnleggaren Sam Eyde, trekte han seg 1911 ut av selskapet.

Redd han ville bli skoten

I bilen på veg austover blir Kloumann usikker på om han vil fortsette. Etter ein telefonsamtale med kona, som fortel at det er fullt av tyskarar i Oslo, bestemmer han seg for å snu. Generaldirektøren verkar forstyrra og redd, skriv kollega Johan Mührer:

«Han var sterkt oppskaket og fremholdt at han og jeg risikerte å bli stillet opp til en vegg og bli skutt av tyskerne. Han slo seg på brystet og i sterk ekstase sa han meget dramatisk: Det er meg tyskerne vil ha tak i».

Kloumann snur og dreg tilbake til Høyanger. Angsten kjem sterkare og tyskarane nærmar seg. Breva og dokumentasjonen i saka er henta landssviksaka mot Kloumann på Riksarkivet i Oslo.

WWII GOERING HITLER

HITLER: Sigurd Kloumann frykta at Hermann Göring og Adolf Hitler ville hevne seg fordi Kloumann både i 1938, 1939 og februar 1940 nekta å selje aluminium til dei tyske nazistane. Både Göring og Hitler var opptekne av å få opp produksjonen av aluminium i Norge for å kunne bygge fleire krigsfly.

Foto: Ap

I eit brev datert 4. mai 1940 fortel Kloumann til sine svenske kollegaer om redselen i Høyanger når det kjem fly over industribygda. Han fortel også om eit norsk marinefartøy som legg til kai like inntil aluminiumsverket og om at det blir sleppt bomber:

«Från flygplanen vart det sleppt en bomb, vilket treffade vattnt strax utanför kajen».

Etter ein krangel med sjefen på marinefartøyet får han dei til å flytte skipet. Likevel blir det den 26. april sleppt ei ny bombe som også denne gongen treff sjøen utanfor verket. Ein lekter som ligg til kai er truleg målet for bomba.

På nytt tvilar Kloumann seg fram til at han likevel må reise. «Under dessa omstendigheter fann jag det nyttlöst at vera kvar i Høyanger», skriv han.

zz-test

KRONPRINSBESØK: Sigurd Kloumann (til høgre) har omvisning på aliminiumsverket i Høyanger med dåverande kronprins Olav og kronprinsesse Märtha i 1933.

Foto: Eugen Nordahl-Olsen

På ski til Sverige

Det er eit stort nederlag å måtte forlate livsverket han sidan 1915 hadde bygt opp i Høyanger, men den 27. april pakkar han kofferten.

På ny er målet er å komme seg over til Sverige. Denne gongen reiser han nordover. Når han kjem til Romsdalen ser og høyrer han trefningar mellom dei norsk-britiske og tyske styrkane. Kloumann overnattar i den vesle bygda Batnfjordsøra like nord for Molde.

«Har pågått ständiga luftangrepp över den plats der jag befann mig», skriv han.

På Nordmøre får han leigd ein fiskebåt og blir frakta via Hitra til Mo i Rana. Kloumann skriv:

«Efter många strapatser och vedevärdigheter kom jag på skidor om natten över gränsen til Sverige».

Sigurd Kloumann planla å bli i Sverige til krigen var over, men styremedlemmer i Naco tok fleire gonger kontakt og trygla om at han måtte kome tilbake. Dei meinte at han som direktør måtte vere lojal til bedrifta han hadde bygd opp og som no kunne tene store pengar på krigen.

Dette sette den no 61 år gamle nordmannen i eit vanskeleg dilemma. Skulle han bli verande i Sverige eller skulle han dra tilbake til Norge og samarbeide med tyskarane?

Bysta til generaldirektør Sigurd Kloumann avduka i 1929.

FEKK EIGA BYSTE: 1.juli 1929 vart bysta til generaldirektør Sigurd Kloumann avduka; på 50-årsdagen hans. Kloumann er sjølv på talarstolen framfor folkemassen. I inskripsjon rundt sokkelen av bysta står det: "Tilegnet direktør Sigurd Kloumann der grunnla og bygget dette sted. Reist på hans 50 aarsdag 1. juli 1929 av innbyggere i Høyanger, venner og arbeidere."

Foto: Eugen Nordahl-Olsen / Fylkesarkivet

Hitler på banen

Kloumann visste at tyskarane ville krevje full lojalitet. Dei hadde store planar for den norske aluminiumsindustrien, og Naco var på denne tida den største produsenten i Norge.

Han bestemmer seg for å dra tilbake.

Medan det framleis var kamphandlingar på norsk jord tidleg på sommaren 1940, byrja Kloumann å engasjere seg i tyskarane sine planar for å auke produksjonen av aluminium.

Tyske krigsfly

LETTMETALL: Etter kvart som nazistane kom på defensiven under andre verdskrig, vart dei meir og meir desperate etter å få bygd fleire krigsfly. Tyskarane meinte store mengder norsk aluminium ville vere ein føresetnad for å kunne vinne krigen.

Tyskarane trong store mengder av det sølvfarga lettmetallet for å kunne produsere flest mogleg krigsfly. Den billige vasskrafta gjorde Norge veleigna for kraftkrevjande aluminiumsproduksjon.

Luftwaffe ville ifølgje tyske krigsplanar trenge 840.000 tonn aluminium i året. Eksisterande europeiske anlegg kunne produsere berre halvparten.

I eit brev av 8. mai 1940 slår Adolf Hitler fast at Norge sine aluminiumslager og produksjon skal stå til Luftwaffe sin disposisjon. Like etterpå lovar riksmarskalk Hermann Gøring overfor Hitler ein kraftig auke i leveransane frå Norge.

Løysinga som Kloumann var med på å skissere, ville seksdoble den norske produksjonen til 150.000 tonn i året. Det nye selskapet som skulle stå for produksjonen fekk namnet «Nordag».

Brev frå Gøring til Koppenberg

GÖRING: Riksmarskalk Herman Göring gav den 12. november 1940 klar beskjed om at den norske aluminiumsproduksjonen måtte aukast raskast mogleg. Breva frå tyskarane vart alltid omsette til norsk.

God tone med fienden

Eit omfattande samarbeidsprosjektet mellom Naco og tyskarane vart utforma. Heinrich Koppenberg skulle leie det nye Nordag, og bygde opp ein eigen organisasjon i Norge for å få fart på aluminiumsproduksjonen.

Bild 183-2005-0331-502

ANSVARLEG: Heinrich Koppenberg var ansvarleg for den tyske aluminiumsproduksjonen i Norge, og samarbeidde tett med Sigurd Kloumann.

Foto: o.Ang. / Bundesarchiv

Avtalen handla mellom anna om at nøkkelpersonell frå Naco skulle hjelpe tyskarane både i Norge og i Tyskland. Kloumann drog sjølv fleire gonger til Tyskland og var heilt sentral under utforminga av avtalen. Han hadde ikkje lenger noko frykt for å bli skoten.

«Våren 1941 inngjekk Naco ein veldig lukrativ konsulentavtale med Nordag. Naco hadde kort sagt den kompetansen som Koppenberg sin organisasjon mangla for å bygge ut ein storstilt norsk aluminiumsindustri som kunne forsyne Tyskland med dette krigsnødvendige metallet», skriv Kristian Jøssund Karlsen i masteroppgåva «Norsk Aluminium Company (Naco) under 2. verdenskrig».

Brevveksling mellom generaldirektør Kloumann og tyskarane viser at det var ein god og venleg tone dei imellom. Frå å seie nei sa Kloumann no ja.

Brev frå Kloumann til Tittmann 15. november 1940

Her er utdrag frå svarbrevet frå Sigurd Kloumann til tyskaren Tittmann, som hadde ei sentral rolle i tyske aluminiumsproduksjonen i Norge under krigen. Brevet er datert 15. november 1940.

Mannen som forsøkte å rømme til Sverige for å unngå tyskarane vart deira allierte for å sikre ein massiv produksjon av lettmetall til krigsmakta.

Store utbyggingar vart sett i gang i Årdal, Sunndalsøra, Glomfjord, Odda og Herøya. Medan Kloumann og tyskarane skålte for godt samarbeid, utførte krigsfangar frå Russland, Jugoslavia og Ukraina slavearbeid. Mange av dei døydde under arbeidet.

Lukkast ein, ville Norge blitt ein av verdas viktigaste aluminiumsprodusentar under krigen, alt for å sikre ein tysk siger i krigen.

Gir pengar til NS

Men tyskarane sine krav om rask auke i produksjonen fører tidleg i 1941 til konfliktar både internt i Naco og mellom Naco og tyskarane. Kloumann er sentral i begge konfliktane.

Styremedlemmene Wilhelm Bugge og Herman Christiansen meiner Kloumann samarbeider for tett med tyskarane og prøver å skyve generaldirektøren ut.

Kloumann er rasande og skriv at det kjennest ut som eit forsøk på «snikmord». Han er ei stund så hardt pressa at han blir utmatta og sjukemeld. Tyskarane anar uråd og forstår at planane til nordmannen berre let seg realisere i Kloumann sin angstfylte hjerne.

Men han gir seg ikkje. Metallgründeren gjer alt han kan for å få eit betre forhold til tyskarane, og i Riksarkivet finn ein mellom anna bevis for at han bidrog med pengegåver til NS.

Sigurd Kloumann gav 200 kroner til NS

NS-GÅVE: Sigurd Kloumann gav den 1. august 1940 200 kroner i personleg bidrag til NS. Dette viser NS sitt eige arkiv.

Men tyskarane har fått nok av Kloumann si vingling og ustabile psyke og let han reise med fritt leide til nøytrale Sverige. Dei er leie av lovnadane om hjelp, leie av gigantomanien og angsten til Kloumann. Truleg forstod krigsmakta både i Tyskland og i Norge at lovnadane om store mengder metall til krigsfly ikkje held mål.

Frå Stockholm roar Naco-direktøren nervane og bestemmer seg for å snu kappa etter vinden. Tyskarane taper på stadig fleire frontar og når Nord-Amerikanske troppar går inn i Europa forstår mange at Tyskland vil tape.

Frå å vere ein svoren støttespelar til krigsmakta gjennom dei første krigsåra, forstår Kloumann at han no må samarbeide med dei allierte. Ifølgje han sjølv skal han mellom anna ha tipsa dei om kvar dei bør bombe i Tyskland for å råke Hitler si krigsmakt.

På aluminiumsverka i Norge går arbeidarane så sakte dei kan og er også med på å sabotere produksjonen som kunne gitt Hitler overmakta i krigen. Kloumann er letta.

Grove skuldingar

8. mai 1945 er det tørt og varmt vêr over Sør-Norge. Tyskarane kapitulerer og okkupasjonen er over. Men for industriherren Kloumann kjem no dei tyngste tankane tilbake.

Korleis vil det nye Norge reagere på det han gjorde dei første krigsåra? Deprimert og desperat flyktar han frå Stockholm til USA. I aluminiumsstaden Høyanger blir NS-folk arresterte. Overløparar blir banka opp og jentene som har hatt tyske kjærastar blir snauklipte. Slikt skjedde over heile landet. På gravplassen blir det lagt ned blomar på dei russiske krigsslavegravene.

I sitt eksil i Amerika slit direktør Kloumann med dei sterke kjenslene. Medan folk over heile verda jublar over freden, er Kloumann livredd for kva som er i vente.

Etter ei tid orkar han ikkje meir, han reiser heim til kona som då bur i Bærum. Det som møter han er ei sikting for landssvik.

Dei norske styresmaktene vil ha Kloumann dømd og i Riksarkivet fyller mappa hans og dei andre i Naco-leiinga 7000 sider med etterforskingsdokument. No må Kloumann kjempe både mot tidlegare kolleger og politiet. Frå å vere ein suksessrik gründer framstår han no som ei øydelagt sjel med alvorlege skuldingar hengande over seg.

«De prøver å få meg politisk, moralsk og økonomisk helt ødelagt», skriv han til ein ven.

Opning av Ringeriksbanen 1909

FRÅ KONGE-MØTE TIL UGLESETT: Sigurd Kloumann møtte dei konglege mange gonger, før han etter krigen vart nærast utstøytt. Her frå opninga av Rjukanbanen den 9. august 1909 der Sigurd Kloumann spelte ein sentral rolle saman med Sam Eyde. Nummer to til venstre for kong Haakon er Sigurd Kloumann. Nummer to til høgre for kongen er Sam Eyde.

Foto: Norsk Industriarbeidermuseum Notodden

«Quisling» eller alliert hjelpar?

I månadene etter frigjeringa gjer Kloumann alt han kan for å reinvaske seg. I politiavhøyr fortel han at han heile tida var sterkt imot tyskarane og at han hadde dei allierte og Norge sitt beste som rettesnor. Vel vitande at han talar med to tunger.

Men i eit avhøyr frå august 1946 fortel den tyske aluminiumssjefen Heinrich Koppenberg kor samarbeidsvillig Kloumann var under den første fasen av krigen. Så spør politietterforskaren:

«Ja eller nei, kan man betegne Kloumann som en quisling?»

Koppenberg svarar:

«Jeg tror jeg må si ja, for i begynnelsen var de alle quislinger».

Men Kloumann får også støtte. Svenske vener karakteriserte i eit brev til den norske statsadvokaten det som «grotesk» dersom Kloumann skulle bli dømd for landssvik. Dei viser til at Kloumann i Sverige hadde vist ei sterk anti-tysk haldning.

ff

HEVDA AT HAN VAR PATRIOT: I dette brevet frå august 1947 hevdar Kloumann at han heile tida hadde Norge sitt beste i tankane, også under krigen.

Alvorleg deprimert

Som ein slagen mann må Kloumann godta at ein dommar tar både passet og formuen frå han. Han må igjennom tunge avhøyr der han blir pressa frå skanse til skanse. To gonger i veka må han melde seg for politiet. Sterkt prega av angst og depresjon blir han innlagt på sjukehus. Forsvararen hans skildrar det slik:

«I fjor måtte Kloumann ligge på nerveklinikk i over to måneder. Han fikk beskjed av lægen om at han må holde seg i ro i et år. Da står det om livet».

Kloumann sine gåver til NS og hjelpa til tyskarane blir brukt mot han.

I februar 1949 la påtalemakta fram ei innstilling der dei slo fast at Naco utan tvil hadde ytt tyskarane aktiv og frivillig bistand. Det vart tilrådd tiltale mot Kloumann og sju andre i leiinga og styret i Naco.

Eitt år seinare la statsadvokaten likevel bort saka «på grunn av bevisets stilling». Påtalemakta viste til at Naco ikkje hadde noko val. Hadde dei nekta samarbeid, ville selskapet blitt sett under administrasjon. Kloumann får no passet og formuen tilbake, men han er likevel ein slagen mann. Dei harde skuldingane har øydelagt nervane hans.

Sigurd Kloumanns dødsannonse

DØDSANNONSA: Sigurd Kloumann si dødslysing frå 1953. I dag er alle som er namngjevne gått bort. Stesonen Aage, som jobba ei stund NACO, er gått bort.

Dei siste åra før han går bort lever han eit anonymt liv med kona Lillen på Jar i Bærum. 73 år gamal døyr han som ein sliten og bitter mann. I ein usignert nekrolog i Aftenposten frå 19. januar 1953 står det: «Med generaldirektør Kloumann er en av de menn som har innlagt seg de største fortjenester når det gjelder norsk industriell utvikling i dette århundre gått bort».

Høyanger vinteren 2018. Lyden frå aluminiumsverket summar i bakgrunnen når vi går langs Kloumanns Allé. Kvite villaer innramma av lindetre og i enden av gata ein byste av mannen som bygde industristaden, Sigurd Kloumann. Eit minne om ein mann som gjorde metall til sitt livsverk, men som mange meinte var ein forrædar.

Kloumanns Allé

KLOUMANNS ALLÉ: Aluminiumsproduksjonen går framleis for fullt i Høyanger, no er det Norsk Hydro som no eig og driv anlegget. Den særprega trehusbusetnaden frå 1920-talet står der inntil verket som før. Den flott innreidde messa frå 1927, der Kloumann budde då han var i Høyanger, står også der. I Kloumanns Allè.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK