Julerosene

– TØFFE TAK: – Det er mykje kjensler inne i biletet, og tøffe tak. Det er greske tragediar på scena, og greske tragediar på styrerommet, seier Dag Rune Mo, konstituert styreleiar i Hordaland Teater. Her frå teaterets oppsetjing av «Julerosene» i fjor.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / Hordaland Teater

Gresk tragedie på styrerommet

Teatersjefen trekte seg etter åtte månader i jobben. Så gjekk styreleiaren av. Kaos? Nei, slik er det berre i kjensleladde bransjar, ifølgje arvtakaren.

Kvifor er det eigentleg så mykje styr med desse teaterfolka? Får dei ikkje utløp for kjenslene på scena?

Tydelegvis ikkje alltid. No er det rett nok sjeldnare med opne konfliktar mellom skodespelarar, enn offentleg skittentøyvask mellom leiarar og andre bak scena.

Den siste veka er det det utanomsceniske dramaet ved Hordaland Teater som har utspelt seg i det offentlege rom. Søndag blei det stadfesta at Terje Lyngstad trekk seg som teatersjef, etter at BT tidlegare førre veke fortalde om den interne usemja kring leiingsmodellen.

Også styreleiar Birthe Eriksen går av.

– Eg trekte meg først og fremst for å bidra til å skapa ro i organisasjonen, og av omsyn til min jobb- og familiesituasjon, seier Eriksen.

Ho var ansvarleg for å syta for å teateret blei styrt etter «toleiarmodellen», der Lyngstad hadde det kunstnariske ansvaret, og direktør Atle Marøen det økonomiske og administrative.

Marøen avviser at det var høgt konfliktnivå mellom han og Lyngstad.

– Eg er like lei meg som alle andre for at Terje Lyngstad sluttar. Eg ser at saka blir omtalt som ei personkonflikt, men det er det ikkje for mi eiga del, i alle fall, seier Marøen.

Det er greske tragediar på scena, og greske tragediar på styrerommet.

Dag Rune Mo, konstituert styreleiar ved Hordaland Teater

– Skal bli ein del av «broadwayen»

Dag Rune Mo

OPTIMIST: – Vi har planar om å gjera Hordaland Teater til ein del av «broadwayen» i Bergen, og det skal vi få til, seier Dag Rune Mo, konstituert styreleiar ved Hordaland Teater.

Foto: Privat

– Vi er veldig leie oss for at han sluttar, men har forståing og respekt for avgjerda hans. Eg må jo seia at eg sjølv synest dette er ekstra leit, fordi eg oppmoda han til å søkja på jobben, seier Dag Rune Mo, som er konstituert som ny styreleiar i Hordaland Teater.

Lyngstad overtok formelt jobben 1. januar 2016. Åremålskontrakten batt i utgangspunktet 49-åringen til teateret i fire år. Etter at eit eksternt selskap blei hyra inn til å formulera sluttavtala mellom partane, blir Lyngstad sin siste arbeidsdag i staden 31. desember i år.

– Vi er veldig glad for at han blir med vidare i nokre månader, slik at vi får ei god overlapping med den nye teatersjefen. Vi har planar om å gjera Hordaland Teater til ein del av «broadwayen» i Bergen, og det skal vi få til, seier Mo.

Teateret har flytta til Logen i Bergen sentrum, like ved Den Nationale Scene og Ole Bull Scene. 21. september har dei premiere på første oppsetjing i dei nye lokala, med «Namnet» av Jon Fosse.

– Vi fekk klar beskjed om å rydda opp

Hordaland fylkeskommune eig 60 prosent av Hordaland Teater, som får kring 20 millionar kronar i støtte kvart år.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun har saman med administrasjonen vore i to møter med styret dei to siste vekene. På det siste møtet, fredag, informerte styret om at Lyngstad sluttar.

– Eigarane har gitt oss klar beskjed om at vi måtte rydda opp, fortel Mo.

– Det er ikkje tvil om at dei har kome i ein vanskeleg situasjon. Då eg fekk høyra om dette tidleg på forsommaren, høyrdest det for meg ut som om dei trengde juridisk bistand. Det var det styret sjølv som måtte vurdere, men vårt bodskap var at dette måtte dei rydda opp i, seier fylkesordføraren.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

VIL HA RO: – No er det aller viktigaste at Hordaland Teater får den ro, dei rammene og den utviklinga dei fortener, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Har hatt vedvarande konfliktar i mange år

Det er ikkje første gang ein høyrer om arbeidskonfliktar i Hordaland Teater, eller i kulturlivet generelt. Seinast i fjor blei ein liknande konflikt rulla opp på Den Nationale Scene i Bergen.

Direktør Bente Hartvedt Ringstad og teatersjef Agnete Haaland hadde to av hovudrollene. Haaland følgjer slik sett i fotspora til si mor, Anne Gullestad. Gullestad var Hordaland Teater sin første teatersjef. På slutten av 80-talet blei ho samstundes sjef for Riksteatret, trass i at dei tilsette gjekk ut med mistillit mot Gullestad før tilsetjinga.

Mot slutten av 2000-talet sleit Hordaland Teater også med intern strid, syner historia (trykk på pila):

Smått paradoksalt enda Finn Bjørn Tønder, BT-journalisten som tettast følgde konflikten kring teatersjef Arvid Ones på slutten av 2000-talet, sjølv i sentrum for intern strid etter å ha gått over til jobben som kommunikasjonssjef ved DNS.

I fjor gjekk av fordi han ikkje orka direktørens «manipulering og diktatoriske leiingsmetodar». Det skjedde berre eit par år etter at DNS var i arbeidsrettssak mot Øyvind Eskildsen, mangeårig produksjonsteknisk ansvarleg ved teateret.

Kulturredaktør i Bergens Tidende, Frode Bjerkestrand, skriv i dag at han meiner parallellen er påfallande mellom det som no har skjedd ved Hordaland Teater og DNS-historia og andre anekdotar frå norsk kulturliv.

Birthe Eriksen

– SPESIELLE SAKER: – Det har jo dukka opp nokre spesielle saker dei siste åra også, som vi har løyst fortløpande. Denne siste saka kom overraskande på, seier nyleg avgått styreleiar ved Hordaland Teater, Birthe Eriksen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Mykje kjensler inne i biletet, og tøffe tak

– Hordaland Teater har jo hatt vedvarande konfliktar i fleire år, seier konstituert styreleiar Dag Rune Mo.

Han meiner likevel det blir feil å karakterisera teateret som eit «vepsebol», fordi han som Bjerkestrand meiner ein stadig ser døme på liknande saker ved andre kulturinstitusjonar.

– Viss du går til Brann Stadion, Den Nationale Scene eller Den Norske Opera, til dømes, ser du at dette er ein gjengangar. Det er slik det er, med mykje kjensler inne i biletet, og tøffe tak. Det er greske tragediar på scena, og greske tragediar på styrerommet, seier den konstituerte styreleiaren.

Birthe Eriksen var styreleiar i vel fire og eit halvt år før ho trekte seg.

– Eg vil seia at vi i dag er ein heilt annan stad enn vi var for fire-fem år sidan. Administrasjonen har blitt profesjonalisert og rusta mellom anna til å gjennomføra flytteprosessen til Logen, seier Eriksen.

Ho peikar på at konfliktane kring Arvid Ones var før hennar tid. Men heller ikkje Eriksen var skåna for personalsaker i si regjeringstid.

– Det har jo dukka opp nokre spesielle saker dei siste åra også, som vi har løyst fortløpande. Denne siste saka kom overraskande på, seier Eriksen.

Styreleiar: – Vi må gå i oss sjølv

Kulturredaktør Bjerkestrand plasserer delar av skulda for konfliktane på toleiarmodellen, som han karakteriserer som ein prinsipiell mistillit til at ein kunstnerisk leiar også kan ta administrativt ansvar.

«At det offentlige mener at en økonom må holde en teatersjef i ørene, er kanskje forståelig. Men hvorfor blådressen må ha likestilt direktørstilling, finnes det knapt rasjonelle grunner for. Det viser den nære teaterhistorien», skriv kulturredaktøren.

– Den er det eigaren som har bestemt, og ikkje noko vi i styret har hatt innverknad på, seier avgått styreleiar Eriksen om modellen.

Julerosene

– TØFFE TAK: – Det er mykje kjensler inne i biletet, og tøffe tak, seier Dag Rune Mo, konstituert styreleiar i Hordaland Teater. Biletet er frå teaterets oppsetjing av «Julerosene» i fjor.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / Hordaland Teater

Den nye styreleiaren er open på at styret kunne ha vore tydelegare og kommunisert betre i Lyngstad-saka.

– Teatera rundt om i Noreg har stort sett same modell. I styringsdokumenta hjå oss er det tydeleg at det er teatersjefen som er øvste leiar. Både eigar og styret er veldig tydelege på at det er kunstdelen som er det styrande for teateret, seier Dag Rune Mo.

– Kvifor trur du Lyngstad oppfatta at han ikkje var den som tok dei endelege avgjerdene?

– Ein kan gjerne vedta ein modell, men den må også skapast og følgjast opp i det daglege, seier Mo.

Han seier det er blir feil å seia at styret lova Lyngstad det «fulle leiaransvaret» etter at teatersjefen sa han ville slutta, men at det som var teateret si nedfelte styringsmodell blei kommunisert. Mo understrekar at Atle Marøen har gjort jobben sin som direktør slik styret har føresett, og seier det er styret som har ein jobb å gjera med å bli tydelegare.

– Både styret, leiarar og tilsette må gå i seg sjølv og sjå kva vi kunne gjort annleis. Styret har ei utfordring i å få avklart grenselinjene mellom direktør og teatersjef tydeleg før vi går ut og hentar ein ny teatersjef, seier Mo.

Terje Lyngstad

BLIR NOKRE MÅNADER TIL: Terje Lyngstad sit som teatersjef fram til nyttår. – Eg kjem til å bidra så godt eg kan til å gjera overgangen så god som mogeleg, sa Lyngstad til NRK søndag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Styret kan bli bytta ut i mars

Han seier fylkeskommunen no har varsla at dei vil evaluera styret i Hordaland Teater. Sjølv blir Mo truleg sitjande som konstituert styreleiar i vel eit halvt år.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun vil ikkje svara direkte på spørsmål om fylkeskommunen har tillit til styret.

– På fylkestinget i mars vil vi fremje ei sak om den totale styresamansetninga, er alt fylkesordføraren vil seia om styret på noverande tidspunkt.

– No er det aller viktigaste at Hordaland Teater får den ro, dei rammene og den utviklinga dei fortener, seier Hestetun.

Atle Marøen stadfester at han held fram som direktør ved teateret. Kven som blir hans kollega i toleiarmodellen, blir truleg klart om ikkje altfor lenge.

– Vi må finna ein ny teatersjef i løpet av hausten. Det bør skje relativt raskt, slik at vi får ei god overlapping mellom den påtroppande og avtroppande teatersjefen, seier Mo.