Sondre Rivedal Tjugen

I DAG: «Gaute» er i dag blitt 30 år og jobbar som programmerar for IT-selskapet Digitroll i Bergen. – Det blir nok ikkje så veldig mykje meir skodespel på denne karen her. Kanskje nokre revyar når eg blir eldre, humrar Sondre Rivedal Tjugen.

Foto: Privat

Kjenner du att denne karen frå barne-TV?

Då holmedølen viste det over 20 år gamle barne-TV-opptaket til dottera si, trudde ho det var seg sjølv ho såg ...

– Ho gjorde store auge. Men eg må vedgå, det var med god grunn. Det var absolutt likskapstrekk, ler Sondre Rivedal Tjugen.

Han er 30-åringen på biletet. Og fylkets første barne-TV-stjerne. Sjølv om han ikkje vil kalle seg det sjølv.

For holmedølen hadde hovudrolla i NRK Sogn og Fjordane sin første barne-TV-produksjon, «Gaute og Gullit».

– Såg seg sjølv

Til neste år er det 25 år sidan Tjugen sprang rundt som «Gaute» framfor kameraet på Åsane i Førde, iført olabukse, caps, hettegenser, langt flagrande hår – og sjølvsagt med geita «Gullit» like i nærleiken.

Den då seks år gamle Tjugen er ikkje heilt ulik si no seks år gamle dotter.

– Ho var kring tre år første gong ho såg opptaket av ein unge som likna veldig på henne. No er ho seks, og ho forstår meir. Det hadde vore artig å vist henne det igjen. Kanskje det blir årets juleaktivitet. Eit gjensyn med «Gaute og Gullit», ler 30-åringen.

Slik starta det

Gaute og Gullit

1991: Slik såg Sondre Rivedal Tjugen ut i rolla som «Gaute» for 25 år sidan. – Vaksen opp på gard øvst i Rivedal, med lang veg til kameratar, så var nok dialekta ganske grautete, seier Sondre Rivedal Tjugen.

Foto: NRK

Den fem episodar lange serien fekk mykje skryt og vart rekna som viktig for å styrke nynorsk barne-TV. Serien bana også veg for meir nynorsk barne-TV på skjermane. Også produksjonar frå Sogn og Fjordane.

Tjugen har sjølv serien i VHS-opptak heime på Rivedal.

– Det er kjekt å ha vore med å skape noko som andre born kunne få glede av å sjå. Eg ser tilbake på serien med gode kjensle, seier han og fortel at det var mamma som starta det heile. Då NRK søkte etter kandidatar til produksjonen, var ho rask med å melde han på til prøvespeling.

– Eg song heilt forferdeleg falskt, men gjorde det sikkert greitt på prøvespelinga. Oppvaksen på gard og ruskete i stil med langt hår, olabukse og caps, så hadde eg kanskje den framtoningen dei ynskte, humrar 30-åringen.

Sette seg opp i eit tre

Sjølv meiner Tjugen at han stort sett var grei å ha med å gjere på settet, men vedgår at han kanskje ikkje alltid var flinkast til å telje til ti om det butta litt i mot.

– Det var nok eg som ofte var utslagsgjevande faktor om vi måtte ta ting opp att og andre skodespelarar byrja å bli litt småleie, mimrar han. Og hugsar spesielt godt ein varm innspelingsdag på garden i Åsane.

– Eg tykte det var for mykje krav om å spele rett og å seie dei rette replikkane. Sjølv om replikkane var veldig enkle. Eg fekk nok og klatra opp i eit tre. Der vart eg sitjande til eg fann det for godt å komme ned på eiga hand, minnast 30-åringen.

Episode 1 av barne TV-serien Gaute og Gullit.

EPISODE 1: Gaute får Gullit i bursdagsgåve.

– Mykje humor

Gullit

LYDIG: «Gullit» både før og etter innspelinga på garden til Tjugen. – Vi hadde to kandidatar vi skulle fôre opp og dressere til å kunne fungere i ei slik rolle. Den lydde faktisk når ein ropte på ho, og den helt seg stort sett i ro. Så eg fekk eit ganske godt forhold til den allereie før innspelinga, fortel han.

Foto: NRK

– Det hugsar eg, storskrattar Ann-Kristin Rasmussen, som i ein alder av 11 år spelte «Silje», storesyster til «Gaute».

I dag er ho 36 år og er framleis å høyre på Barne-TV. Rasmussen gjekk på Barneteater i Førde då ho vart plukka ut til rolla. Sidan tok ho get til både filmlerret og teaterscene. No høyrer ein stemma hennar i fleire teiknefilmar.

Rasmussen hugsar godt unge Tjugen.

– Han var ikkje særskilt vanskeleg å ha med å gjere på settet, men han gjekk jo heile tida rundt med geita. Det var ikkje alltid at den ville det Sondre ville, eller Sondre ville det geita ville. Det gav grobotn til mykje humor, ler Rasmussen.

Serie på fem program med raggete barne-tv frå Førde.
(2) Butikk-boogie-woogie. 
Sju år gamle Gaute bur på garden Åsen i Sunnfjord. Han får ein geitekilling i fødselsdagsgåve. Ein dag spør bestefar om Gaute kan gå eit ærend på butikken. Geitekillingen Gullit vil absolutt vere med!

EPISODE 2: Gaute går på butikken for bestefar.

Kjend att på gata

Ann-Kristin Rasmussen som vaksen

SKODESPELAR: Ann-Kristin Rasmussen hugsar godt at ho fekk synge to songar til serien. – Det hender eg kjem på songane, og då kjem det mange tankar om ei fin tid, seier ho.

Foto: Hilde Johoneid

Rolla var den første ho fekk som skodespelar. Heller ikkje ho kjende seg som noko barnestjerne sjølv om ho vart kjent att gata i Førde. Det gjer ho forresten framleis.

– Eg har budd i Oslo dei siste 20 åra, men når eg er i Førde kjem det framleis folk bort og spør om eg ikkje er ho som spelte i «Gaute og Gullit», humrar ho.

Då serien gjekk på TV opplevde Tjugen å bli møtt av spøkande breking og mekring på skulen. Andre kommenterte at det var «guten med geita» som kom.

– Eg merka jo at eg vart kjent att på diverse tilstellingar eg vart invitert til, og det var andre born der. Eg tykte det var artig at folk skulle ha autografar, men det var veldig liten skala, seier han.

«Gaute» eller «Gullit»?

I dag er det litt annleis.

– Det kan jo hende at det dukkar opp i lystig lag seint på natta. At nokon plutseleg spelar av eit klipp dei finn på Youtube. Mange hugsar ikkje heilt om eg var «Gaute» eller «Gullit», flirer han.

Episode 3 av barne TV-serien Gaute og Gullit.

EPISODE 3: Gaute og Gullit blir med tankbil-Anna på tur.

– Kva har det betydd for deg å vere med på innspelinga?

– Eg vart ikkje noko skodespelar av det, men det er klart at når alt har gått i leik til du er seks år og då blir møtt av krav, oppgåver og forventingar til å prestere, så gir det deg identitet og du veks av det. Eg forstod tidleg at det var ein god porsjon alvor i det.

Møtte kjærasten

Medan Rasmussen hamna i Oslo, enda Tjugen i Bergen. Først via barneskulen i Holmedal og ungdomsskulen i Askvoll, til vidaregåande skule i Dale og Universitetet i Bergen.

Sidan 2004 har han budd i byen mellom dei sju fjell. Nyleg kjøpte han og sambuar Elise Grytten hus på Nesstun. Sambuarskapen er forresten eit tydeleg døme på at innspelinga i stor grad påverka livet hans.

– Elise jobba litt for Firda då ho gjekk på medielinja på Sandane. Tidleg på 2000-talet skreiv ho sak om «Gaute og Gullit». Vi fann tonen og vart kjærastar ikkje så veldig lenge etter. Vi er saman den dag i dag, seier han.

Episode 4 av barne TV-serien Gaute og Gullit.

EPISODE 4: Gaute byrjar å skulen.

Vart aldri skodespelar

Men noko skodespelar vart aldri Sondre. Derimot fatta han tidleg interesse for data og IT. Søkjer du opp namnet hans på internett, finn du han som tilsett i verksemda Digitroll. Og du finn musikk som han har laga.

– Eg fann ut at eg hadde fått lov til å gjere den delen. Og det var både interessant, spennande og kjekt å vere skodespelar. Det gjekk heilt greitt å fylle rolla som Gaute, men som ein profesjonell skodespelar som vaksen tvilar eg sterkt på at eg hadde klart å nå opp, seier han.

– Eg ser tilbake på serien med ei god kjensle. Men det blir nok ikkje så veldig mykje meir skodespel på denne karen. Kanskje nokre revyar når eg blir eldre, avsluttar han.

Episode 5 av barne TV-serien Gaute og Gullit.

EPISODE 5: Gaute, Silje og Gullit reiser på sirkus.