Ei nybakt mamma treng hjelp.
Når lammet vil ha den livgivande morsmjølka kjem det ikkje nok. Sauen har jurbetennelse.
Men dette er fleire dagar sidan. Sjølv med behandling har ho ikkje vorte noko betre.
Hjelpa er på veg.

Emilie kan ikkje bli sjuk

Er ein veterinær eller dyr, er det best å halde seg frisk.

Emilie Aksdal Sørland har jobba som dyrlege i litt over eit år. No er ho produksjonsdyrveterinær i Bergen.

Pasientane er dyra som etter kvart vert til maten, ulla og mjølka vår.

Eigentleg ville ho verte smådyrsveterinær. Kattar og hundar.

Ho likte seg betre i fjøs.

Men ein ting bekymrar ho.

Ho er redd for å verte sjuk.

For då må ein av dei to andre produksjonsdyrveterinærane i Bergen dekke vakta hennar.

Helg? Heilagdag? Kveld? Det speler inga rolle.

Ein kan jo ikkje bestemme når eit dyr vert akutt sjuk.

Men dyra er friskare no enn før.

Jordbruksnæringa krympar.

Det har vorte mindre å gjere for produksjonsdyrveterinærane.

Derfor har det vorte færre av dei.

Men me treng dei. Til alle tider i døgnet.

Desse få må stille opp når det smell.

Det er ikkje nok av dei.

Mattilsynet, Veterinærforeininga, kommunane og bøndene har for lengst slått alarm om veterinærmangelen.

I ein fersk rapport frå Landbruks- og matdepartementet oppgir halvparten av veterinærane at vakta er belastande ofte eller nesten heile tida.

«Eg har jo dritlyst å jobbe med dette, men om det ikkje vert betre kjem eg til å finne noko anna å gjere.»

Kommunane er lovpålagt å halde liv i ordninga.

Mange har i fleire periodar stått heilt utan veterinær på vakt, sjølv om dette strider med lova.

Emilie sin vikar har barn og treng barnepass.

Det er ikkje alltid lett å få tak i.

«Det var då eg fekk auga opp for at det kanskje er litt vanskeleg å krevje eit familieliv med vakta, sånn som ho er no.»

Men no er det andre barnefamiliar som treng hjelp.

Kalvar skal vaksinerast.

Dei får ein ekstra vaksinedose for at dei ikkje skal verte sjuke når dei går på beite.

Ein skal dekke store område. Halvparten av tida går med i køyring.

Emilie finn ut kva som er gale med sauen som slit med å gi lammet mjølk.

Delar av juret har begynt å døy.

Kaldbrann. Og det spreier seg.

Dei må ta ei avgjerd.

Er det noko meir me kan gjere?

På eit tidspunkt må ein setje det siste punktumet.

Me har kome dit no.

Men i fjøs går livet vidare.

Fotojournalist

Kristin Almeland Manger

Veileder

Ronald Hole Fossåskaret

Reportasjeleder

Astrid Rommetveit

Redaktør

Dyveke Buanes
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal