Nisse med termometer
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ikkje berre eit kort

Julekort kan brukast til så mangt. Lenge etter at dei har gjort nytta som julekort.

– Eg var med mannen min, Hallvard, på ei frimerkemesse. Han samlar på frimerke, og eg var berre med. Der var det også andre samleobjekt, og eg vart sitjande å sjå på gamle postkort, fortel Eli Viken.

Og då var det gjort. Der og då var ho på sett og vis biten av basillen. Samle-basillen. Denne trongen som mange kjenner på, lysta til å samle på noko som ein bryr seg om, som gir minner, eller som gir glede.

– Eg kom over ein del gamle julekort som Kjell Aukrust har teikna, og dei fall eg for. Utgangspunktet mitt for samlinga var humoren. Dei lune strekane, alle detaljane som ein kan sitje å sjå på lenge. Ein vert liksom ikkje ferdig med kortet på ein-to-tre, men ein kan stadig finne nye ting, seier Viken.

Aukrust-postkorta er sirleg samla i perm, mange av dei med plastbeslag inst, før dei er sett i plastlomme, to og to. Dermed er det lett å bla, og ein kan ta dei nærare i augesyn utan at dei risikerer å bli skadde av feittete fingrar eller anna som ikkje høyrer postkort til.

– Då eg tok til å samle hadde eg lite greie på kva eg skulle sjå etter. Men eg likte godt motiva og plukka etter det når eg kom over noko eg likte, seier Viken.

Eli Viken samlar på postkort

KJEKT: – Det er ikkje så ofte eg set meg ned og ser på dei, men når eg gjer det, så kosar eg meg veldig, seier Eli Viken. Ho har skikkeleg system på kortsamlinga si.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Samlar også landskapskort

Seinare har ho lært seg til å sjå litt nøyare på både frimerke og stempel.

– Det fortel også mykje om postkortet. Det seier noko om når det vart sendt, og litt om alder. Dessverre er ofte stempla dårlege, så det er ikkje alltid like lett å seie noko om kor gamle korta er, seier Viken.

Ho kjem opphavleg frå Alversund i Lindås utanfor Bergen, men kjærleiken førte ho til Jølster då ho knapt var 20. Her har ho budd i over 40 år, og sjølv om dialekten for alltid vil plassere ho på kartet litt nord for Bergen, har ho fått sterke røter i Jølster.

Så sterke at ho også samlar på gamle postkort med Jølster-motiv.

Gamle Aukrust-nissar

ENDRA: – Julekort har endra seg med tida. Dette er to av dei tidlege korta til Kjell Aukrust, fortel Eli Viken.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Det er ei interesse som har komme litt etter kvart. Men det er veldig spennande med desse gamle postkorta som syner landskap og bygningar. Dei fortel mykje om den endringa som har skjedd i samfunnet, seier Viken.

Ho syner eit gamalt postkort som syner ein stabbesteinskanta veg langs Jølstravatnet. Ser du litt nøyare etter, er det dagens E39. Hadde ein den gongen førespegla korleis vegen ser ut i dag, ville ein neppe fått gehør.

Inga krise i samleverda

Men korleis står det eigentleg til med samlelysta i Norge? Vi skal ikkje mange tiåra tilbake før det var heilt vanleg for born å samle på både bruskorkar, pennar, glansbilete og serviettar. I dag sit dei fleste med nasen i nettbrettet eller smarttelefonen, og bryr seg lite om å samle anna enn venner på sosiale medium.

Er det krise i samlarverda?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Men det går litt i bølgjer, og heng litt saman med kva som er trenden, seier marknadsansvarleg i Samler & Antikkbørsen, Bjørn Løvnæseth.

Ein vert liksom ikkje ferdig med kortet på ein-to-tre, men ein kan stadig finne nye ting.

Eli Viken

Heller ikkje professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, Lise Kjølsrød, trur samlelysta kjem til å forsvinne, sosiale medium til trass.

– Det som skjer på nettet skapar berre betre føresetnader. No er det langt enklare å finne kvarandre, lage fora, søkje opp folk som kan meir om feltet eller spesielle objekt, seier Kjølsrød.

Ho peikar på at postkort, til dømes, er kulturhistorie. Og lett å forstå at folk likar å samle på.

– Postkort finst i forskjellige typar og kategoriar. Når ein samlar så lagar ein seg ei fritidsinteresse som ein set seg inn i, både med tanke på type kort, mengd, kunstnar og likande. Ein ønskjer kanskje å få tak i visst mange i ein kategori, og når ein er ferdig, så får ein sosial utteljing. Og så blir ein gira på å samle på ein annan serie, meiner Kjølsrød.

Sjølv om professoren trur samlelysta vil halde fram, kunne Løvnæseth godt sett at det hadde grodd raskare i spora til dei gamle samlarane.

Mange vert ikkje samlarar før dei er godt vaksne. Det kan handle om at når ein vert litt eldre, så ser ein nokre verdiar som ein ikkje såg før.

Bjørn Løvnæseth

For mange samlarar har alder som fellestrekk med det dei samlar på.

– Ser ein på landsbasis så er mange av dei store samlarane godt vaksne. Men det er også ei naturleg årsak til at dei heilt yngste ikkje så ofte er å finne blant samlarane, og det handlar om at ein ofte må bli ferdig med utdanning, etablering og litt lån før ein har pengar å bruke på slikt, seier Løvnæseth.

Nissen som søv

HUMOR: – Det er likar best med Kjell Aukrust sin strek er dei mange detaljane og humoren i biletet, seier Eli Viken.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Om rekrutteringa kanskje ser ut til å gå litt tregt, trur ikkje Løvnæseth at samlarar er ein utdøyande rase.

– Nei, det trur eg ikkje. Alle menneske har ein medfødd samlemani. Det har lege i oss i uminnelege tider, frå vi samla mat og nøtter for å overleve. Ettersom samfunnet har endra seg, har vi fått hobbyar på litt andre måtar, seier han.

Ser ein på landsbasis så er mange av dei store samlarane godt vaksne.

Bjørn Løvnæseth

Kva som avgjer kva folk finn på å samle på, er ikkje lett å finne svar på. Men ofte handlar det om kjensler.

– Folk samlar på alt mogleg. Og berre så det er sagt, mange vert ikkje samlarar før dei er godt vaksne. Det kan handle om at når ein vert litt eldre, så ser ein nokre verdiar som ein ikkje såg før. Nostalgi og minner kan vere knytte til forskjellige ting, seier Løvnæseth.

Viss du er ein av dei som sit på fire album med glansbilete frå barndommen (gjerne då mønster og superslengbukser var på moten), så kan det godt hende du sit på ein liten skatt.

For glansbileta er slett ikkje utdøydde, dersom du trudde det.

– Overhodet ikkje. Glansbilete er stort. Og postkort er enormt stort, både i Norge og i utlandet. Eg vil karakterisere det som eitt av dei største samlarfelta, seier Løvnæseth.

Nissen les eventyr

GODT HUMØR: – Gode postkort er dei ein vert i godt humør av å sjå på, seier Eli Viken.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Kjøper, men sel ikkje

Eli Viken har ikkje tal på nøyaktig kor mange kort ho har samla på 20 år, men at det er hundrevis, er det lite tvil om.

– Eg tel dei ikkje. Og eg har ikkje noko mål om å ha flest mogleg. Det handlar meir om å ha dei rette korta. Kort som gir meg noko når eg ser på dei, seier Viken.

Sjølv om ho er over snittet interessert, vil ho ikkje kalle seg ein ihuga postkortsamlar.

– Det er ikkje slik at eg leitar febrilsk etter eitt spesielt kort. Eg er på messer innimellom, og kjem eg over noko eg likar, så kjøper eg. Men eg sel ikkje, seier Viken, som har eit spesielt forhold til julekorta til Kjell Aukrust, då det var dei ho først tok til å samle på.

– Du har ikkje tenkt å samle på nyare julekort då?

– Nei, nye kort fascinerer meg overhovudet ikkje. Julekorta har endra seg. Dei gamle kan eg sjå på lenge, men dei nye blir for glatte. Dei har ikkje innhald på same måten. Dei er rett og slett kjedelege, seier Viken.