Familien Jevnaker på Seimsåsen Aktivitetssenter

DEIRA ANDRE HEIM: I periodar er son Ivar Jevnaker, mor Marta Jevnaker, far Torgeir Jevnaker og dotter Kristin Jevnaker Seim vel så mykje på Seimsåsen som heime.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Denne familien står på for skiglade

ÅRDAL (NRK): Det snøar ikkje ferdige skispor, står det på ein plakat på Seimsåsen Aktivitetssenter i Årdal. Nei, spora er det familien Jevnaker som syter for, i tillegg til mykje anna.

Det starta på 1970-talet då Marta og Torgeir Jevnaker hadde ungar som ville gå på ski. No er dei i slutten av 70-åra begge to, men framleis held dei på med å legge til rette for at årdølar og andre kan gå til duk og dekka bord med oppkøyrde skispor og kaffi og vaflar etterpå.

I år er det 42. året Torgeir held på. No tel dei på knappane om dei skal overlate ansvaret til yngre krefter.

– Eg står no denne sesongen, men korleis det blir neste sesong veit eg ikkje. Det har med helsa å gjere. Det er fare for at dei må sjå seg om etter ein annan, seier Torgeir.

Og det er ikkje usannsynleg at det blir innan familien. For sonen Ivar og dottera Kristin har i mange år vore med foreldra på Seimsåsen.

Torgeir Jevnaker

TRIVST GODT: Torgeir Jevnaker forklarar 42 års innsats med at dette er noko han trivst med sjølv.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Trur nesten ikkje det er på Vestlandet

Det unike området på Seimsåsen – i 750 meters høgde – mellom Seimsdalen og Ofredalen på nordsida av Årdalsfjorden var fram til 1992 ein godt bevart løyndom. Berre nokre få lokalkjende visste kor flott det er der.

Men så vedtok Årdal kommune å byggje veg til Ofredalen. Mange kjenner kanskje til Ofredalstunnelen, som i si tid vart kåra til norsk attraksjon av Linda Eide. Tunnelen vart verdskjend fordi tunneldrivarane i starten ikkje gjorde den bratt nok. Dermed måtte siste delen bli svært bratt.

Men om du kjem gjennom denne tunnelen opnar det seg ei verd som mange ikkje hadde tenkt seg at dei kunne finne på Vestlandet.

– Eg har snakka med mange som kjem utanfrå, dei kan køyre på svart asfalt opp til tunnelen, og når dei kjem ut i andre enden er dei midt i vinterlandskapet, det er nesten som eit sjokk, seier enkelte. Dei trur nesten ikkje at det er Vestlandet, seier Torgeir.

Og medan mange skianlegg elles i Sogn og Fjordane i periodar har mangla snø har det ikkje vore noko problem på Seimsåsen. På 750 meters høgde er det sjeldan så mildt om vinteren at snøen smeltar vekk.

Starta med ein lysstolpe

Men la oss gå 42 år tilbake. Marta og Torgeir Jevnaker bur i Seimsdalen, både dei og ungane deira er skiinteresserte.

– Då hadde vi ikkje den utstyrsparken vi har i dag, men iveren og innsatsviljen var like god. Vi hadde eit anlegg som vi rigga opp nede i Seimsdalen. Då starta vi med ein stolpe og eit bensinaggregat med ei lastebillykt i toppen, fortel Torgeir.

Då hadde dei 400 meter med lysløype. Om dei berre hadde eitt lyspunkt, så var det til gjengjeld sterkt.

– Vi måtte vere forsiktige med å kike opp i stolpen når vi snudde, elles var vi blinde resten av kvelden. Men dette var starten på skigruppa i Årdalstangen Idrettslag.

Torgeir Jevnaker viser sporleggar han laga på 1970-talet og dagens trakkemaskin.

SJØLVLAGA LØYPELEGGAR: Torgeir Jevnaker med sporleggaren som han laga for snart 40 år sidan og som framleis er i sporadisk bruk, og med trakkemaskina som har overteke det meste av sporlegginga.

Laga eigen løypeleggar

I starten gjekk dei opp spora med ski. Men Torgeir er ein nevenyttig kar, og etter litt prøving og feiling fekk han laga ein løypeleggar som fungerte godt.

– Den kunne vi dra for hand. Ein gjekk i skisporet, medan to gjekk på sidene i stavfestet. Slik laga vi spor i løypa som var rundt 2,5 kilometer.

Og denne løypeleggaren er framleis i bruk, no med snøskuter som trekkraft.

– Han er veldig snau når det er spesielle forhold. Er det ein hard sole vi skal rive opp, då er det gamlingen som må til.

Då vegen til Ofredalen kom i 1992 var tida inne for å flytte opp på Seimsåsen. I starten heldt dei til i ei lånt Moelven-brakke. Dei fekk ei lysmast med to lyspunkt av Hydro. Det var nok til ei lysløype på 1300 meter.

Snømåking på Seimsåsen

MYKJE ARBEID: Å spa ned ein del av snøtyngda på taket av Aosahytta er mellom dei mange gjeremåla til Torgeir og Ivar Jevnaker. Kristin har tenkt seg ein skitur.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

5000 dugnadstimar på hytta

Då dei planla å byggje hytte var sonen til Torgeir, Ivar Jevnaker, ein av dei som var sentrale. Saman med Åge Valsvik og Johnny Bruheim teikna og prosjekterte han hytta. Bruheim dimensjonerte og kappa opp materialane nede i bygda.

– Så var det å frakte materialane opp, det skjedde på dugnad, det same gjeld bygginga. Vi hadde rundt 5000 dugnadstimar, vi jobba dag ut og dag inn.

I 1999 stod Aosahytta ferdig, og der har Marta trakta mykje kaffi og steikt mange vaflar. Ein tur inn i hytta er ofte premien for småfolk som går på ski eller prøver seg i akebakken like ved.

Torgeir Jevnaker

GODT NØGD MED UTSTYRET: Etter at dei fekk opp garasje i 2012 meiner Torgeir Jevnaker det meste er på stell på Seimsåsen.

– Naglesprett opp til albogane

Og utstyret er i dag eit heilt anna enn i starten. Ei stor løypemaskin kom på plass, ein snøskuter høyrer til, og i 2012 kom eit svært etterlengta bygg – ein garasje.

– Vi har hatt maskinane ståande ute i all slags vêr. Vi veit korleis det er å drive med vedlikehald i 17 kuldegrader og austavind. Då er det ikkje langt frå at naglespretta er langt opp mot albogane, seier Torgeir. Det er verkeleg snakk om før og etter garasjen.

Ivar skyt inn at det har vore nokre nattetimar som har gått med til reparasjonar.

– Når vi får maskinhavari dagen før eit skirenn har det blitt ein del skruing og telefonering til fagfolk, for trakkemaskina er ein komplisert innretning. Men vi har fått det til.

Heile vinteren køyrer dei opp ti kilometer med klassiskspor og skøytetrasé. I tillegg blir det køyrt opp turløyper til Bjørnaholten i nord og til Paradisjuvet i sør – ut på kanten der fjellet stuper 900 meter rett ned i Årdalsfjorden.

Der er det bygd ei varmehytte som kom på plass i 2006.

Naddvik

SVIMLANDE UTSYN: Går du ei av turløypene frå Seimsåsen kan du sjå 900 meter rett ned i Årdalsfjorden og mot Naddvik på andre sida av fjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Tek til å legge meg attover

Marta og Torgeir har vore pensjonistar ein del år, og arbeidet på Seimsåsen har fylt mykje av tida deira.

– På vinteren er vi her det meste av tida, seier Marta.

– Det blir mykje om sommaren også, for då må vi hogge og rydde i løypetraséen, supplerer Torgeir. Så vi er mykje her oppe, og vi trivst her. Det tek berre åtte-ni minutt å køyre opp. Eg veit ikkje om vi kan få det betre.

I tillegg til at dei trivst på Seimsåsen har dei heile tida hatt mål om å forbetre tilbodet, det har vore ei drivkraft i seg sjølv, seier Torgeir.

– Det å sjå at du har fått til noko, og at folk brukar det og er nøgde med det. Men då garasjen kom opp tok eg til å sjå enden på det. Så no tek eg til å legge meg attover, seier Torgeir.

Marta Jevnaker og Kristin Jevnaker seim

TRIVSEL INNANDØRS: Mor Marta og dotter Kristin har mange timar bak seg med kaffitrakting og vaffelsteiking.

Foto: Kjell Arvid Stølem / NRK

– Helsa held ikkje lenger

Marta seier at ho reknar med at ho snart må overlate til andre å syte for at folk får brus, kaffi og vaflar i Aosahytta.

– Det er nok på resten for meg, for helsa held ikkje lenger. Det har vore eit fint tilbod for familiefolk med mindre ungar, dei kan sitte her ei stund før dei fer ut att i bakken og akar.

Arbeidet i hytta går på dugnad, så Marta og dottera Kristin er ikkje åleine om det.

– Vi set opp vaktlister, men av og til manglar det folk, og då er det gjerne mamma og eg som steppar inn. I påsken er det standard å vere her, seier Kristin.

Fleire går toppturar

Ivar Jevnaker har og lagt ned mykje av livet sitt på Seimsåsen.

– Eg vaks opp med å gå på ski frå eg var ein neve stor, og eg har alltid ynskt å legge forholda godt til rette. Så eg har vore med på anlegget her, mellom anna med lysløypa. Vi har skote stein og hogge skog, drenert og lagt ut røyr.

Johnny Svåi

– HEILT ENORMT: Avtroppande leiar Johnny Svåi i Årdalstangen idrettslag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han er ikkje like ivrig på å gå i lysløypa lenger, toppturane lokkar meir.

– Far køyrer trakkemaskina, så tek eg skuteren og køyrer opp løypene til Bjørnaholten og Paradisjuvet og inn i Slettedalen. Det er ein del folk her med hovudlykt om kveldane. Stadig fleire kjem med randonnéski.

Torgeir Jevnaker er oppteken av å få med at dei slett ikkje er åleine om å halde skisenteret i drift. Det er mange som legg ned ein innsats, men det er ein han vil nemne spesielt.

– Olav Birger Hæreid hjelper oss med mykje, mellom anna drivstoff. Han har ei høg stjerne hjå oss.

Æresmedlemmer i idrettslaget

Det er Årdalstangen Idrettslag som eig Seimsåsen Aktivitetssenter. Johnny Svåi har vore leiar for laget dei siste åra, og han kan ikkje få fullrost den innsatsen familien Jevnaker har lagt ned for å gi folk gode skiopplevingar.

– Det er heilt enormt. Det er dei som syter for at vi har skispor og gode forhold. Dei har drive på sidan tidleg på 1970-talet. Det er heilt utruleg det dei har gjort, og det blir ei stor utfordring å fylle tomrommet når Marta og Torgeir gir seg.

Både Marta og Torgeir er utnemnde til æresmedlemmer i Årdalstangen IL. Sjølv seier Torgeir at han ikkje er så oppteken av om folk verdset det arbeidet han og resten av familien legg ned.

– Det viktigaste er at eg sjølv trivst med det eg held på med, og det har eg gjort, Talet på timar her oppe har eg slutta å rekna på, seier han, før han set seg i trakkemaskina for å ta turen rundt tikilometerløypa, slik at det blir perfekte forhold for skiglade årdølar.