Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

FAR OG SON: Lars L. Ese med Lars Hallvard Ese på armen. Både far og son vart skyttarkongar.

Foto: Privat

Den største stjerna på skyttarhimmelen

BALESTRAND (NRK): Lars L. Ese d.y. var fire gongar skyttarkonge og allereie den største legenda i norsk skytesport då han døydde i ung alder. Han fekk aldri sjå sonen gjere meisterstykket å bli skyttarkonge sjølv.

– Vi har hatt mange stjerner opp gjennom skyttarhistoria. Tredoble skyttarkongar. Fantastiske skyttarar. Men det finst berre éi legende: Lars L. Ese, seier Tor Idar Aune.

Denne veka er Aune igjen på plass som sportssjef i Norges skyttarforbund og speaker når Landsskyttarstevnet går av stabelen i Førde.

– Det er på grunn av dei fire kongetitlane, men også den auraen som var rundt han. At han i tillegg døydde altfor tidleg og oppnådde resultat på Landsskyttarstemnet som ingen andre har makta på den korte tida han var med oss, forsterkar biletet av ei legende. Tenk kva han kunne ha utretta dersom han hadde fått halde fram å leve og skyte, seier han.

Faren var superstjerne

– Far min var nok på mange vis ei stjerne. Eg har inntrykk av at han var kjendis med stor K, seier Lars Hallvard Ese.

Sogningen sit ved kjøkkenbordet heime på Ese. Frå garden har han utsikt over fjorden. Han kan så vidt skimte Balestrand nokre kilometer unna. Det var her Lars Hallvard vaks opp med ein far som var superstjerne i skyting. Korkje før eller seinare har Norge fostra ein større skyttar.

Lars L. Ese d.y. er framleis den einaste som har klart meisterstykket å bli skyttarkonge fire gongar, men han skulle ikkje få med seg at sonen også gjekk til topps.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

HERLEG BILETE: Biletet av far og son betyr mykje for Lars Hallvard Ese, som sjølv vart inspirert til å satse på skytesporten då han fekk høyre historiene om faren Lars L. Ese.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Indre Ese, sommaren 1927. Fem år gamle Lars L. Ese er med pappa på skytebana. Faren Lars L. Ese d.e. er ein ivrig jeger og skyttar. Han er formann i skyttarlaget. I ein pause mellom skyteseriane pikkar femåringen faren på skuldra, og peikar frå standplass: «Du pappa, den skiva heng opp ned». Ingen av gamlekarane vil høyre på han. Først når dei vaksne seinare går fram for å inspisere skivene, viser det seg å stemme. Gutungen hadde sett rett på hundre meters avstand. Skiva heng feil veg.

Historia har blitt fortalt i fleire versjonar og frå fleire skytebaner rundt omkring. Så det er tydeleg at Lars L. Ese d.y. tidleg utmerkte seg med eit svært godt syn. Han vart også tidleg interessert i jakt på småvilt, fuglar og ekorn, og han sparte pengar til si eiga jaktrifle allereie i 12-13-årsalderen. Då han etter kvart fekk vere med på hjortejakt, oppdaga dei vaksne at han hadde talent og at han kanskje burde vere med på baneskyting. Det blir sagt at han skaut bra allereie på sitt første stemne som 17-åring i tida før andre verdskrig braut laus.

– Då krigen braut ut var eg 18 år og komen i klasse 3. Der byrja eg i 1946 og gjekk opp i klasse 4 året etter, skriv Lars L. Ese sjølv i kapittelet «Mitt liv som kragskytter» i bokverket Norges skyttere i ord og bilete.

Han held fram:

– Første gongen eg skulle vere med på landsstemna var på Os i 1947. Den gongen følgde flaksen meg, og eg drog av stad med Kongepokalen.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

INTENS TEVLING: Lars L. Ese d.y. på skive ein, ein posisjon han blei vand med som ein av landets aller fremste idrettsstjerner.

Foto: Privat

Såvidt han fekk lov til å reise

Det var berre så vidt odelsguten hadde fått lov til å reise, midt i slåtten som det var. Det var stort behov for arbeidskraft, og i tillegg kosta reisebillettane nokre kroner – sjølv om reisa gjekk berre til Os.

– Far min hadde vunne samlagsstemnet på Lavikdal, og om kvelden diskuterte skyttarane om han ikkje burde reise på LS. Pappa var i sitt livs form og ville til Os, men bestefar meinte dei måtte heim og slå. Då blanda formannen i laget seg inn med bøn om at han måtte få reise, fortel Lars Hallvard Ese.

Formannen fekk viljen sin. Det skulle vise seg å bli starten på eit eventyr av dei sjeldne.

Ese opna med sterke 95 poeng på grunnlaget – tre skot ståande, tre kneståande og fire liggande i ein serie på to minutt. Det var det beste resultatet nokon gong. Resultatet gav Ese den gjeve offiserspokalen. Med 91 på den første omgangen låg han dessutan heilt i teten før finaleomgangen.

Der måtte Ese nøye seg med 84 poeng i den vanskelege vinden, men det heldt likevel så vidt til kongetittel og kongepokal. 270 poeng var meisterskapsrekord med det dåverande skyteprogrammet, og den totalt ukjende sogningen hadde parkert mellom andre OL-vinnar og favoritt Willy Røgeberg med god margin.

På radio vart Ese presentert av NRK-reporter Per Jorsett som ein 25 år gammal staut bondegut. Det gjekk litt tid før sluttresultatet kom, og Ese ville ikkje bli intervjua før sigeren var offisielt stadfesta. Då small svara på klingande sognemål, så "en stakkars østlending hadde sine største problemer med å forstå hva samtalen egentlig gikk ut på", fortalde Per Jorsett seinare. Utdraget er frå intervjuet etter at sigeren var klar:

– Hadde du trudd at du skulle reise heim med Kongepokalen?

Nei.

– Var det ei stor påkjenning?

– Nei, eg kan ikkje seie det. Den siste omgang røynde mest. Den andre omgangen gjekk flott.

– Blir du ein flittig gjest på skytebanene framover?

– Ja. Eg får håpe det, om ikkje noko spesielt skulle skje.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

HYLLA PÅ HEIMEBANE: Lars L. Ese d.y. har vunne sitt første Landsskyttarstemne, og vart boren på gullstol av sambygdingane i Balestrand då han kom heim.

Foto: Privat

Teken imot som ein folkehelt

Balestrand, sommaren 1947. Ein stor folkemengde har samla seg på kaien nedanfor Kviknes hotell i sentrum av den vesle sognebygda. Dei tek imot den ferske skyttarkongen.

Då han kjem i land blir han boren rundt i bygda på gullstol av naboen Olav E. Ese og skyttarvenen Olav A. Sjøthun. Sitjande med blomster og store pokalar i hendene blir Lars L. Ese hylla av sambygdingane. Det er ei storstilt mottaking, som det sømer seg for ein skyttarkonge. Det er ei stemning utan like.

Bygdefolket hadde for første gong fått høyre namnet på bygda si i radioen. Stemninga hadde stige for kvar dag gjennom Landsskyttarstemnet, og klimakset kom då Ese returnerte til sine eigne. I ei tid med mangel på mykje, og med tomme butikkhyller etter krigen, var gleda ekstra stor over at ein av bygda sine eigne hadde triumfert på skytebana.

Men Lars L. Ese d.y. ønskte ikkje å bli haussa opp.

– Han var idrettsmann og konkurransemenneske, og på skytebana var han klar over at han var ein av dei beste. Men til kvardags var han den same, og han var oppteken av at han ikkje skulle ha nasen i sky sjølv om han vann, seier Lars Hallvard Ese.

Dei første etterkrigsåra kjempa deltakarane om skyttarkongetittelen i hurtige seriar, og det var ikkje lett å forsvare posisjonen år etter år. Det skulle gå fire år før Lars L. Ese slo til igjen, men i mellomtida hadde han vist seg fram som hurtigskyttar ved å ta den tradisjonsrike Stangmedaljen i 1949 og å vinne felthurtigskyting i 1950.

Som fire år tidlegare var det heller ikkje i 1951 sjølvsagt at han kunne reise på LS. Han hadde nyleg blitt trulova, og syntest korkje han hadde tid eller råd tid til å reise så langt som til Bardufoss. Påmeldingsfristen gjekk ut utan at skyttarkongen var påmeld.

«Men mange ting kan forandre seg. Skyttarane i Sogn hadde samla reisepengar til meg, og ein dag ringde samlagsformannen i Sogn Indre og bad meg melde meg til stemna i Bardufoss. Eg diskuterte med lagkameratane om eg skulle ta imot dette tilbodet, og dei meinte det var uhøfleg å ikkje ta imot. Eg sende telegram om det let seg gjere å skyte på tidene til ein eller annan som hadde meldt fråfall. Alt same kveld kom det svartelegram at innmeldinga var i orden», skriv Ese i ettertid.

– Då følte han nok at han var nøydd til å vinne. Han hadde eit press på seg. Under stemna kom det protestar mot at han ikkje var påmeld innan fristen, men skyttarstyret avviste protestane, fortel Lars Hallvard Ese.

Før finalen bada Lars L. Ese i ei iskald elv for å vakne skikkeleg. Han var under press, og gjorde det han meinte måtte til for å vinne – og klarte det.

Det seier mykje om skyttarkongen frå Sogn. Han var ein hardhaus, og ifølgje Per Jorsett ein fargerik person med gneistrande temperament. Ese var ingen typisk skyttar – den rolege og flegmatiske typen, som tek alt med fatning. Når noko gjekk han imot, melde han tydeleg ifrå. Og han var seriøs til fingerspissane. Ese la inn ekstra skytetrening medan dei andre arbeidskarane venta på middagen under slåttonna heime på garden. Han forska mykje på korleis han kunne skyte betre, og han var i så god fysisk form at han vart krinsmeister på langrenn. Han hadde ei stund også løyperekorden i Esefjorden rundt.

Samstundes var han ein kald fisk.

– Eg plar ofte merke nervøsitet framfor konkurranse. Eg vert rastlaus og har lite lyst på mat. Det einaste som smakar er mjølk. Både i Bardufoss og på Os nytta eg ikkje anna enn mjølk den dagen omgangane vart skotne. Men i slike tilfelle skyt eg oftast best. Er eg godt nervøs på førehand, vert eg som regel kald når eg kjem på standplass, skriv han i «Mitt liv som kragskytter.»

Var nervøs før tevlingane

Ifølgje sonen kunne faren vere så nervøs og rastlaus i dagane opp mot eit større stemne, at han ikkje var god å ha i hus. Det har han fått fortalt frå mora Kari.

– Han trente, sjekka våpen og var berre oppteken av konkurransen som venta. Men så snart han skulle skyte, gjekk han inn i ei boble. Han var nok eit konsentrasjonsfenomen, meiner Lars Hallvard Ese.

Den doble skyttarkongen vart i 1952 teken ut til sportsskyttarane sin verdsmeisterskap på Løvenskioldbanen i Bærum, der han fekk bronse i lagskyting med armégevær.

Den tredje kongepokalen tok han i 1954 på Vatnebana utanfor Stavanger, nok ein gong i kaldt og vått vêr – noko som tydeleg ikkje var noko hinder for Ese. Denne gongen vann han med større margin enn nokon gong. Ny meisterskapsrekord igjen. Men bonden frå Sogn var på ingen måte mett på suksess.

Kongsvinger, søndag 3. juli 1955. Det er strålande sol og sommarvarme. Dei 26 beste skyttarane er i gang med finaleomgangen, og på skive to i kongelaget ligg Lars L. Ese frå Balestrand. Han har 190 poeng, eitt mindre enn Gunnar Bøe frå Stavanger, og har nyleg skote ufattelege 97 poeng på grunnlaget. Skal han klare å ta sin fjerde kongetittel? Skyttarane er ferdige, og reiser seg frå skytestillinga. Dei set seg til for å vente.

– Dette skulle aldri vore tillate, seier Ese. Sogningen som er kjend for å ha ekstremt god kontroll på nervane, held nesten ikkje ut spenninga.

Etter ei ventetid som kjennest nesten evig, kjem anvisinga til dei to duellantane i teten. For Ese går anvisarspaken rett i niaren. Dei 3500 tilskodarane jublar. Ese får fire niarar til, resten er tiarar. Han får til saman 285 poeng. Det er utrulege sju poeng betre enn hans eigen meisterskapsrekord frå året før.

Så er det Bøe sin tur. Han får berre 85 poeng på sin serie, og fell heilt ned til fjerdeplass. Han rettar fram handa og gratulerer overmannen sin.

Lars L. Ese har klart det ingen andre har klart – korkje før eller seinare: Han har blitt skyttarkonge for fjerde gong.

«Viss nokon spør meg om tidenes beste landsskyttarprestasjon, kan eg vanskeleg gje svar. Men éin ting er sikkert: Grunnlagsskytinga til Lars L. Ese under Kongsvinger-stemnet i 1955 kjem svært høgt opp på lista. For fjerde gong var han landets skyttarkonge. Det er nesten ikkje meir å tilføye. Tala taler sitt eige og svært tydelege språk», skriv Per Jorsett.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

MINNESTØTTE: Bygdefolket i Balestrand har reist ein bauta over Lars L. Ese d.y., som vart sjuk og gjekk bort då han berre var 38 år gammal.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

Blei alvorleg sjuk

Ese hadde klart meisterstykket å bli skyttarkonge fire gongar på berre sju sesongar. For det fekk han den prestisjetunge Morgenbladets gullmedalje. Og han var framleis berre 33 år. Ein mann i sin beste alder, vil mange seie. Mykje tyder likevel på at han allereie var blitt sjuk. Nokre år seinare fann legane ein svulst på hjernen hans. Lars L. Ese d.y. vart operert på Rikshospitalet og var der lenge. Han sovna inn heime på Ese i mai 1960.

– Han hadde truleg gått med svulst på hjernen i 10–12 år. Han hadde ein del epilepsi-liknande anfall, men legane skjønte ingenting. Ein så stor idrettsmann kunne liksom umogleg vere sjuk, seier Lars Hallvard Ese.

Han var berre åtte år då faren til slutt måtte gje tapt for kreften. Men skyttarkongen gav seg ikkje utan sverdslag. Idretten dreiv han med heilt til det siste. Ese skulle skyte då han i 1956 fekk anfall under Britannia Shield Competition i London. Han vart køyrt med ambulanse til sjukehus, men legane fann ingenting – og Ese kom tilbake og vann konkurransen.

Like greitt gjekk det ikkje i kvardagen. Bonden frå Sogn hadde etter kvart store problem med å klare sine daglege gjeremål på garden. Det gjekk på økonomien laust. Så då han fekk tilbod om å vere med som skyttar på selfangst i Nordishavet med ei skute frå Ålesund, takka han ja – sjølv om det var risikabelt. Truleg freista både eventyrlysten og økonomien.

Hausten 1959 gjekk Ese til topps i Landsdelsstemnet på Leikanger. Her sikra han seg den vesle kongepokalen, som han lenge hadde hatt lyst på. Han var endeleg småkonge, og i den tilstanden var det ei storbragd. Dagen etterpå vart han køyrt til sjukehus i Høyanger.

Legane skanna hjernen og fann ein svulst. Turen gjekk rett til Rikshospitalet. Han vart operert, men det var for seint. Tilbake sat familie og skyttarmiljø i sorg. Sonen Lars Hallvard var berre åtte år.

– Det gjer noko med ein åtteåring å miste faren sin, og det sette sterke spor i meg. Det gjekk mange år før eg klarte å seie at han var død, seier Ese.

– Men då eg byrja å skyte sjølv, vart eg inspirert til å prøve å gjere det same som han.

Sjølv var han enno ikkje fødd då faren for første gong vann den store kongepokalen og vart skyttarkonge på Landsskyttarstemnet på Os utanfor Bergen. Men han kjenner historia om faren betre enn nokon andre. Og han er sjølv ein av dei største skyttarane våre.

Så var det sonen sin tur

Løvenskioldbanen i Oslo, sommaren 1980. Lars Hallvard Ese har i lang tid jobba mentalt med å førestille seg at han er nummer éin på Kongelaget. No er han der. Han går rett inn på standplass, ser seg ikkje rundt og prøver å overtyde konkurrentane om at han har full kontroll. Veit at han har tre poeng å gå på. Prikkar inn skot etter skot. Anvisinga kjennest uuthaldeleg, og tek forferdeleg lang tid. Han får først ein niar litt under, så ein niar rett over. Då forstår Ese at han har vunne. Det blir stadfesta då den første tiaren kjem. Han får 97 poeng, endar fire poeng framfor nestemann, og kan endeleg sleppe kjenslene laus. Då han får Kongepokalen frå kong Olav snur han seg til publikum og jublar. Han har klart draumen om å gjere det same som den legendariske faren.

– Eg hugsar ikkje så mykje av det som skjedde etterpå. Eg var i halvørska eit par timar, smiler Lars Hallvard Ese.

Han var så nervøs før finaleomgangen at han på veg inn på standplass gjekk rett forbi kona og dei to døtrene utan å leggje merke til dei. Då skytinga starta, klarte han å kople inn eit ekstra gir, som han meiner gir han eit fortrinn framfor andre når det gjeld som mest.

Kan hende er det ein eigenskap som går i arv. Begge Ese-karane hadde den unike evna å kunne gå inn i ei boble og overgå seg sjølv. Då Lars Hallvard Ese sjølv byrja å skyte i 15-årsalderen, kjende han ikkje på noko press om å skulle gå i fotspora til faren. Snarare tvert imot.

– Eg trefte etter kvart mange som hadde kjent han. Dei fortalde historier. Det gav meg ein glød. Men det kunne jo ha slege begge vegar, seier Ese.

– Det var ikkje berre-berre å skulle nå opp til ein slik far?

– Nei, det er klart. Men eg såg jo at det går an å bli skyttarkonge, og eg hugsar mor mi fortalde kor mykje far min strevde for å vinne. Så eg hadde eit bilete av kor hardt arbeid som skulle til, og då eg ville prøve meg for alvor, byrja eg å trene fleire timar for dagen. Eg er nok eit større produkt av trening enn far min, seier Lars Hallvard Ese.

Han vart raskt ein av dei beste skyttarane i Sogn og Fjordane, og allereie som 17-åring vart han nummer tre på fylkesstemnet for senior. Han gjekk heilt til topps då han var 19 år. Han hadde ei rivande utvikling. Tidleg i 20-åra kom dei første tankane om at han kanskje hadde det som skulle til for å bli skyttarkonge ein gong.

– Eg hadde definitivt ikkje tru på det, men eg ville trene og sjå kor langt eg kunne komme.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

KOPIERTE FAREN: Lars Hallvard Ese er tilbake i Balestrand etter triumfen på Landsskyttarstemnet i 1980. Den ferske skyttarkongen forlèt seremonien ved rådhuset, og tek med seg pokalane til festmiddagen som ventar.

Var godt førebudd

Håpet vart for alvor tent etter at han først vann landsdelskrinsstemnet for Fjordane krins og vart småkonge i 1976. Deretter slo han gjennom for fullt då han vart skyttarprins under Landsskyttarstemnet på Ulven ved Bergen i 1977. Det var same staden som faren hadde blitt skyttarkonge for første gong. Sjølv var han overraska over tittelen, men då såg han at det var mogleg å klatre heilt til topps.

Då han låg på skive éin i kongelaget i 1980, var han uvanleg godt førebudd.

– Hausten i førevegen byrja eg seriøst å visualisere det som skulle skje. Eg såg på alle eventualitetar, gjorde det vanskelegare for meg sjølv på trening, og på stemne øvde eg på ulike situasjonar som kunne oppstå på landsstemnet. Eg gjorde LS ufarleg og vanleg for meg sjølv. Så hadde eg ein plan på korleis eg skulle takle ulike vanskelege situasjonar som kunne oppstå under stemnet, seier Ese.

Han hadde visualisert at han skulle tangere den personlege rekorden med 243 poeng på den innleiande skytinga, og klarte det akkurat. Ting gjekk etter planen. Då han kom på standplass til finaleomgangen, gjekk han rett inn, plukka fram tinga sine og såg ikkje på nokon. Skyttaren på skive to kasta stadig blikk bort på Ese, som konstaterte at han hadde eit psykologisk overtak. Den dagen viste han seg utilnærmeleg. Kongetittelen kom heim igjen til Ese etter 25 år.

– Eg tenkte ikkje på det den gongen, heller ikkje då minnesteinen av far min vart avduka i Balestrand same hausten. Det gjekk mange år før eg sette det i perspektiv. No ser eg jo at det er unikt, seier Lars Hallvard Ese.

Unikt for far og son

Han og faren er i ein eksklusiv klubb. Svært få fedrar og søner har klart å bli skyttarkongar. Det har ikkje skjedd etter at Lars Hallvard Ese vann Landsskyttarstemnet i 1980.

Sjølv heldt Lars Hallvard fram med å skyte godt utover 1980-talet. Han vart mellom anna nordisk meister, men fekk aldri full klaff på Landsskyttarstemnet igjen, og valde etter kvart å leggje mindre vekt på konkurransedelen av skytinga. No skyt han ikkje lenger for å vinne.

– Det er ikkje lenger kjekt med meisterskap. Eg synest det er kjekt å skyte og vere med i miljøet, men er definitivt ferdig med den delen av livet der eg skal skyte for å vinne. Etter Landsskyttarstemnet i Førde i 1988 har eg følt at eg har skrudd av mentalt. Det å få Kongepokalen kom nok ikkje heilt gratis. Det kosta nok meir mentalt enn eg var klar over, seier han.

– Vi har hatt veldig mange dyktige skyttarar som ikkje har klart å bli skyttarkonge. I det perspektivet er eg litt imponert over meg sjølv, seier Ese.

Skyttarkongen reiser seg frå kjøkkenbordet og går inn på stova. Gamle furuvegger talar om ein gard med lange tradisjonar, der Lars Hallvard Ese har vore bonde sidan han tok over drifta som 20-åring. I eit glasskap står dei på rekkje og rad: Fem kongepokalar. Fire av dei vart tekne av éin mann – ei skyttarlegende Norge aldri har sett maken til. Den femte tok sonen.

– Det er ikkje noko vi i familien snakkar mykje om, men det er jo stas. Lenge sat eg kvar julehelg i 10–15 minutt og såg på pokalane våre. Det er ein viktig del av historia vår, seier Ese medan han tek fram den store pokalen som faren vann i 1947.

Den gongen var det ingen som kunne spå at det skulle bli fem kongepokalar i samlinga. Eller at karrieren til skyttarkongen framfor nokon skulle bli så kort. Berre i fantasien kan vi førestille oss kva Lars L. Ese d.y. kunne ha drive det til om han hadde fått leve lenger. Det er lett å la seg fascinere.

– Det er ei vakker historie om ein familie med spesielle emne innanfor idretten vår. Vi har sett søner følgje i mødrer, fedrar og bestefedrar sine fotspor på Landsskyttarstemnet, men historia om Lars og Lars Hallvard er nok den sterkaste, seier Tor Idar Aune.

Lars L. Ese d.y. og Lars Hallvard Ese

SØLVTØY: Dei fire kongepokalane som Lars L. Ese tok i perioden 1947–1955.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK