Georg Olafr Reydarsson Hansen
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Den nye høvdingen

GUDVANGEN (NRK): Då kona gjekk frå han lét den kristne t-skjorteseljaren skjegget gro og blei viking. No er han høvding i Norges nye vikingby.

Georg Hansen, med statue på Hemsedalsfjellet

STATUE: I Hemsedal finst det ein statue av Georg som viking.

Foto: privat

– Eg kler meg ikkje ut. Eg kler meg opp. Men av og til kler eg meg ut. Då tek eg på meg t-skjorte og olabukse.

Skjegget er langt. Litt bustete. Håret like eins. Reveskinnshua tronar på toppen. Kleda av lin og ull er vide, heimefarga og broderte. På armar og hender blenkjer det i edelt metall. Rundt halsen heng fleire anheng. Tors hammar. For vikinghøvdingen er dette eit slags kors.

Georg Olav Hansen (63) kallar seg i dag Georg Olafr Reydarsson Hansen, og er høvding i Njardar Vikinglag. Mange kallar han berre Georg Viking.

Den gode viking

Mynt, Jarl Olafr (Georg Hansen)

EIGEN MYNT: Georg er også myntslager. Denne mynten har han sjølv fått utvikla og lagar sjølv. Ser du nøye på mynten så står det Jarl Olafr.

Foto: privat

Vikinghøvdingen har eit vennleg andlet. Smilet kan skimtast bak det grå skjegget og dei smale auga. Dei som kjenner han, kjenner også til latteren. Ei lett humring både titt og ofte. Men straks nokon tek fram eit kamera får han høvdingblikket. Eit morskare uttrykk. Det er ein del av rolla.

Som eit av Norges mest selde postkortmotiv og med eigen statue av seg sjølv i Hemsedal har han blitt eit symbol på sjølve vikingen i Norge. Men vald og plyndring held han seg for god for.

– Vikingane dreiv ikkje berre å herja. Dei var også handelsmenn og handverkarar, slår han fast.

Publikum, Vikingbyen Gudvangen

FØRSTE BESØK: 31. mai vart vikingbyen offisielt opna. Her får dei aller første besøkande ei fortryllande innføring i vikinglivet. - Vi leikar ikkje, men prøver å gje historisk korrekte opplysningar, fortel Georg.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Vi er i Gudvangen inst i Nærøyfjorden. Eller Njardarheimr inst i Njardarfjord om du vil. Ein by er i ferd med å vekse fram. Ein handelsby frå vikingtida.

Høvdingen hadde sjølv ideen for over 20 år sidan. Ideen om ein levande vikingby der dei som kjem innanfor portane får oppleve vikingtida, ta del i handelen og aktivitetane og møte vikingar. Ein av dei er vikinghøvdingen.

Georg Viking Hansen
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Med Munch på brystet

Georg Hansen med far sin 1957

REYDARSSON: Her er Georg saman med far sin Reidar i 1957. Som viking har Georg teke namnet Reydarsson etter han. Og Reydarsson har han funne ut at var eit vikingnamn på Island under vikingtida.

Foto: privat

Mannen med julenisseskjegget har ikkje alltid vore hekta på viking.

Som ung var han med i ei husmeinigheit i Oslo. – Eg var omreisande evangelist. Då heile meinigheita flytta til Gjøvik, gifta eg meg og slo meg ned der og fekk tre barn, fortel Georg.

På slutten av 80-talet mista han jobben då plastfabrikken han arbeida på vart flytta til Belgia. Etter ei stund slo han seg i hop med svogeren sin og ein kompis som hadde starta t-skjortefabrikk på Dokka.

Faksimile VG, Mars 1991

HANSEN-KLUBBEN: Georg Hansen (t.v.) er også president i Hansen-klubben. Her frå avisoppslag i 1991.

Foto: Faksimile VG, mars 1991

– Eg begynte som seljar for dei, men tykte det var så mykje klisjear på suvenirmarknaden at eg fekk designa t-skjorter med trykk av Edvard Munch for å få litt kvalitet på suvenirane, fortel han. Dette var starten på karriera som handelsmann.

Frå t-skjorter og suvenirar til sexy i lin

Georg Hansen, 1993

SUVENIRMANNEN: Georg Hansen i 1993. Kona gjekk frå han dette året og han bestemte seg for å la skjegg og hår gro. Han skulle bli hippie igjen, men enda som vikinghøvding i Gudvangen.

Foto: Øystein Gloppestad

Planen var aldri å bli vikinghøvding, den gongen i 1993, då han la saks og barbermaskina på hylla.

– Kona reiste. Så då tenkte eg at no skal eg bli hippie igjen, slik eg var då eg trefte ho 15 år tidlegare, humrar han lett.

Fram til då var eit glattbarbert ansikt, skjorte, slips og finbukser kvardagsantrekket. Det vart skifta ut med t-skjorter og olabukser og han lét hår og skjegg vekse. I dag nøyer han seg berre med ein stuss i ny og ne.

Etter eit års tid møtte han ein kunde på ei messe som sa at han byrja å likne ein viking.

– Åja, tenkte eg. Viking passar vel kanskje betre enn hippie no når vi er kome til 90-talet.

I dag, 23 år seinare består store delar av garderoben hans av store flagrande plagg i lin.

– Det finst ikkje noko meir sexy enn ein mann i lin, har eg høyrt, ler høvdingen.

For det vart slik kunden sa. Han likna mest ein viking. Det går lenge mellom kvar gong Georg Hansen vaskar olabuksene i dag.

Georg Olafr Reydarsson Hansen

HØVDINGBLIKKET: Bak det litt morske høvdingblikket, som han tek på seg når er i rolle, skjuler det seg eit lunt smil.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ein viking blir til

Hippieplanane vart lagt på hylla og vegen mot høvdingtrona starta. Suvenirseljaren besøkte ein av sine største kundar, Historisk Museum og Vikingskipshuset og fortalde at han hadde lyst til å bli viking.

Først vart han ikkje teken seriøst, men då dei forstod at han meinte alvor vart han sendt til Lom. Der fann han mentoren sin.

Vera Henriksen

MENTOR: Forfattaren Vera Henriksen lærte Georg Hansen alt han trengde å vite om det å vere viking.

Foto: Gro Jarto

Vera Henriksen, som døde i fjor, har skrive fleire bøker om norsk vikingtid og mellomalder. I over 20 år var ho Georg Hansen sin vikingmentor.

Det var ho og Arne Emil Christensen på Vikingskipshuset på Bygdøy som fekk han til å jobbe for at ting skulle vere autentisk.

Gjennom åra har Georg Hansen utvikla over 1000 suvenirartiklar i vikingstil, alle godkjente som autentiske vikingartiklar. Han har mellom anna rekonstruert ting for museum i både Oslo, Bergen, Stavanger og York

Med sitt eige agenturfirma reiste han rundt og selde sverd og historiske gjenstandar. Til slutt hadde han vikingtida på hjernen.

– Det vart etter kvart eit meir og meir reint vikingkonsept. Så t-skjortene forsvann litt ut av bilete. Eg reiste rundt og selde til museum, og etter kvart også til hotell og suvenirbutikkar, fortel han.

Drøymaren som aldri gav seg

Postkortmotiv av vikinghøvding, Georg Hansen

VIKINGSKJEGGET I POSTKASSA: Georg Hansen prydar fleire postkort iført vikingklede. Motiva er eit vanleg syn i suvenirbutikkane.

Foto: privat

Ein av kundane til austlendingen var hotellet i Gudvangen. Ein augustdag i 1995 sat han på terrassen utanfor hotellet i lag med hotelleigaren. Dei prata om korleis sesongen hadde gått.

– Vi sit der og ser over på andre sidan av elva. Så seier eg: "Der borte skulle vi ha bygd ein vikingby".

Hotelleigaren gjorde uttrykk for at han var samd.

– Men i ettertid har eg skjønt at han eigentleg meinte eg var ein merkeleg skrulling som hadde litt fantastiske idear.

Til slutt fortalde han kona si, Torill Hylland, om planane. Ei dame som også var biten av vikingbasillen, og som hadde via mykje tid i å gje hotellet eit skikkeleg vikingpreg.

Hylland fortel at så fort ho fekk høyre om ideen ringde ho Georg.

Georg Hansen i York 1996

MARKNADSFØRING: Her er Georg i York i 1996 for å marknadsføre vikingby-ideen.

Foto: privat

– Eg hadde lenge tenkt på at vi mangla ein vikingby her. Så kom mannen min og fortalde at det var ein galen seljar innom som sa ville byggje vikingby. Har du høyrt slikt tull, sa han til meg. Tull? Sa eg. Gje meg nummeret hans.

Året etter presenterte dei planane sine på rådhuset i Aurland. Georg vart tilbydd kontorplass til å jobbe med ideen og flytta frå Gjøvik til Gudvangen i mai 1997.

Georg Hansen + Torill Hylland

SKÅL: Få minutt før dørene opnar inn til vikingbyen. Ein draum dei begge to har hatt. Her skålar Georg Hansen og Torill Hylland med mjød før dei ønskjer dei første gjestane velkommen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Pendlarliv og vikingstand til sjøs

Den gongen hadde han kone med seks born i England. Han fekk familien over til Norge til eit hus i Flåm. Men det skjedde lite. Interessa hjå kommunen forsvann.

Han tok med kona og flytta tilbake til England og budde der nokre månader. Etter ei stund kom dei tilbake og budde i Gudvangen i to år. Han hadde høyrt at det var vilje til å satse på prosjektet.

Georg Hansen på illustrasjon av Anders Kvåle Rue

ILLUSTRASJON: Denne illustrasjonen av Andres Kvåle Rue er laga til boka Vikinger på Schibstedt forlag.

Foto: Illustrasjon av Anders Kvåle Rue, til boka Vikinger / Schibstedt forlag

– Men det utvikla seg ikkje så veldig likevel, så i 1998 flytta kona og ungane hennar tilbake til England.

Georg byrja å pendle mellom landa. Den gongen gjekk det båt mellom Bergen og Newcastle, og Georg stilte i vikingantrekk.

– Turen over fekk eg gratis mot at eg hadde ein vikingstand i vestibylen på båten der eg selde produkta mine. Ein god avtale.

Ikon måla av Polens offisielle ikonmålar

IKON: Dette er måla av Polens offisielle ikonmålar.

Foto: privat

Då var han gjerne to veker i England og nokre veker i Gudvangen, men i 2002 vart det slutt med kona i England.

– Eg tenkte aldri på å forlate livet i Gudvangen til fordel for familie i England. Eg var fastlåst i tanken på å byggje ein vikingby her inne. Det skulle skje uansett.

Vikinglag og marknad

I 2002 ville dei satse igjen. Georg tok kontakt med vikingvener i heile Skandinavia og i oktober kom det 50 vikingar til Gudvangen.

Njardar Vikinglag vart starta opp vinteren 2002–2003. Dette skulle vere ein interesseorganisasjon for å halde ideen ved like og inspirasjonen oppe. Og Georg, han vart høvding. Kvart år sidan den gongen har dei arrangert vikingmarknad i Gudvangen.

– Vi ville satse, finne nokon som ville gje frå seg litt tomt, og så byggje husa sjølve. Kommunen løyvde pengar til ei planleggingsgruppe, og Nærøykulturhistoriske anlegg vart skipa i mai 2004 med over 40 aksjonerer.

Men utan pengar kom dei ingen veg. Ein innvestor utanfrå var ei tid interessert i prosjektet, men til slutt bestemmer styret i Flåm utvikling seg for at dei kjøpe prosjektet. Dei kjøper ut alle aksjonærane og tar over.

– Med mange jern i elden vart vikingprosjektet til slutt lagt på is i 2012. Eg mista jobben og begynte å køyre taxi, og gjorde det i to år, men gav aldri opp håpet om å etablere ein vikingby.

– Så fekk vi omsider, i 2014, gjennomslag i kommunen for å få dette området. Og då starta Torill og Frode Tufte og gjengen opp Gudvangen utvikling AS og kom vidare i gang med ideen.

Med lokalt spleiselag, byggjeløyve, ein god porsjon stå-på-vilje og flinke handverkarar henta inn frå mellom anna Danmark, kunne dei setje i gang å byggje opp byen.

Munkar, kors og viking på blå resept

Georg Hansen med aviser

MIDTSIDEHØVDING: Det har blitt mykje skriving om vikingen opp gjennom åra.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mai 2017. Han trakkar med heimelaga skinnsko gjennom gryande gater mellom tjæredekte hus. Nokre er malt med okseblod. Vikingbyen tek form. Det skal vere autentisk. Ikkje ein klisje. Dei leikar ikkje vikingar.

– Kvifor viking?

– Eg veit ærleg talt ikkje. Det er mykje med vikingtida eg har veldig lite sans for. Å plyndre og å drepe munkar. Eg ville nok mest sannsynleg slått meg ned i eit kloster om eg hadde levd på den tida.

Denne veka opna ein ny turistattraksjon i Sogn. Ikkje mindre enn 18 vikinghus er sett opp i Gudvangen.

TV-SAK: Sjå innslag om Vikingbyen frå Laurdagsrevyen 3. juli 2017.

Likevel er fascinasjonen med vikingtida noko som har gjort til at han har kjempa for ein vikingby i over 20 år.

– Eg er kristen. Likevel enormt fasinert av den norrøne mytologien og gudane og kva dei betyr. Eg ser ikkje noko konflikt der. Ikkje i det heile. Eg ber kors, men eg ser på Tors hammar som ei anna side ved korset. Det finst fleire gudar for kjærleik hjå vikingane enn gudar for krig, jakt og våpen.

Det er mange kristne som er redde for heidningane, fortel han.

Skaller, Vikingbyen i Gudvangen

MEKTIG: Mellom stupbratte fjell inst i Nærøyfjorden ligg Gudvangen. Her har Georg Hansen jobba for å få til ein vikingby i over 20 år.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Men å vere heidning betyr jo berre å tru på naturen. Det er ikkje noko gale med det.

Høvdingen skildrar vikingmiljøa rundt om i verda som heilt spesielle. Som å vere ein del av ei stor familie.

– Viking burde ha vore levert ut på blå resept, har ein lege fortalt meg ein gong.

Angela Jones og Georg Hansen Viking

KJÆRLEIKEN: Georg bur i dag saman med kjærasten sin Angela som også tek del i vikinginteressa hans.

Foto: privat

Å vere viking passar for svært mange, slår høvdingen fast. – Anten om du likar mytologien, teoriar, spenning, poesi, drama og handverk. Du treng ikkje vere meister i noko som helst. Du vert inkludert og akseptert uansett.

Dei siste åra er vikingrolla blitt ein stor del av kvardagen for njardarhøvdingen.

I den store fryseboksen i gangen hans er det knapt plass til ein ispinne. For her ligg lag på lag med vikingklede til både han og sambuaren. Det er nemleg slik dei held seg best.

– Dei er kostbare, så det gjeld å ta vare på dei. Eg trur eg har ein større garderobe av vikingklede enn vanlege klede. Eller forresten, eg har jo framleis mykje t-skjorter frå seljartida mi, ler han.

Vikingklede i frysaren - Georg Hansen

KJØLIG ANTREKK: For å bevare vikingkleda på best måte, legg Georg dei i frysaren. Det er lite plass til andre ting der når vikinggarderoben etter kvart byrjar å bli stor.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Frode Tufte i Gudvangen Utvikling AS, møtte Georg i 2009. No er han sjølv vikingfrelst og har stått på dag ut og dag inn for å få vikingbyen i hamn. Og i Vikingbyen står sjølvsagt eit høvdinghus klart til vikingen som aldri gav opp draumen.

Tufte skildrar Georg som ein snill og kunnskapsrik høvding.

– Eg veit ikkje kor mange hyllemeter med historiske bøker han har heime hjå seg, men det er ikkje reint lite, han sluttar aldri å lære. Han er ein viktig person for oss å ha med på laget. Det er ein mann du ikkje kjem utanom når du snakkar om viking, seier Tufte.

Torill Hylland på hotellet meiner høvdingen er ein drøymar full av visjonar.

– Men nokon må plukke dei ned og gjennomføre dei. Det hadde vel ikkje vore mogleg å halde fram med å drøyme om ein vikingby utan ein drøymar som aldri gir opp, seier ho.

Høvding livet ut

Porten inn til vikingbyen i Gudvangen

PORTEN TIL NJARDARHEIMR: Frå enden av Nærøyfjorden er det berre få meter opp til porten inn til vikingbyen. Mektige utskjeringar og måleri er det første som møter dei besøkande.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

31. mai opna vikingdraumen hans endeleg for folk. 18 hus står klare. Omkransa av flettverksgjerder, utsmykka med utskjeringar, klare til å la vikingane flytte inn.

Etter over 20 år, er den ville ideen til ein suvenirseljar realisert. Handelsbyen, formidlingsopplevinga, den nye heimen hans er ope for publikum. For første gong er høvdingrolla meir enn ein hobby, det er ein jobb.

Han er ydmyk og legg vekt på at det er mange personar som står bak realiseringa av byen. Han, høvdingen, hadde draumen.

– Eg har jo problem å snakke om det utan å få tårer i auga. Han tek ein pause, tenkjer og smiler i skjegget – Det er ein 20 år gamal draum som no er verkeleg.

Georg Olafr Reydarsson Hansen

HØVDINGHUSET: Som høvding har han sjølvsagt eige hus i byen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK