Då rasa kom rett imot dei,

måtte nabofamiliane forlate alt og flykte.

Marie utanfor huset - to dagar etter raset

Men dei ga aldri opp draumen om å kome tilbake.

Marie utanfor huset - to dagar etter raset

Den lange vegen heim

Den lange vegen heim

Berre dei som har opplevd eit stort ras på nært hald kan seie korleis det eigentleg er.

Eit videoopptak kan seie noko om størrelsen, men ikkje om nyansane i korleis det høyrest ut.

Lyden av trestokkar, grus og steinar som blandar seg, og som blir sterkare i det raset kjem imot deg. Den lammande frykta som brått oppstår. Uvissa om du kjem til å overleve.

I løpet av sekund blir tryggleiken borte.

Den trygge barndommen

Mellom Førde og Vassenden i Jølster ligg ei lita grend.

På to gardar tett ved fjella, berre nokre hundre meter frå kvarandre, vaks Erlend og Marie opp.

Dei var tremenningar – begge med same etternamn: Slåtten, som også er namnet på grenda.

For Erlend var barndommen full av eventyr.

Han klatra i tre, bygde demningar og leita etter holer i bakken.

Marie var ofte i potetåkeren, som var så lang at han aldri tok slutt.

Når det fraus til skikkeleg brukte ungane traktorspora oppover fjellsida til bob-bane.

Det var eit liv utan frykt og avgrensingar. Dei kunne vere ute slik dei ville.

Erlend og Marie Slåtten (til venstre i bildet) - på tur samane med andre barn frå Slåtten.

Naboungane leika over alt. På bøen og i skogen oppover fjellsida.

Etter kvart vaks dei opp og reiste ut av bygda.

Men dei skjønte at dei måtte tilbake. Til naturen, fjella og barndomsheimen.

Da ulykka kom til Slåtten sommaren 2019, var begge godt etablerte med familiar på dei to gardane.

Frå sol til svart

Alle hugsar det intense regnet og uveret, den nest siste julidagen i 2019. Men kven hugsar tida før?

Marie jobbar i barnehagen like i nærleiken, der ho passar på at ungane leikar i skuggen og får i seg nok væske. Det er sol og varmt.

Heime har eldstedottera Emilie nyleg feira treårsdag. Ballongar og gåver ligg framleis rundt i huset.

Emilie fyller bursdag.
Foto: Privat

Erlend jobbar som tømrar nokre kilometer unna heimen. Klokka 10 på føremiddagen tek han eit bilete av bygget dei restaurerer.

Det er ikkje ei sky på himmelen.

Erlend Slåtten sitt arbeidsprosjekt under uveret
Foto: Privat

Sonen hans på 14 er heime aleine og sender snap av termometeret og seg sjølv i bar overkropp. Yngstejenta er hos ei venninne.

På radioen seier meteorologen at det har byrja å kome litt byer i indre del av fylket. At nedbøren kjem til auke i styrke og gå vestover.

Då vêrskiftet treff Slåtten, kjem det brått og uventa.

Som ein høgtrykksspylar, der ingen heilt veit kor strålen kjem til å treffe dei neste minutta.

På eit tidspunkt blir Erlend bombardert av regn. Han skjønar at han berre må pakke saman.

Fjellet kjem

Då Erlend kjem heim, berre aukar vêret i styrke.

Men familien er ikkje redd. Dei er godt vande med regn og kraftig nedbør.

Dei har sagt til ungane at dei bur på ein heilt trygg plass, at dei ikkje treng å bekymre seg. Det er meir elva dei har åtvara mot.

Men denne dagen er noko annleis.

Styrken på regnet er så kraftig at Jakob (14) tek fram mobiltelefonen. Han ønsker å dokumentere det som skjer.

Først sjølve regnet, så lynet.

Det byrjar å kome inn meldingar.

Foreldra til Erlend bur på same tunet, og faren hans kjem ned og seier det går ras andre stadar. Bør nokon varslast?

Så skjer det. Dei oppdagar at det går eit ras også hos dei.

Det går i retning mot huset, men trestokkane stoggar opp og lagar ei slags demning. Dermed endrar raset retning og går forbi.

Erlend hentar bilen for å gjere familien klar til evakuering. Jakob filmar.

Han har aldri sett noko liknande og ønsker å fange opp det som skjer.

Etter at det første raset går, blir lyden brått annleis. Plutseleg går steinane og vatnet i nye elveløp.

Så høyrer familien ei mørk buldring. Ein lyd dei aldri har høyrt før. Men kor kjem han frå?

Dei kikar oppover fjellsida. Då ser dei det. Toppane av grantrea forsvinn, ein etter ein, som dominobrikker. Trestammar knekk saman som fyrstikker.

Jakob filmar og ser alt gjennom mobiltelefonen. Korleis raset med eit brøl kjem ut på bøen mot uthuset.

Det som i starten var frydefull roping, går meir over til skrekk og redsel.

«Vi må vekk. Vi må vekk, pappa!»

Få hundre meter unna høyrer også Marie ein rar lyd som kjem frå fjellet. I det ho går ut på verandaen, ser ho det.

Trestokkar, jordmassar og vatn som kjem veltande ned frå fjellsida. Utover bøen. Rett mot huset.

Ho ropar: «Det rasar, det rasar. Vi må vekk!»

Det er som om ho er til stades i ein film. Det er vanskeleg å tru på det ho ser. Men på grunn av lyden skjønar ho at det er verkeleg likevel. Ein lyd ho aldri har høyrt før.

Marie spring etter ungane som berre har bleier og kortbukse på seg.

Heilt irrasjonelt tenker ho at dei må ha klede på seg. Som ein refleks, fordi dei skal ut.

Det tek ikkje lang tid å få på ungane ein genser og ei t-skjorte og så springe ut bakvegen.

Men bilen står fast. Han er ikkje til å rikke. Det er gjørme, vatn og stein over alt. Vedkubbar langt opp langs hjula.

Aldri har sekunda gått så sakte som akkurat no.

Dei to små jentene til Marie er heilt stille. Dei grin ikkje, ropar ikkje, skrik ikkje. Ingenting. Det er som om dei skjønar kor redde foreldra er.

Plutseleg køyrer Erlend og faren hans inn på tunet. Dei to ungane blir lagde i bilen i full fart, før alle ryggar ut av området.

Framleis snakkar eldstejenta Emilie om at ho vart redda den dagen.

Ras Slåtten - dronebilete over husa

Raset stoppar ved uthuset til Marie, få meter frå sjølve huset.

Foto: NIBIO
Rasa hos Erlend/Marianne Slåtten

Store delar av bøen til Erlend vert øydelagd. I alt går det fem ras her.

Foto: NIBIO
Oversiktsbilete over raset mot Erlend Slåtten.

Raset som kjem mot huset til Erlend, skiftar retning og går forbi.

Foto: Privat

Ras på nye stadar

Det byrjar å bli nokre år sidan ekspertane varsla kva som blir dei synlege følgjene av ekstremnedbør og klimaendringar.

Allereie i 2006 sa Noregs geologiske undersøking at skreda kjem til å kome på heilt nye stadar.

Det unormale blir i større grad normalt.

Rasa i Jølster 30. juli i fjor vart utløyste av «tohundreårsregn». I løpet av tre timar kom det opptil 90 millimeter nedbør.

Ras i Jølster

Eit jordras ved Årsetelva på Vassenden førte til at store jordmassar gjekk gjennom byggefeltet. Ingen hus vart tekne.

Foto: NRK

Fleire av målestasjonane hadde aldri registrert like mykje regn sidan dei vart tekne i bruk i 1895.

Det rasa «over alt». Berre på E39 gjekk det fire større ras på tre kilometer.

På sørsida av Jølstravatnet vart ein bil teken av eit stort ras. Ein mann i 50-åra omkom.

Folk miste straumen og vart isolerte. Til saman måtte rundt 150 personar evakuere.

Ras Jølster.

Ein mann omkom då eit stort jordskred gjekk over vegen på sørsida av Jølstravatnet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ny kvardag

Heime på Slåtten ser det ut som ei krigssone.

Marie og familien endar opp med å bu heile fire ulike stadar dei neste månadene.

Familieliv hos Marie Slåtten

Det blir meir innetid for ungane etter at dei må flytte til nye stadar. Familien saknar det store leikeområdet på Slåtten.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Erlend og familien har eit gamalt tømmerhus nokre kilometer frå Slåtten og flyttar dit etter kort tid.

Så startar den tyngste perioden for alle. Spørsmåla er så mange.

Kva har dei krav på? Kva kan dei søke om? Når får dei svar?

Det er ein einsam prosess, der familiane sjølve må finne ut alt.

Når det gjeld skadar på hus og bygg, må dei kontakte forsikringsselskapet. Naturskade ligg under Landbruksdirektoratet, medan skredsikring har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ansvaret for.

Alle med ulike fristar og krav til dokumentasjon.

Marie brukar mykje tid på å finne ut korleis ho skal løyse alt som dukkar opp. Det tappar ho for energi og krefter.

Marie skriv søknader
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Ho søv mindre. Det oppstår situasjonar med ungane der ho blir kortare og strengare i svara.

Meir fortvila når dei ikkje vil legge seg, fordi ho er så sliten. På eit tidspunkt får ho ei gradert sjukmelding.

Det same opplever Erlend. Han brukar dagen på å skrive søknader og kvelden på å jobbe som tømrar.

Ofte har ungane lagt seg før han kjem seint heim frå jobb.

Det blir periodar med meir irritasjon og meir krangling. Det er tyngre for ungane å kome i gang med leksene.

Erlend Slåtten og familie i eit gamalt trehus i Svidalen.
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det er Marianne, kona til Erlend, som må ordne alt det praktiske heime. Lage middag. Få ungane til og frå trening.

På eit tidspunkt merkar ho at ho byrjar å gløyme ting, situasjonar der korttidsminnet forsvinn.

Også ungane har større problem enn vanleg med å pugge gloser.

– Då skjønar du at kroppen gir beskjed. At det ikkje er slik det skal vere.

Dette skulle vere tida for å ta inn over seg alt som har skjedd, men tida strekk ikkje til.

Yngstejenta til Marianne ser henne i augo og seier: «Mamma, du sa det var trygt heime, men det er det jo ikkje.» Det gjer vondt.

– Kva skal eg gjere for å overtyde deg, tenker Marianne.

Marianne Slåtten heime på garden.
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det er ein grunnmur dei har bygd opp over mange år, det å fortelje ungane at her er det heilt trygt.

Så vert han plutseleg riven ned. Om Marianne ikkje er trygg, kan ho ikkje gjere ungane trygge heller.

Draumen om rasvoll

I løpet av hausten 2019 gjennomfører NVE ei kartlegging av Slåtten.

Det som kjem fram skal få stor betydning.

Dei to naboane bur berre få hundre meter frå kvarandre.
Erlend_clean_3
Ein viktig detalj skal bli utfordrande for Erlend.
Erlend_markør_3
Huset hans ligg nemleg utanfor rassona for 1000-årsras.
Marie_clean_3
For Marie er det annleis.
Marie_markør_3
Huset hennar ligg akkurat innanfor rassona for 1000-årsras.

Marie og familien bur altså i ei sone der ekspertane meiner det statistisk sett vil gå ras kvart 1000 år. Erlend og familien bur få meter utanfor.

I praksis betyr det at det berre er Marie som er kvalifisert til å søke om rassikring, som kan gjere heimen trygg igjen.

Problemet er at Marie har ganske dårleg odds. NVE har alt for lite pengar til alle søknadene som kjem inn. Det er slett ikkje sikkert at det går.

I tillegg må familien vente nesten eit år før dei kan sende søknaden.

Skal ein søke om rassikring, er det ein frist som gjeld kvart år: 1. juli.

Rasa på Slåtten gjekk 30. juli.

Dermed går dagane, vekene og månadene.

Eit oversiktsbilete av dei to gardane ein stille dag i februar, er på mange måtar heilt likt som dagen etter raset, over eit halvt år tidlegare.

Det er som om ingenting har skjedd. Den einaste forskjellen er at det har lagt seg eit snøteppe over all grusen, steinane og trea.

Tida står stille.

Spor etter 3-årsdagen til Emilie Slåtten

På stovegolvet ligg minne frå sommaren før. Bursdagen til Emilie.

Handleliste til Marie Slåtten

Handlelista heng på kjøleskapet, frå veka då raset gjekk.

Familiebilete på vegg hos Marie Slåtten

På veggen: Bilete frå eit familieliv då alt kjendest trygt.

Trampoline på vinteren hos Marie Slåtten

Trampolina står framleis slik ho stod gjennom sommaren.

Framleis ligg det igjen store massar på bøen gjennom vinteren.

Spora i fjellet er så tydelege.

Når store tre blir tekne i ras, og jorda under blir vaska vekk, står berga igjen som nakne sår.

Oversiktsbilete av Halvgjerda etter raset på Slåtten

Skreda på Slåtten vert utløyste som følge av kraftig regn, etter ein lengre periode med fint ver.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Erlend ser utover markene. Han skjønar ikkje heilt beskjeden om at det ikkje eingong er noko poeng i å søke om rassikring. Enkelte av rasa gjekk jo heilt ned til elva. Korleis kan NVE vere så sikre på at eit tilsvarande ras ikkje tek huset?

Erlend Slåtten ved raset
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Livet på vent

Dei to familiane gjer alt dei skal heilt riktig. Dei får sendt søknadene til Statens naturskadeordning i august, i god tid innan fristen.

Hausten kan vere ei bra tid å starte opp med opprydding og fjerning av rasmassar, men ingen av dei vågar å byrje før dei får svar på søknadene.

Dei har høyrt at dersom dei byrjar før søknaden er behandla, kan det påverke sjølve utbetalinga.

Dermed går tida, utan at noko skjer.

August.

September.

Oktober.

Det er ingen beskjed undervegs korleis dei ligg an, eller kor lenge det er til søknadene blir behandla. På eit tidspunkt lurer dei på om alle søknadene blir prioriterte heilt likt, uavhengig kor store skadane er. Blir ein skada traktorveg prioritert like høgt som store ras mot ein eigedom?

November.

Desember.

Januar.

Framleis ingen svar. Ikkje til nokon av familiane.

Akkurat dette synest Erlend er verst av alt. Ventinga. Det er snakk om så mykje pengar også.

Erlend Slåtten heime på Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Takstmannen slår fast at rasa har gjort skadar på jordbruksareal, skog og skogsvegar for over 2,5 millionar kroner.

Kva naturskadefondet landar på, vil ha store følgjer for familien i mange år framover.

– Får vi 50 000 eller nærare 3 millionar? Vi veit ikkje.

Ein låg erstatningssum kan føre til at rasa berre blir liggande på bøen.

Februar.

Mot slutten av månaden kjem endeleg svaret. Erlend og familien får 2,5 millionar kroner i erstatning for øydelagd jordbruksareal, skogsvegar og skog.

Det er som eit startskot til ei ny tid.

Pengane gir han musklar til å starte bygginga av ein 80 meter rasvoll.

Han kjøper ei gravemaskin til 750.000 kroner, som han planlegg å selje når arbeidet er over.

Erlend i gravemaskin
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

På rekordtid set Erlend seg inn i topografi og geologi.

Han skal streve og få kjenne kor blaute rasmassane er. Ei endelaus blanding av grus, kvist, mose og gras. Før han kjem til knallhard sand frå istida, som må bankast laus.

Ras-Erlend-Marianne

Rasvollen er 80 meter lang og skal etter planen styre eit skred bort frå huset.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Likevel, i alt strevet, ser han lys i tunnelen.

Det kjennest meiningsfullt at alle arbeidstimane han legg ned fører til at familien snart kan kjenne seg trygg igjen.

Marie og familien får litt over 400.000 kroner i erstatning.

Beløpet er mindre, hovudsakleg fordi raset øydela eit langt mindre jordbruksareal enn dei fem rasa som kom mot eigedommen til Erlend.

Familien har så lyst til å flytte heim. Etter å ha budd fire forskjellige stadar i løpet av det siste året, er det ingenting dei heller vil.

Eldstejenta Emilie (3) snakkar om det oftare også.

– Eg vil ikkje bu vekke meir, seier ho.

Emilie Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Men så var det denne søknaden om rassikring da.

Truleg får dei ikkje svar før i 2021.

Må dei verkeleg vente heilt til då før dei kan flytte heim?

Finst det ein måte dei kan få det til på?

Marie veit at det må vere ei slags rassikring ved huset for at familien skal kjenne seg trygg nok til å flytte tilbake.

Problemet er at dei kan ikkje først bygge rasvollen, og så søke om støtte. Det har NVE gitt klar beskjed om. Dei må først få klarsignal.

Det ser i utgangspunktet heilt umogleg ut. Likninga går ikkje opp.

Men så kjem Marie på ein ting.

Pengane frå naturskadeordninga. Dei skal brukast til å leige ein entreprenør som skal rydde bøen. Fjerne tre, grus og stein.

Kva om dei får entreprenøren til å plassere massane på ein bestemt måte?

Noko som liknar på ein rasvoll, men som reint formelt ikkje er det?

Marie finn ut at den magiske setninga er «hensiktsmessig lagring av masse». Det er nemleg lov.

For å vere på den sikre sida tek ho kontakt med NVE, som svarar:

«Med mindre massane vert lagt opp som ferdig voll, vil det ikkje vere noko problem å lagre massane der dei skal nyttast, med tanke på NVE si stønadsordning.»

Det er nærmast for godt til å vere sant.

Ein kime til håp. Ei mellombels løysing i påvente av søknadssvaret.

Dermed er beskjeden til entreprenøren klar: Lag noko som ser ut som ein voll, som står som ein voll, men som ikkje er ein voll.

Det er berre hensiktsmessig lagring av masse.

Og snart skal Marie og familien flytte heim igjen.

Lagring av steinar ved Marie Slåtten

Desse rasmassane får Marie lov til å legge på ein bestemt måte. Så lenge ho ikkje byrjar å bygge sjølve rasvollen.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Ei ny tid

Ein solrik vårdag i slutten av april får Erlend hjelp til å samle saman trestokkar frå heile bøen.

Eit gigantisk bål, som om det er jonsok på førehand.

Erlend og Marianne heime på Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Familien har henta inn løyve frå det lokale brannvesenet om at dei får brenne opp det som mest av alt er vonde minne.

– Det kjennest veldig godt å få det vekk. Å få fjerna spora, seier Marianne.

Erlend og Marianne Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Likevel veit begge at det aldri blir mogleg å fjerne spora heilt.

Eit blikk opp, så ser dei arra etter rasa i fjellet.

– Det blir aldri heilt slik det var. Det er ei tid før og etter rasa. Eg føler vi har hatt godt av å ikkje vere her ein lengre periode. No er vi veldig gira på å få det til, seier Erlend.

Nokre hundre meter unna hoppar to små ungar på ei trampoline.

Borna til Marie Slåtten - heime på Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Det er inga frykt å sjå. Berre smil og barnelatter.

Familien ute og leikar heime hos Marie Slåtten
Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Men Marie veit at regnet igjen vil fosse ned.

Ho har allereie gjort avtalar med andre delar av familien. Kjem det varsel om mykje regn, særleg i periodar med tørt ver, så reiser dei vekk frå Slåtten.

Men elles er ho mest glad. Glad for at det verste er over. Glad for å vere heime igjen.

– Det er her eg har vakse opp, og det er her eg har hatt ein god barndom. Det vil eg ungane mine skal få også.