Ove Fortun Røde kors

LOKAL: Ove Fortun kjenner området Luster Røde Kors ferdast i betre enn dei fleste.

Dei uvurderlege frivillige

Hjelpekorpsa har fleire aksjonar, og færre frivillige. Gruppene i Sogn og Gudbrandsdalen slår kreftene saman for å stå sterkare når rykker inn.

Fem snøskuterar står på rad og rekke på parkeringsplassen på Turtagrø. Rundt dei pakkar folk med oransje vestar det siste i sekken. Nok mat og klede må med, for Røde Kors-gruppa frå Luster kjem kanskje ikkje att før seint i kveld.

Bak dei kvite tindane Hurrungane er morgonhimmelen lyseblå. Det lovar godt, dei treng god sikt i dag. I dag skal dei gjere seg kjende med Jotunheimen og Breheimen, området redningsgruppa rykker ut i.

– Då tek vi kameratsjekk, har alle skrudd på sender/mottakarane? Organisator Hans Kristian Sæta ropar ut i den kalde morgonlufta.

Dei skrur på skredsøkarane, og pipinga aukar frekvens kvar gong ein av dei passerer Sæta.

Gruppa treng alle dei frivillige hendene dei kan få. I fjor måtte hjelpekorpset frå foten av Jotunheimen rykke ut dobbelt så ofte som åra før.

Og dei har ingen grunn til å tru at dette året blir mindre travelt.

Ved sidan av parkeringa har ein einsleg turist slått opp teltet sitt. Elles er fjellheimen tilsynelatande folketom, for utan dei fem skuterane som rusar motoren og peiker meiane oppover.

Dei køyrer mot midten av fjellet, for i dag skal dei slå kreftene saman med Gudbrandsdalen for å møte framtida sterkare saman.

Røde kors i Jotunheimen

SNØDEKKA: Den første skuterturen for våren. Dei køyrer ikkje ofte i nasjonalparkområdet, for her skal stilla råde. Men før høgsesongen med aksjonar får Røde Kors lov å gjera seg kjend i området og sjå korleis snøen har lagt seg dette året.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Tredobla aksjonar

Snøskuterane følger kvistane mot Sognefjellshytta. Snart skal hundrevis av skituristar følge dei same merka løypene mellom hyttene.

For raudkledde Røde Kors-frivillige betyr våren høgsesong, over heile landet.

No skal dei bli kjende med terrenget og legge inn spor på GPS-en slik at dei veit kva ruter dei må velje når vêret ikkje speler på lag. Og ikkje minst, kva farar terrenget skjuler av skavlar og usikre vatn.

På dei siste ti åra har Røde Kors sine hjelpekorps tredobla tal aksjonar. Luster RKH er ei av dei travlaste Røde Kors-gruppene i landet, når ein ser på talet på redningsaksjonar fordelt på folketal.

– Når toppturane startar i mai månad er vi ofte ute på aksjonar. Spesielt i Hurrungane, der det er vanskeleg og alpint terreng. Der er det ein voldsom aktivitet, fortel leiar i Luster Røde Kors, Ove Fortun.

Få kjenner området dei skal dekke så godt som han. I dag køyrer Fortun først, og syner vegen inn i Breheimen til Nørdstedalseter, og over til Sota sæter i Skjåk.

Ansvarsområde for RK i Jotunheimen og Breheimen

– Området går like langt den andre vegen. Inn i Hurrungane og mot Skogadalsbøen, seier Fortun, og peikar tilbake mot Skagastølstindane og Soleibotntindane og dei andre i syningen.

Gruppa har bremsa ned på Oskarshaug, like over Turtagrø. Bak på den siste skuteren som kjem over kambein sit Jakob Nyløy.

Det er syttenåringen sin andre tur med snøskuter ut i Jotunheimen med Røde Kors. Han vart med i haust, saman med fleire andre lokale ungdommar som har blitt rekruttert.

– No kan du køyre litt, peikar Over Fortun.

Førstereisguten set seg frampå og legg høgre tommel klar over gassen. Han får vise vegen.

–«Kest ska mi dao»?

Nyløy ropar til kollegaen som har teke plass bak den ferske sjåføren.

– Berre køyr rett fram, ropar kollegaen tilbake, og dei akselererer fram i landskapet som er kvitt og blått så langt augo kan sjå.

Viktige frivillige

Jakob Nyløy og dei andre frivillige i organisasjonar som Røde Kors og Norsk Folkehjelp er heilt avgjerande for at redningstenestene i Norge skal fungere.

Det seier Hans Christensen, som er redningsinspektør i Hovedredningssentralen for Sør-Norge i Stavanger.

Dei er folka som lagar matpakka klar før dei legg seg til å sove. Utan dei, hadde vi det ikkje vore noko redningssystem, fortel Christensen.

– Vi er veldig glade for den dugnadsånda som er i Norge. Spesielt dei store frivillige gruppene, som trenar og held ved like kompetansen sin. Eg har inntrykk av at redningskorpsa har blitt enda betre organisert dei siste 20 åra også, fortel Christensen.

Når alarmen går hos dei lokale naudetatane, organiserer hovudredningssentralen saman med etatane kven som skal ut på oppdrag. Redningssentralen har også hovudansvar for sjøen. Der er også aksjonane auka i frekvens dei siste åra.

– Når det er ti båtar på fjorden er det større sjanse for at nokon treng bistand enn om det er to. Det er det same i fjellet. Volumet av folk i fjellet har auka dramatisk, då blir det fleire som skadar seg og treng bistand. Og så har kanskje terskelen for å melde ifrå blitt litt lågare enn tidlegare. Det er greitt, det motsette ville vore verre, avsluttar Christensen.

Jakob og Lasse Nyløy

ETTERTRAKTA: Lasse Nyløy (t.h) og broren Jakob Nyløy (t.v.) er ettertrakta frivillige. dei kjem frå Fortun ved foten av Jotunheimen, og kan vera på Turtagrø fortare enn nokon andre.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

Godt naboskap

Skutersjåfør Nyløy bremsar ned på ein høgde der terrenget flatar ut. Dei har av frå den kvista løypa som syner vegen til Sognefjellshytta. No står dei midt på fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn.

Frå motsett kant kjem tre snøskuterar i møte. Det er Lom hjelpekorps som har køyrt frå Gudbrandsdalen for å møte naboane over fjellet.

Det strekkas ut hender når kollegaene som aldri har helst på kvarandre før møtes.

Ein historisk augneblink, seier Sæta med ein latter. Men det er sant også, for det er første gong hjelpekorpsa slår saman kreftene over fjellet.

– Skal vi komme oss av garde, då? Roper Ove Fortun. Vêrmeldingane er gode i føremiddag, men allereie trekker skyene inn over fjellet frå vest.

Det regulerte Storevatnet kan vera ein joker. Dei køyrer med god avstand, heldigvis er isen trygg.

Men opp skrenten i enden av vatnet blir det verre. Sledane er for tunge, og set seg fast i den lause snøen. Fleire armar må til for å løfte den tunge sleden ut. Medan Ove Fortun og fleire dreg sleden ut, lagar dei andre spor opp den bratte bakken slik at snøskuteren får grep.

Dette er heilt vanleg, fortel Fortun. Og det er slike ting dei treng å vite når uhella er ute. Dei bratte bakkane der sleden kanskje ikkje kjem opp, dei høge skavlane som kan endra seg frå år til år eller regulerte vatn som kan vera utrygge når våren kjem og isen smeltar.

Skuterane til Røde Kors køyrer gjennom nasjonalparkane med spesialtillatelse frå forvaltninga.

Det er viktig at dei er kjende her, for i dette området ligg populære turmål som Sognefjellshytta, Krossbu, Nørdstedalseter og Sota sæter.

I det same området kvistar turistforeininga sine frivillige løyper for skifolka. Dei fyller opp dei ubetente hyttene med forsyningar, og tek imot fjellfolk som vertskap på hyttene.

Turistforeningen og Røde Kors er avhengige av å samarbeide med kvarandre, fortel Anne Mari Planke frå DNT.

– DNT vil legge til rette for at flest mogleg kan gå på tur på ein trygg og god måte. Og då er vi veldig avhengige av at vi har eit godt fungerande redning- og beredskap i Norge, seier Planke.

Anne-Mari Planke, DNT

TURISTFORENINGEN: Anne-Mari Planke er fagsjef for friluftsliv i turistforeningen. Ho fortel at samarbeid med Røde Kors er viktig for dei.

Turkulturen i Norge er i stor grad resultat av frivillig innsats. Både av dei som legg til rette for at folk kan vere ute, og innsatsen til alle som jobbar i den frivillige beredskapen.

– Utan deira betydelege innsats hadde nok den norske turkulturen sett annleis ut i dag.

Turistforeningen og Røde Kors har blant anna laga fjellvettreglane saman, både dei nye frå 2016 og dei gamle frå 1967.

– Vi får tilbakemeldingar frå Røde Kors om kva som skjer ute på fjellet. Det er veldig nyttig, seier Anne-Mari Planke.

Slede Røde kors

SAMARBEID: Mykje laussnø gjer jobben vanskelegare for Røde Kors. Då er det viktig å vere nok hender i arbeid til å få sleden opp frå snøen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Samarbeid over fjellet

Medan skyene rullar inn frå vest, er himmelen blå i aust. Det er på slike dagar samarbeidet over fjellet kan vera med å redde liv.

I april i fjor var det akkurat det som skjedde. Ein skiløpar hadde skada seg i Sogn sitt område, men på vestsida av fjellet var det uvêr. Då kom Skjåk røde kors opp frå austsida, og fekk redda personen ut.

Kai Rune Kveen - røde kors skjåk

FAGLEIAR SKRED: Kai Rune Kveen leiar Skjåk RKH og er med i skredgruppa innlandet. Det er ei ganske ny gruppe i Røde Kors, der medlemmene er dei første på staden etter skredulykker for å vurdere om det er sikkert nok for hjelpemannskap å ta seg inn i området.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK

Slike samarbeid vil bli stadig viktigare i framtida, meiner Kai Rune Kveen. Han er leiar i Skjåk røde kors, og medlem av skredgruppa innlandet.

– For det fyrste kan me møtast i rolege forhold og bli kjende med kvarandre. Det å vera trygge på kvarandre når det blir ein aksjon er utruleg viktig. Og at vi kan bli kjende med dei andre sitt område.

På Sota sæter er det forbrødring over matpakkane før sogningane skal finne vegen tilbake. Medan sogningane har hatt god rekruttering dei siste åra, er ikkje tilfellet det same for Gudbrandsdølene.

– Fritida er høgt verdset i dagens samfunn. Det er vanskeleg å rekruttere folk og få med frivillige. Då er samarbeid på tvers av kommunegrensene avgjerande for å kunne stå sterkt når det verkeleg er behov.

Røde Kors i Jotunheimen og Breheimen

FORBRØDRING: Luster, Sogndal, Skjåk, Lom og Bøverdalen RKH samla på Sota sæter i Skjåk. Dei held seg vanlegvis på si side av kommunegrensa, men trur at samarbeid kan sikre at arbeidet dei gjer blir betre.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Skiløparar

Det tettar seg til i fjellet. Ned over toppane sig skodda tett og kvit, og vinden tek seg opp så det er vanskeleg å sjå spora frå turen fram. Frå Sota sæter tek gruppa vegen over til Trulsbu.

I vegskiljet ned til Nørdstedalsetra takkar Kai Rune Kveen og resten av følgjet frå Skjåk for seg. Ove Fortun og korpset hans tek vegen vestover att. Nokre skispor går ved sida av skutersporet, fokksnø har nesten dekka dei heilt att. Det er nok dei som gjekk frå Nørdstedalsetra før i dag, kommenterer ein.

Over ein kamb tek dei att dei fire skiløparane. Ein med fullasta pulk, dei skal gå heile vegen til Haukeliseter.

– No har vi gått i heile dag, og det er null sikt. Så vi er litt kjeie, seier skiløparane.

Sekkane blir lasta i sleden, og skiløparane bak på skuterane. Patruljen frå Lom tek dei med til Krossbu. I kveld kjem dei innomhus før mørket kjem.

Kvista rute - Trulsbu

TRULSBU: Røde Kors-gruppene legg inn gps-spor dei kan lagre, og følgje om sikten er dårleg når dei rykker ut. Dei Gjer seg ekstra godt kjend mellom hyttene til Turistforeningen der mange ferast.

Foto: SIGRID SKJERDAL / NRK