Vie Andelslandbruk
Foto: Åsta Urdal / NRK

Då bøndene kom til byen

I Førde sakna folk høve til å stikke fingeren i jorda.

Dermed heiv dei seg på den veksande trenden og skipa Sogn og Fjordane sitt første andelsbruk på Vie. Over heile landet dukkar no økologiske landbruksprosjekt opp over alt.

– Eg vil at ho skal lære at potetene kjem frå jorda, og ikkje veks på tre, seier Jonas Bjørkedal og siktar til den vesle dottera som akkurat no er i ferd med å klive opp på fire sekkar veksttorv. Live er eit og eit halvt år gamal, utstyrt med rosa vasskanne og næraste nabo til Vie Andelslandbruk.

Det nystarta andelslandbruket er det første i sitt slag i Sogn og Fjordane, og denne strålande vårdagen er eit knippe av andelseigarane samla for å så gulrøter.

– Om nokre månadar skal vi to gå bort på jordet, dra opp ei gulrot, ta ho med inn att på kjøkkenet, koke ho og ete ho. Er ikkje det meiningsfullt, så veit ikkje eg, seier Bjørkedal.

Vie Andelslandbruk

TIDLEG KRØKAST: God krok, skal bli. Live Bjørkedal er minstemann i nystarta Vie Andelslandbruk.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Eg vil at ho skal lære at potetene kjem frå jorda, og ikkje veks på tre

Jonas Bjørkedal

Fellesskap

På nabotrappa, den som tilhøyrer vertsbonden Sjur Wie, går praten lett, og latteren sit laust. Sju vaksne, litt vinterbleike, sunnfjordkroppar har kledd seg i solbriller, skuggehue og slitte trøyer; dei er klare for ein føremiddag med gardsarbeid i solsteika.

Eit andelslandbruk er, slik namnet peikar på, eit landbruk der fleire går saman om å dele både eigarskap, ansvar og det ein haustar. Det finst fleire ulike løysingar for eit andelslandbruk, og i Førde har dei vald å stifte eit sameige.

Andelseigarane kjøper seg inn med ein eingongssum, og betalar inn til løpande utgifter kvar sesong. Saman avgjer dei kva som skal dyrkast og bidreg med arbeid på garden gjennom minst 10 timar dugnad. Ekstra hjelp leiger andelslaget inn frå gartnar eller bonde.

Andelslandbruk er ein veksande trend her i landet.
Folk kjøper seg ein del av ein åker og samarbeider med bonden om å dyrka grønsakene.
På halvanna år har talet på andelslandbruk i Norge firdobla seg.

DYRKAR SJØLV: Sameiget Vie Andelslandbruk legg dei første frøa i saftig Førde-jord.

– Eg og Sjur, vertsbonden, sat og drakk vin på ein verandaer ein kveld då vi kom inn på dette med andelslandbruk, fortel Marit Bendz, initiativtakar og dagleg leiar for Vie Andelslandbruk.

– Vi arrangerte eit informasjonsmøte og håpte at vi kanskje ville bli 20. No er vi 36 deleigarar, og endå fleire står på liste over interesserte.

Nærare bonden

Sjur Wie har tømt fjøset for ammekyr, og fylt opp med poteter som gror i vente på ivrige amatørar og setting. Bonden kallar seg sjølv eit sosialt dyr, og er slett ikkje redd for mykje trakk i tunet.

Sjur Wie

VERTSBONDE: Sjur Wie er eit sosialt dyr, og gler seg over deleigarar på tunet.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

– Nei, det vert nok kjekkare enn å gå her aleine. Også er det både viktig og spennande; Eg føler avstanden mellom produsent og forbrukar har vorte for stor. I dag er dei fleste gardsbruk store einingar der ein ikkje slepp inn utan spesielle klede på grunn av smittefare og slikt. Dette vert ein måte å reversere dette på, slik at fleire får ta del i jordbruket og kanskje kan vere ambassadørar ut at i verda -med ein litt annan måte å tenke på.

Poteter

POTETFJØS: Ammekyr har veke plass for settepoteter i Sjur Wie sitt fjøs.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Wie stiller fire dekar, av til saman kring 100, til disposisjon for Andelslandbruket. Økonomisk sett går det ut på eitt om han leiger ut jorda til andelslandbruket, eller om han slår og sel runballar. Han er også med som ein av deleigarane, og prisar seg lukkeleg over å ikkje å ha noko meir han skulle ha sagt enn dei andre.

– Nei, eg er evig lei av papirarbeid og slikt. Faktisk var det lettare å sette i gang dette, enn det var å omdisponere jorda til juletreproduksjon.

Det tek meg to minutt på sykkel, ned frå byggefeltet, så er eg her - klar til å grave i jorda

Marit Bendz

Hippiefaktor?

– Eg har nokre kompisar som har spurt om ikkje hippiefaktoren er litt høg her, men det er verkeleg alle slags folk her, seier Bjørkedal i sin kvite shorts.

Føtter på Vie Andelslandbruk

BERRFØTT: Bendz likar å kjenne jorda mellom tærne.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Bendz, som har spent av seg skoa og vandrar berrføtt rundt i den brune jorda, er heilt einig.

– Vi har nokon som vil dyrke grønsaker av sortar vi ikkje viste fanst, nokon som vil kaste ut frø og sjå kva det blir til, nokon som kan ta ein regndans og nokon som les paragrafar i forskrifta. Her er det plass til alle! Store og små!

Lille Live synest ho har trakka nok i jorda for i dag, og vil opp på armen til pappa Bjørkedal. Då blir det vanskeleg å rake stein, og han må gje seg for i dag.

Vie Andelslandbruk

ULIKE FOLK: Her er det rom for alle som vil dyrke eigen mat, både dei som dansar regndans og dei som les reglar, fortel Jonas Bjørkedal og Marit Bendz.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Ein annan ting som eg verkeleg set pris på er det er heilt greitt å ha med henne. Alle viser forståing, og om eg ikkje får gjort så mykje i dag, så tek eg det att ein annan gong.

Firedobling

Marte Guttulsrød

RÅDGJEVAR: Marte Guttulsrød er prosjektleiar for andelslandbrukprosjektet i Oikos- Økologisk Norge.

Foto: Andreas Winter

– Fellesskapet er heilt klart ein viktig faktor i andelslandbruket, meiner Marte Guttulsrud, rådgjevar hos Oikos – Økologisk Norge. Organisasjonen hennar jobbar for å auke det økologiske landbruket og matproduksjon i Norge, og ho gjev råd dei som driv, eller ynskjer å drive, andelslandbruk i Norge.

– Vi har sett ei firedobling i tal andelslandbruk i Norge det siste halvanna året, og interessa aukar stadig. Det er fleire faktorar som spelar inn, og fellesskapet ein opplever som medlem er ein av dei. Her får ein vere ute saman med andre, i aktivitet, langt vekker frå den nettbaserte kvardagen. Fellesskapet er dessutan veldig viktig når ein skal endre åtferd og haldning på lang sikt, slik vi håpar å gjere med tanke på miljøet.

trommel

TROMMEL: Før sameige sår går dei over jorde med denne trommelen som røskar opp ugraset.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Miljøet er ein annan viktig faktor som spelar inn når folk si interesse for andelslandbruket aukar.

– Folk er meir medvitne på all plastemballasjen dei kjøper, kor langt maten vert frakta, og ikkje minst kva dei puttar i seg. I andelslandbruket kan konsumenten sikre seg at det ikkje vert brukt kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, dei får økologisk, sunn og kortreist mat. Samstundes er økonomien heilt gjennomsiktig, så deleigarane kan heile tida halde oversikt over kva andelsprisen går til.

Den relativt ferske pappaen som traskar heim over bøen er ein av desse som tenkjer meir og meir på miljøet. Han er uroleg for framtida til planeten den vesle jenta hans ein gong skal arve, og tenkjer at han med ein andel i det økologiske landbruket kan gjere eit lite bidrag i riktig retning. I tillegg får han god mat, ei bratt læringskurve og eit hyggeleg fellesskap.

Traktor teiknar opp

LITEN RAUD: Sameiget leiger ein lett traktor frå nabogarden.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Pust i bakken

Dei ferske bøndene har kjøpt inn sju river og leigd ein liten, raud traktor frå nabogarden. Sengene er raka for større stein og traktoren har teiknar tydelege spor. No skal ei lite, umotorisert, apparat som mest liknar ein sykkel køyre over og sleppe ut eit og eit lite gulrotfrø, med fem centimeter mellomrom. Korleis? Gunnar-Arne Haaland og Sjur Wie får rolla som hest, medan agronom og rådgjevar Knut Vebjørnsen styrer doningen.

Går for plogen

HEST: De manglar hest, seier agronom Knut Vebjørnsen. Dermed lyt Gunnar-Arne Haaland og Sjur Wie trekke såmaskina.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Då karane kjem attende har Hildegun Hovland henta kaffi og sjokolade, og fremst på pynten, med utsikt over heile Førde, tek laget ein pust i bakken. Praten går raskt over i kva ein skal få til i neste steg- ei bålpanne og ein fin samlingsplass må dei få til!

– Er det ikkje påvist at ein vert lukkeleg av å grave i jorda, spør Haaland med eit smil i augekroken. Han og kona eig sjølv eit lite småbruk, og har leika med tanken om å gjere det om til ein andelsbruk. Enn så lenge lærer han her, men med tid og stunder kan ein kanskje kjøpe seg ein andel høns, egg og kje frå garden deira?

Kaffipause

KAFFI: Utgått sjokolade, kaffi på termos og Førde si beste utsikt. Hildegunn Hovland og Marit Bendz veit å nyte pausane.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Frå 14 andelslandbruk i 2014, er det per i dag 55 andelslandbruk over heile landet. Vie Andelslandbruk er det første i Sogn og Fjordane. Oslo fekk sitt første 6. mai i Øvre Kirkeby andelslandbruk SA i Maridalen, medan Arna-bonden Frode Bergo Larsen i desse dagar jobbar på for å skipe det første andelslandbruket i Bergen.

Allianse

Sjur Wie

IDEOLOGI: Bonde Sjur Wie har ein baktanke med det heile- han ynskjer at vegen mellom produsent og konsument skal kortast ned.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– I fjor var det over 4000 nordmenn som åt mat frå andelslandbruk, og alle desse har igjen snakka med andre som får auga opp for denne nyskapande omsetjingsforma- både forbrukarar og bønder, seier Guttulsrød hos Oikos.

– Mange av bøndene ser også på dette som ein fin måte å gå i allianse med forbrukaren på. Slik får dei auka forståinga og engasjementet gardsarbeidet og viktigheita av jordvern. Det landbruket som ligg nærast byane vert utsett for stort press kva gjeld utbygging, men det er også det som er mest attraktivt for andelslandbruk.

– Det tek meg to minutt på sykkel, ned frå byggefeltet, så er eg her -klar til å grave i jorda, svarer Bendz på spørsmålet om kor lang tid ho brukar på å hamne heilt på jordet.

– Andre stader, som oppe på Sunnmøre må dei køyre i kanskje 40 minutt, ut av Ålesund, for å delta på dugnad. Vi er kjempeheldige, med andelslandbruket kloss opp til byen, seier Bendz og skodar ned på eit Førde som i løpet av dei siste åra har ete seg stadig lenger innover dyrka mark.

500 kroner kosta andelen, i tillegg til dei 2500 kronene kvar av dei har betalt inn for sesongen- utan snøring på om det er for mykje eller lite. Det blir eit prøve år med bratt læringskurve og vassblemmer i hendene. Wie tek ikkje betalt for leige av teigen i år; andelslandbruket skal få ein god start hos han.

God hjelp

Rivjern

RIVJERN: Initiativtakar og daglegleiar i Vie Andelslag, Marit Bendz, berre ler som svar på kor mange timar ho reknar å bruke på jorde denne sommaren.

I det heile er det mange som heiar på dei; Landbruks- og matdepartementet har løyvd eit årsverk til Oikos sentralt for at dei skal kunne gje råd og koordinere alle andelslandbruka som veks til rundt om i riket. Agronom Knut Vebjørnsen, har som Oikos sin lokale man, rettleia og hjelpt med kunnskap og praktisk arbeid. Eine dottera til Sjur Wie er med som andelseigar, og den andre kjem heim til sommaren for å jobbe som gartnar.

– Ein, to, tre, fire ... nei. hm. Kor mange rader skal vi ha med gulrøter? Bendz står og peikar saman med Vebjørnsen. Kål, raudbeter, poteter og salat skal her også vere. Kva trivst best saman?

– Nei, no må vi attende til arbeidet og få alt i jorda. Det skal vist regne på torsdag, så no har vi ikkje tid til meir media, vert dei to einige om.

– Men du må komme att til hausten og sjå kva vi har fått til!

traktor på åker

SISTE TUR: Traktoren teiknar spor på nypløygd jord.

Foto: Åsta URdal / NRK