Mann med briller står i veikryss med en åpen bok full av autografer
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Mannen med den unike fotballboka

Bas Vlam (56) skulle berre lage ei enkel oversiktsbok over engelsk fotball. No brukar han all fritid på å jakte superstjernene.

I eit vegkryss utanfor London står ein einsleg mann i tweedjakke. Han står rett opp og ned og speidar innover ein sideveg.

Mannen ser skjerpa ut, konsentrert. På hovudet lyser ei knall raud lue. Under armen held han ei bok med brune skinnpermar. Ei bok som aldri blir ferdig.

Det skulle først vera ein oversikt over alle fotballag på øvste nivå i England. No er det blitt eit prosjekt som kan halde på resten av livet.

Minuttane går. Halvtimen går. Superstjernene frå Premier League kan dukke opp når som helst.

Blir det fangst i dag?

Venting

Bas Vlam frå Askøy og Nederland er fotballelskar og autografjeger. Fire-fem gonger i året reiser han til England for å jakte på underskrifter frå blaserte fotballstjerner. Stjerner med millionløn og dyre bilar.

Slett ingen enkel jobb, skal det vise seg. Og som i all anna jakt, må ein vere tolmodig. Slå til når rette augneblinken er der.

Bas er ikkje som andre autografjegerar. Boka hans er noko heilt for seg sjølv. Eit smykke han har brukt hundrevis av timar på å lage.

Til vanleg jobbar han som kalligraf. Det vil seie at han lever av å skrive fint. Kalligrafi er skjønnskrift, bokstavar forma ut på gamlemåten, med penn og blekk.

Det er slik han har laga fotballboka. Bokstav for bokstav. Namn for namn. Time etter time.

No handlar det om å få personane bak namna til å signere. Til no har han samla rundt 500 autografar, men Bas er ustoppeleg.

Problemet er berre at spelarane er det same, der dei susar forbi i luksusbilane sine. I alle fall verkar det slik nett i dag.

– Du har reist heilt frå Askøy. Kva om du ikkje får ein einaste autograf?

– Dagen er enno ung. Her kan alt skje. Berre vent og sjå.

Arsenal

Dagen før, i hjartet av London: Bas er på veg inn døra til sitt faste hotell. Med grått skjegg og grå tweedjakke ser han meir ut som ein britisk akademikar enn ein norsk autografjeger.

Han har så vidt komme over dørstokken, då resepsjonisten kjem smilande og gir han ein varm klem.

– Eg har blitt godt kjend med både Paulina og mannen. Det er alltid hyggeleg å komme hit. Her kjenner eg meg heime.

Det var her i London han studerte kalligrafi-kunsten. Det var her den brennande interessa for engelsk fotball blei vekt. Og det er som regel hit han reiser fire–fem gonger i året for å dyrke sin tidkrevjande hobby.

Enkelte stader bankar fotballhjarta ekstra sterkt. Frå undergrunnen går vi av på Arsenal stasjon. Nokre rulletrapper opp ligg Emirates Stadium, heimebana til favorittlaget.

– It’s home, you know!

Bas slår ut med handa mot det digre stadionanlegget.

– Sjå! Der er den største av dei alle. Dennis Bergkamp, ingen over, ingen ved sida!

Han peikar opp mot ein plakat med bilete av den berømte landsmannen.

Fast lyskryss

Bas Vlam legg opp kalenderen sin etter Arsenal sitt kampprogram.

– Eg prøver å unngå sosiale samanhengar når Arsenal speler. Blir nesten sur om folk inviterer meg i selskap når det er viktige kampar på gang.

Men korleis får han dei store stjernene til å signere i boka?

Han har sine triks. Og sine faste plassar. Eit viktig jaktområde er lyskrysset like bortanfor stadion. For også fotballstjerner med millionløn må stoppe på raudt lys.

– Det var her eg fekk Robert Pires!

Taktikk

Ein vanleg kampdag er Bas på plass minst to timar før kampen. Når den er over, står han gjerne to timar til.

– Enkelte gonger får eg ein autograf eller to. Men eg har også opplevd å bruke seks timar utan å få så mykje som ein krusedull.

– Er ikkje det frustrerande?

– Jo, men det er ein del av gamet. Ein kan ikkje gjere anna enn å ta det med godt humør, og prøve igjen seinare.

Ein god autografjeger har også etiske retningslinjer. Bas oppsøker aldri spelarane på privatadressa.

– Det er fotballspelaren eg jaktar på, ikkje privatpersonen. Eg prøver alltid å opptre diskret og høfleg. Taktikken er å ta det roleg, ikkje trenge meg på.

Det store spørsmålet er om taktikken verkar? Det skal vi snart få svar på.

Hundrevis av timar

Men kva med forarbeidet? Alt som må gjerast før han kan sette seg på flyet til London for å jakte på signaturar?

Det skjer i Florvåg på Askøy. Her bur Bas bur med kone og to kattar. To vaksne barn har flytta ut frå heimen, som ber sterkt preg av far sin lidenskap for fotball.

– Der er Robert Pires! Og der er Unai Emery, nyleg avgått Arsenal-trenar. Handskrifta er nesten uleseleg!

Bas har sett seg til rette i sofaen. Ein for lengst avblåst fotballkamp flimrar over fjernsynet. På fanget ligg fotballboka oppslått.

Fotballbøker finst det mange av, men ingen som denne. Prosjektet har til no vart i tre år. Hundrevis av arbeidstimar ligg bak. Og minst like mange framfor.

Penn og blekk

Den lange kroppen reiser seg frå sofaen og viser veg ned i kjellaren. Arbeidsrommet er fullt av pennar, blekk og papir. Tidlaust utstyr, bortanfor all digitalisering. Her ved pulten finn han ei spesiell ro.

– Det er noko eige med lyden av penn som skrapar mot papir. Det er som å høyre katten male.

Med rolege, rutinerte rørsler dyppar han pennen i blekk, og lagar jamne strekar og elegante bogar. Etterkvart blir det bokstavar og ord. Namn på engelske fotballstjerner.

Han har stor sans for detaljar. Det må ein ha, om ein skal leve av kalligrafi. Ein eldgammal kunst, halden i hevd av nokre få utvalde. Felles for dei er stort tolmod og stødig hand.

Kalligrafi handlar, enkelt forklart, om vakker handskrift. For Bas er dette balsam for sjela. Perfekt opplading til den meir stressande jobben med å jakte autografar på andre sida av Nordsjøen.

Balla på seg

Opphavleg var planen å lage ein enkel oversikt over Premier League. Ei side for kvart lag. Namn på klubbane, historikk, viktige fakta, sentrale spelarar, trenarar.

Ei overkommeleg oppgåve, tenkte Bas. Men så balla det på seg, bokstaveleg tala. Han kunne jo ikkje la sidene stå tomme.

125 klubbar har det blitt. Frå topp til og med femte divisjon.

Alle lag har si eiga side. Her finst ikkje berre namnetrekk og fakta. Drakter og klubblogoar er også mødesam teikna inn og fargelagt, med kompromisslaus presisjon. Sjå berre på det vesle damplokomotivet i logoen til Darlington.

Bas har for lengst slutta å telje arbeidstimar.

– Det har kona mi også. Ho har akseptert at dette er viktig for meg.

Beviset på det er godt synleg på skjortebrystet.

– Kona har sydd Arsenal-logo på alle skjortene mine.

Men trass i lidenskapen – kva er det som driv eit menneske til å bruke så mykje tid og pengar på hobbyen?

Bøker for sal

I tillegg til si eiga bok, som er den oppdaterte fasiten, har han trykt opp 1000 eksemplar for sal. Men kva gjer han når det dukkar opp nye spelarar, og nye vinnarlag?

– Eg oppdaterer bøkene for hand kvart år, med vinnarar av cup og serie. Tar ti bøker om gongen, så blir det overkommeleg.

– Korleis er interessa?

– Tja, eg har framleis 600 bøker att. Så med tanke på arbeidsmengda, kan du trygt seie det er eit tapsprosjekt!

Skrivearbeidet og kalligrafien er ei sak for seg. Det som kjem etterpå tek minst like lang tid, og kostar atskilleg meir pengar.

Vi skal tilbake til England, og vegkrysset nord for London.

Første omgang

– Dette er vanlegvis ein god plass å stå!

Klokka nærmar seg 10 på føremiddagen. Det som no skal skje, har ein del til felles med ein fotballkamp. Men det skal vise seg å vare lenger enn 90 minuttar.

Vegkrysset er omgitt av skog og grøne enger. Bortsett frå trafikken, skjer det absolutt ingenting. Dei fleste vil seie at vi er In the middle of nowhere. Men ikkje Bas.

– Der inne i skogen ligg Arsenal sin treningsbane.

Med den knallraude Gunners-lua godt nedover øyra, håpar han å bli sett. Han har boka under armen og signeringspennen klar. No er det berre å vente. Og vente. Og vente.

Etter det som kjennest som ein liten æve høyrest hissige motorbrøl. Ein liten sportsbil svingar inn på sidevegen. Bas strekker håpefullt fram boka, men til inga nytte.

Snart kjem fleire bilar i øvre prisklasse. Også dei stryk rett forbi.

– På veg inn er det vanskeleg. Det er enklare å få dei til å stoppe på veg ut, etter trening.

Bas veit kva han snakkar om. Han har utvikla ekspertise på venting. Syter alltid for å vere god og mett, og utkvilt. Og å halde seg inne med vaktene.

Frå ein kar i gul refleksvest får han råd om å komme att om eit par timar. Og det trass i at skiltet i vegkanten er tydeleg: «Spelarar har ikkje lov til å stoppe for å skrive autografar. Dette er ikkje deira avgjerd».

Autograf-skilt

– Pytt, pytt, det er alltids nokon som stoppar. Om ein berre passar på å vere her til rett tid.

I dag tyder mykje på at han har bomma på tidspunktet.

– Ein kan aldri vite. Men det var nok i overkant optimistisk å møte opp så tidleg.

På fotballspråk ville vi sagt at første omgang er over, og Bas må gå til pause utan mål. Men han har på ingen måte gitt opp håpet.

– I'll be back!

Andre omgang

Eit par timar seinare er vi på plass i det same vegkrysset. No har stemninga endra seg. Det er tydeleg at noko stort er i emning.

Vi er ikkje lenger åleine. Ei fargerik forsamling har stilt seg opp i vegkanten. Dei fleste er kledde i supporter-effektar.

Ein unggut som nesten ikkje kan eit ord engelsk, har reist heilt frå Japan.

Alle er dei her av same grunn – for å samle autografar. Vår mann skil seg kraftig ut med tweedjakka si. For ikkje å snakke om boka.

– Skikkeleg imponerande arbeid, seier Paul Richardson, og held tommelen i vêret.

Autografsamlar-kollegaen har møtt Bas fleire gonger, og er full av lovord om bokprosjektet.

Praten går livleg og stemninga er både kollegial og jovial. Men alle held dei eit vaktsamt auge med sidevegen.

Nok ein time går, utan at det skjer stort. Men så høyrest endeleg brumminga frå ein kraftig motor. Etter reaksjonen å dømme, er det noko stort på gang.

Den gemyttlege praten stilnar. No er det kvar mann for seg. På tide å fokusere på arbeidsoppgåvene.

Ein raud Ferrari stoppar så vidt i krysset, før han trør gassen i botn og lèt etter seg dei håpefulle i ei sky av støv og eksos.

Saftige engelske gloser avslører kva gjengen synest om den slags oppførsel. Bas uttrykker seg meir sivilisert, men legg likevel ikkje skjul på kva han meiner.

– Dette er unge gutar som tener millionar i veka. At dei ikkje kan ta seg tid til å vise fansen litt respekt, er skuffande.

Overtid

Endå eit par nederlag blir loggført, før det endeleg losnar. Fleire av bilane stoppar og Bas held seg trufast til taktikken: ta det roleg, ikkje bli overivrig, ikkje brøyte.

Han hamnar alltid bakarst i køen, men får han det han jaktar på. Smilet blir stadig breiare.

Fangsten er så pass akseptabel at han kan snart reise heim med godt samvit. Bas skal akkurat til å avblåse, fire timar etter avspark.

Men så, på overtid er det klart for dagens gylne augneblink.

Ut av den engelske lauvskogen skyt ein gullforgylt Lamborghini. Eit golden goal på fire hjul. Ved rattet, få centimeter over asfalten, sit Aubameyang.

Franskfødd gabonsk angrepsspelar med førenamn Pierre-Emerick Emiliano François.

På ny vaknar jaktinstinktet. Alle spring det dei er gode for, og flokkar seg rundt bilen. Kollegiale omsyn er lagt til side.

Obstruksjonar og taklingar sit laust, men her er ingen dommar som bles i fløyta, ingen raude kort.

Den einaste som skil seg ut, er Bas. Han står roleg med boka under tweed-armen, og ventar til dei andre har fått sitt. Og nok ein gong slår taktikken til.

Guten med gullbilen tar seg tid til ein siste uleseleg krusedull, før han forsvinn ut av krysset med eit brøl.

Det er på tide å summere opp to dagars jakt. Kampen, sett under eitt:

– 30 nye signaturar, eit par nederlag og såre føter. Men eg er no ein gong sprø. Mitt prosjekt tar aldri slutt. Eg kjem tilbake!

Kva er den ultimate signaturen, den du verkeleg drøymer om å få?

Svaret kjem utan nøling.

– Dennis Bergkamp. Den aller største.

Mann med tweed-jakke og briller smiler opp mot himmelen i en gate i London.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK