Han flykta frå Syria og enda opp ved ein fjord på Vestlandet. Her har han berre éin draum.

Einsam i eit nytt land

Ikkje alle som flyktar til Noreg har rett på det same. Amjad Hanna (32) spør seg: Når får han lov til å få besøk av familien?

For åtte år sidan flykta han frå krig i heimlandet.

Amjad har sidan gjort alt for å passe inn i her.

Men noko manglar. Kva er grunnen til at Noreg ikkje kan hjelpe med det?

I den vesle industribygda Høyanger lever Amjad sitt nye liv.

Her han fått seg ein god jobb i hjørnesteinsbedrifta Hydro.

Men Høyanger er så annleis frå heimbyen i Syria.

På fritida er det lite å ta seg til her.

Utan familien kjenner Amjad seg mykje einsam.

Det einaste han vil er at familien skal få kome på besøk i Noreg.

Men regelverket gjer det umogeleg.

Han har undersøkt alle moglegheiter. Sjekka alle reglar.

Amjad er villig til å garantere for at eit besøk frå familien ikkje skal koste Noreg noko.

Likevel finst det ingen vei. Norske reglar gjer at han ikkje kan få besøk.

Men arabisk kaffi kan ikkje dempe saknet etter heimlandet og dei som er att der.

Ali har same draum som Amjad.

Han måtte flykte frå jenta han var forlova med.

Skal familien få kome til Amjad må dei få visum.

Det er problemet.

UDI skriv at det på grunn av situasjonen i Syria er vanskeleg for syrarar å få visum i Noreg.

På spørsmål om det er strengare reglar i Noreg enn i andre land skriv einingsleiar Hanne Grimsrud:

«Noreg behandlar besøksvisum etter schengenregelverket som er et felles regelverk for alle medlemslandene som vert nytta til å vurdere ein søknad om besøksvisum.»

Samtidig ser Amjad at ukrainarar i Noreg får hente familiane sine.

Alle ukrainarar med pass får kome hit.

For Amjad Hanna kan det bli lenge til han kan sjå den syriske familien sin att.

Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal