John Erik Aarsheim, bergensar, nordfjording og colombianar.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKTo personar i ein
35 år etter han vart ulovleg kidnappa og adoptert førte John Erik sine to mødre saman.
Ana Jimenez tenker at dette er det nesten er som å vere med på den første skuledagen hans.
Det er første gong ho kjenner regnet i Bergen, langt frå heimbyen Bogota i Colombia.
Ho har ikkje regnjakke eller paraply, men det gjer ingenting.
Ana har gått glipp av så mykje. Men no er ho her.
Sonen skal delta på opninga av Festspillene i Bergen. Regissøren meiner historia hans er fantastisk. Han vert løfta fram som ein representant for mangfaldet av innbyggarar i byen.
Jhonatan kjem ned catwalken på Festplassen. Då slår det Ana at han er akkurat slik ho hadde sett for seg så mange gonger.
Så høg og kjekk og intelligent han er, tenker ho.
Inga mor kunne ha vore stoltare enn det Ana er av Jhonatan denne dagen.
Men Jhonatan har ei mor til på Festplassen.
Mora Ana og bror Juan på opninga av Festspillene i Bergen
Foto: Oddgeir Øystese / NRKEi som har eit anna namn på han.
Ho opplevde den første skuledagen hans på Stadlandet for over tretti år sidan.
Ulovleg adoptert til Noreg
Det har gått tre og eit halvt år sidan John Erik Aarsheim fekk livet sitt snudd på hovudet.
Han hadde byrja å leite etter svar på kvar han kom frå. Svar på kven han var.
Det han fann ut var meir oppsiktsvekkande enn han kunne ha tenkt seg.
John Erik oppdaga at han blei kidnappa i Colombia på 80-talet før han vart adoptert til Noreg.
Her vaks han opp hos ein norsk familie på Vestlandet. Familien var lykkeleg uvitande om fortida til treåringen.
32 år etter kidnappinga fekk NRK vere med då han fekk møte biologiske familien sin for første gang.
Adoptivguten fann den opphavelege familien sin. Den fortapte son kom heim til ein stad som no var framand for han.
Men covid og nedstenging gjorde at eit kort første møte vert til eit heilt år i Colombia.
Det vart intense dagar. Kvar dag fleire timar med spanskundervisning så kan snakke med familien sin.
Det er så mykje tapt tid å ta tilbake.
32 gåver for 32 år
Då han for første gong på tre tiår skal feire bursdag på datoen han faktisk vart fødd har familien 32 gåver til han.
Ei for kvart år dei har brukt fødselsdagen på å tenke på kvar han kan vere.
Dei har pakka inn ein leike som passar ein femåring. Tolvåringen får eit tetris-spel han kunne fått om han hadde vore der på 90-talet.
Det gjev meining for John Erik at han har røtene sine her. Han ser seg sjølv i familien sin og dei rundt seg. Han set pris på at dei er så overdådige.
Før dette hadde han tenkt at han var for colombiansk for Noreg. No forstår han at han kanskje også er for norsk for Colombia.
Det er mykje å henge med gjennom gåver for eit halvt liv.
Ei oppvekst på bygda i Noreg, på Stadlandet, har og vore med og forma han til kven han eigentleg er.
Første fødselsdag i Colombia. 32 kaker for 32 bursdagar dei ikkje har fått feira før.
Jula i Colombia vart så norsk som John Erik kunne få den.
Eg trudde eg var for colombiansk for Noreg. Men eg tenkte fort at eg nok var for norsk for Colombia.
Mor Ana vitja til slutt sonen i landet der han vaks opp.
Norsk jul ved ekvator
Han har ein familie å bli kjend med på ny. Han ser seg sjølv i dei.
Men det er ein kultur som er ny for han. Den er annleis frå kva han er vane til.
Av og til kjenner han seg langt heimanfrå.
Han er dratt mellom to verder, mellom Noreg og Colombia. Mellom John Erik og Jhonatan.
Då jula kom stelte han i stand norsk feiring. Med pynt og mat frå det adopterte heimlandet i nord.
Den colombianske familien fekk ein smak av Noreg. Og av kva Jhonatan hadde med seg frå oppveksten.
Ein kort, kvit haglskur på juleaftan fekk julestemninga fram hos vestlendingen ved ekvator.
Og ei kjensle av kor viktig det han har med seg frå heimen heilt vest i Noreg er for han.
Han er både John Erik og Jhonatan. Han må prøve å føre to verder saman.
Både inne i seg sjølv, og reint konkret.
Eit møte mellom mødrer
Dei står saman ute på dekk, mor og son.
Vestlandskysten suser forbi. For han er det eit velkjend landskap. For henne er det nytt og framand.
John Erik tenker at det på sett og vis er han som har foreldrerolla. Han peiker og forklarer og svarer på alle nysgjerrige spørsmål.
Hurtigbåten er på veg heim. Heim til Stad på Vestlandet. Heim til mor. Til eit møte mellom mødrer.
Han er ikkje så nervøs. Men han tenker på at den colombianske mora må vere usikker.
På eit tun ute ved fjorden møtest dei to mødrene.
Dei to kvinnene snakkar ikkje det same språket, men møter kvarandre med ein klem. Det er så langt frå Sør-Amerika til Stadlandet. Men dei to mødrene har på sett og vis mykje til felles og.
Begge forstår nok at møtet ikkje berre er enkelt for den andre.
Ana frå Colombia kjenner takksemd for at Jhonatan har fått vakse opp her. At han har vore trygg og blitt teke vare på, medan ho uroa seg for han tusenvis av kilometer vekke.
Men det er samstundes vondt å sjå plassane han leikte. Skulen der han lærde å lese og skrive. Heimen der han vart teke i mot med kjærleik kvar dag.
John Erik bit seg merke i at det for ein gong skuld er latinamerikanarane som er dei tause.
Ein son, to mødre.
Foreldra til John Erik
Historia til John Erik handlar sjølvsagt om mange fleire enn berre han sjølv.
Då Karen og Gunnar Aarsheim i 1988 henta sin adopterte son i Colombia hadde dei ingen grunn til å mistenke at han hadde ein familie som leita etter han.
Dei har vore like glade i han som i dei biologiske barna sine. Og slik er det framleis.
– Vi synest ikkje situasjonen er så vanskeleg. John Erik leita etter opphavet sitt. Og det er bra han fann det.
Dei to er på besøk hjå sonen i Bergen. Medan han har vore på ei turbulent reise, held adoptivforeldra stø kurs.
– Vi ser no på han som guten vår. Ikkje mindre enn tidlegare. Og dottera vår ser på han som broren sin. Slik sett er det inga forandring.
Sonen sit seg ved foreldra.
– Eg er veldig stolt av dykk. De har handtert dette så bra og fokusert på å vere mine støttespelarar.
John Erik meiner alt som har skjedd har gjort at han har redefinert kven han er. Konklusjonen er at han har to familiar.
Han har ikkje mista sin norske. Dei har kome nærare kvarandre. No forstår han kor mykje dei betyr for at han er den han er.
Mor Karen skildra han som fargerik mellom dei grå menneska på nordvestlandet. Men han har hennar behov for orden og organisering.
Far, son og mor. Gunnar, John Erik og Karen.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKArv og miljø
Historia om han som først var Jhonatan, så John Erik, og no er begge deler, er langt frå over.
Men den kan kanskje gå over i ein rolegare fase.
– Ein kjenner jo at det er vanskeleg å ta igjen alt. Av og til tenker eg at vi treng å innsjå at mykje er tapt og at det ikkje går å kompensere for det.
John Erik Aarsheim veit mange adoptivbarn aldri kan få dei svara han har fått. Mange har heller ikkje behov for å få dei.
Men John Erik kjenner seg heil på ein ny måte.
– Eg har forandra meg så mykje på så mange måtar. Eg har fått ei ro eg ikkje hadde tidlegare.
Colombia har og blitt ein heim. Han er der mykje. Han har colombiansk pass no.
Men det viktigaste er at han gradvis opplever at colombianarane byrjar å sjå på han som ein av dei.
Hovudperson på Festspillene
Samstundes er han både nordfjording og bergensar.
Då han går på catwalken i regnet under opningsseremonien på Festspillene er det som ein første skuledag, og for han.
– Det var ei stor oppleving for meg. For første gong var alle foreldra mine der.
John Erik, Jhonatan, har klart å føre saman to ulike liv, to ulike verder.
Var det då til det beste at han ein gong for lenge sidan var stolen frå familien sin?
– For meg personleg er dette ei lukkeleg historie. Eg ville ikkje ha endra den. Men eg ser jo at det er mange tilfelle som kunne ha endra alt.
Som å vere der på fyrste skuledag