Hopp til innhold

Widerøe bur seg på uvêr

Widerøe lar no passasjerar som skal ut å reise fredag få moglegheit til å bytte billett til avgangar på laurdag eller sundag.

Richard Kongsteien og eit Dash 8-fly frå Widerøe

BUR SEG PÅ UVÊR: Richard Kongsteien er kommunikasjonsdirektør i Widerøe.

Foto: Montasje: Picasa 2.7/Widerøe

– I utgangspunktet har vi planlagt for ein vanleg dag, men vi veit vel alt no at fredagen neppe blir vanleg, seier Richard Kongsteien som er kommunikasjonsdirektør i Widerøe.

Fredag er ekstremvêret Tor venta inn over Vestlandet. Det er venta at bølgjer på heile 13 meter kan treffe norskekysten i morgon . – Hald dykk inne, er den klare beskjeden til dei som bur i fylka som blir råka av «Tor» i morgon.

Kanselleringar

På grunn av dei dårleg vêrmeldingar for fredag 29. januar, har Norled allereie bestemt seg for å kansellere hurtigbåten mellom Bergen og Nordfjord. Både avgangen frå Selje klokka 1520 og avgangen frå Bergen klokka 1630 utgår.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand gjekk tidleg torsdag ut og oppmoda folk om å utsette reiser.

– Folk må tenkje seg om, og vurdere om dei til dømes må ta den turen dei hadde tenkt. Dei bør vurdere å utsetje reiser, seier Stensvand.

Grenser for vind

Flya til Widerøe kan tole mykje vind, det som er den store utfordringa er vind når flya skal ta av og lande.

– Vind er ein tryggleiksfaktor ved landing, og på alle flyplassane så har vi ei grense for kor mykje vind det kan vere ved landing, seier Kongsteien.

Dersom dei tøffaste prognosane for fredagen skulle slå til kan det by på problem både for Widerøe og dei reisande.

– Det som ofte blir ei utfordring for oss er at vi får flymaskiner som blir ståande vêrfaste i eitt område, og dermed manglar vi materiell til å fly i område som kanskje ikkje er direkte råka av uvêret.

– Kva bør folk som skal ut å reise gjere?

– Dersom folk ynskjer å booke om skal dei ta kontakt med plassen der dei kjøpte billetten og så får dei hjelp der. Elles bør følge med på heimesidene til Widerøe, der blir eventuelle kanselleringar annonsert, og elles møte opp på flyplassen som normalt, seier Kongsteien.