Weronika og Bjarne tek sjåarane med storm

OLDEDALEN (NRK): Eit uvanleg og nært venskap mellom ein pensjonert maskinførar i Oldedalen og ein filmskapar frå Polen tek publikum med storm.

Weronika Nitsch, Bjarne Sunde

VENNER FOR LIVET: – Eg ser på Bjarne som eit familiemedlem, seier Weronika Nitsch.

Foto: Silje Guddal / NRK

Midt i Oldedalen, mellom stupbratte fjell og storslegen natur ligg ein liten gard, driven i årevis av maskinførar Bjarne Magnar Sunde. Ein dag, for om lag fire år sidan banka det på døra. Kunne ho få leige nabohuset?

– Bjarne er eit veldig snilt menneske, så han sa ja med ein gong. Så vi vart naboar, seier Weronika Nitsch.

Det vart starten på eit vennskap som no er fanga på film, av Nitsch sjølv. Hundrevis av timar med opptak frå kvardagen i Oldedalen er blitt til kortfilmen «Bjarne vil ikkje på film». Men alle som har sett filmen anbefaler akkurat det, å sjå Bjarne på film.

Ekte kvardag

– Eg likte ikkje å vere på bilde, eg er ikkje vande med det. I mitt yrke så gjekk det i stein og grus, det var aldri snakk om noko bilde då, forklarar hovudpersonen sjølv.

Men Bjarne Magnar Sunde måtte berre innsjå at den nyinnflytta naboen ville lage film, om og med Bjarne, enten han ville det eller ikkje.

– Ho gav ikkje opp, ho hadde apparatet med til alle tider. Det var mange gonger det var irriterande, men det gjekk vel bra.

Weronika Nitsch, Bjarne Sunde

EI OPPDATERING: –  Når vi møtes så sit ved bordet og pratar om alt som har skjedd, det er utruleg fint. Det følast ut som heime for meg, seier Weronika Nitsch om besøka hos naboen Bjarne Magnar Sunde.

Foto: Silje Guddal / NRK

Weronika Nitsch kom til Norge for ein sommarjobb, men flytta etter kvart til Oldedalen.

– Eg tenkte at folk ikkje visste kor fin person han er. Han har ein fantastisk personlegdom, eg ville berre vise det.

– Det blir mykje skryt, synest eg, seier Bjarne.

– Du ser rørt ut?

– Det er nesten så ein kan bli det, med alle dei fine orda ho seier, svarar Bjarne.

Varmt vennskap

Filmen «Bjarne vil ikkje på film» er så langt vist på ei rekkje kinoar i Sogn og Fjordane. Der har Bjarne gått på raud løpar og motteke klappsalvar.

– Bjarne var eit vanskeleg intervjuobjekt i byrjinga, men eg trur at sjølv om Bjarne seier nei, så kosa han seg kjempemasse, seier filmskaparen.

– Når alt kom til alt, så var det jo moro, vedgår Sunde.

Dei to fortel om eit kamera som alltid stod på, men som dei til slutt gløymde var der.

– Kanskje folk likar denne filmen fordi den viser livet, Bjarne er utruleg ekte, seier Nitsch.

– Det er fint å sjå korleis folk reagerer, seier Sunde.

Ut i verda

No er filmen sendt til mange filmfestivalar, både i Norge og utlandet. Nitsch er midt i ei mastergrad, samstundes underviser ho ved Sogndal vidaregåande skule. Men huset i Oldedalen leiger ho framleis.

– Når det er påske eller jul så kjem eg alltid hit, og med ein gong eg kjem til Oldedalen så kjem Bjarne på besøk til meg.

Trailer til «Bjarne vil ikkje på film»