Hopp til innhold

Walaker til topps i hotelltest

Walaker Hotell i Luster hamnar på topp i kåringa til Dagens Næringsliv. Hotellet får full score på romkvalitet og atmosfære.

Walaker Hotell
Foto: NRK

Hotellet kjem også bra ut på mat og service. "På slaget 1930 serveres et fireretters kulinarisk høydepunkt" skriv avisa. Dei skriv og at det ikkje er noko å seie på servicen.

Ole Henrik Nitter Walaker med sonen Theodor

Ole Henrik Nitter Walaker med sonen Theodor

- Gjesten i førarsetet

Og service er noko hotellvert Ole Henrik Nitter Walaker har fokus på.

- Vi pleier å seie til beteninga at dei skal tenke på at dei skal jobbe som om det er kongen og dronninga som er på besøk.

- Det er gjesten som er i førarsetet. Ein kan aldri vite kven som er på besøk. Det kan vere ein som skal gifte vekk dottera si og som er på jakt etter lokale, ein bedriftsleiar som vil halde seminar eller ein anmeldar, seier Walaker.

Skal gjere det enda betre neste år

Hotellverten er audmjuk og takkar for god omtale, men synest det er rart at dei ikkje scora betre på pris i Dagens Næringsliv sin test.

- Vi fekk tre av fem stjerner på pris, og det tykkjer eg er rart når dei skriv at den høgare romprisen absolutt er verd det. Sjå og Skrur prisane i veret .

- Så vi burde hatt eit par poeng til. Men det tar vi til neste år. Vi skal jobbe mot det, seier den niande generasjons direktøren.

Hopstock Hotell og Motell i Vik og Quality Hotel i Førde hamna mellom dei fem på botnlista i testen.

Beste resultat

Hotellet ser i følgje Walaker ut til å få det beste resultatet på 319 år.

- Vi har like mange gjestedøgn som i fjor, men har ein omsetnad som er 10 prosent høgare. Dette er fordi at det er færre barnefamiliar som har budd her hjå oss og fleire par, som brukar meir pengar.

- I tillegg har vi hatt fleire kurs- og konferanse besøk. Samt at folk har brukt litt meir på mellom anna vin og kunst.

- Vi går med eit kraftig underskot i år også, men dette er fordi vi har brukt særs mykje pengar på ombygginga av hovudhuset i fjor vinter, seier han.