Hopp til innhold

Wahlquist blir eliteseriespelar

Det unge handballtalentet Hege Bakken Wahlquist flyttar til hausten til Stavanger for å spele med eliteserielaget Sola HK.

Hege Bakken Wahlquist

TEK STEGET: Hege Bakken Wahlquist (18) frå Årdal tek steget opp i eliteserien til hausten.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

På fredag skreiv den tidlegare Jotun-spelaren under ein treårskontrakt med klubben, det skriv Sogn Avis på sine nettsider.

- Eg trur det blir veldig spennande, seier 18-åringen frå Årdal til avisa.

Ungt talent

Ungjenta frå Sogn har lenge imponert på handballbana. I Jotun har ho vore ein av dei klart beste spelarane, og seinast i slutten av april skåra ho fleire mål då juniorlandslaget spelte kampar i Nederland.

Det har lenge lege i korta at Wahlquist kom til å forlate Jotun til fordel for ein større klubb. No er det klart at valet vart Sola.

- Eg håpar det er ein grunn til at dei vil ha meg der, og at eg vil få ein del speletid, seier Wahlquist til Sogn Avis.

Har målet klart

Utdanningsansvarleg Øyvind Indrebø i Norges Handballforbund har tidlegare sagt at han meiner Wahlquist kan få ei lang karriere på toppnivå.

Wahlquist har førebels ikkje fått trene med eliteserielaget i Stavanger, men skal ha fått kontrakt på grunnlag av videoopptak frå tidlegare kampar.

No håpar det unge talentet at ho skal fortsetje å vekse som spelar.

- Først og fremst har eg lyst til å få speletid og gjere det så bra eg kan.