Vurderer varetekt av valdtektssikta

Både den sikta og offeret i valdtektssaka i Førde blir avhøyrde i dag.

Valdtekt i Førde

SIKTA FOR VALDTEKT: Ein norsk statsborgar med afrikansk bakgrunn er sikta for valdtekt av ei tenåringsjente.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det stadfestar politioverbetjent Linda Åmelfot.

Ein mann i 30-åra vart i helga sikta for valdtekt av ei jente i tenåra i området mellom Korsavegen og Hornnesvegen.

Når det gjeld spørsmålet om varetekt vil det bli avgjort i løpet av dagen, ifølgje politiet.

– Det er oppe til vurdering som i alle slike alvorlege saker. Det er juristen i samråd med etterforskingsleiinga som avgjer det, og det er ikkje bestemt endå, seier Jan Egil Tvinde ved Førde lensmannskontor.

Politiet fekk først melding om valdtekta natt til søndag, men hendinga skal ha skjedd førre måndag. Krimteknikarar gjorde i helga undersøkingar på staden.

I helga gjekk politiet ut og bad om tips frå folk som kan ha sett noko i det aktuelle området mellom klokka åtte og ti måndag kveld i førre veke. Dette ønskjer dei framleis.

– Eg har ikkje heilt oversikt over kva vi har fått inn av informasjon, men vi er interessert i fleire folk som kan ha observert sikta og/eller fornærma i dette tidsrommet, seier Tvinde.