Det seier avdelingssjef Svenning i Lida ved ortopedisk avdeling ved sentralsjukehuset.
- Eg må fyrst høyre hans eiga forklaring på det som har skjedd. Men det er ei alvorleg sak som kan få som konsekvens at han ikkje får kome tilbake hit, seier i Lida.
Tvilsam vurdering
Det er truleg vurderinga av eit røntgenbilete av armen til 13-åringen frå Florø 27. juli som kan føre til at den danske vikarlegen vert nekta vidare arbeid ved sentralsjukehuset i Førde.
Etter gipsing 12 dagar før hadde guten store smerter, og kontrollen med røntgen den 27. viser også at dei to brotne beina i underarmen var ute av stilling.
Nokre dagar seinare vart guten operert i Oslo. Ifølgje faren var det då fare for at guten kunne misse armen eller få varige alvorlege skadar.
Vikarbyrå
Den danske legen som vurderte guten i Førde er hyra gjennom eit vikarbyrå.
Petter Øgar. NRK-arkiv.
Fylkeslege Petter Øgar ser førebels ikkje grunn til å kommentere denne sjukehussaka før det kjem ein skriftleg klage. Men Øgar seier at legevikarar har vore eit tilbakevendande problem.
- Det er i alle fall to utfordringar ved å bruke vikarar. Det eine er at arbeidsgjevaren må ha gode rutinar på å kontrollere at vikarane har riktig kompetanse, og det andre er at einkvar som kjem ny til ein stad må lære seg rutinane som gjeld. På begge desse områda kan det glippe, seier fylkeslegen.