Hopp til innhold

Vurderer farevarsel – snart treffer restane av syklonen «Nigel» Vestlandet

Syklonen «Nigel» vil i neste veke påverke vêret i Noreg. Dei første som vil merke restane av den tropiske stormen er Rogaland.

Rørosvidda

UVÊR I VENTE: Snart blir vakre haustfargar erstatta av store nedbørsmengder når syklonrestane treff landet.

Foto: Torgun Brean

Det går frå grått og vått, til grått og våtare når restane av syklonen «Nigel» når norskekysten over helga.

– Det ser ut til at det deler seg opp i fleire system. Første runde treffe allereie ut over søndagen. Det ser ut til at de treffer mest Rogaland og lengst sør i Vestland, seier meteorolog Julie Solsvik Vågane.

Det skjer sundag kveld og natt til måndag. Så vert det ein ny runde ut over måndagen,

– Vi ser at det vert ein del vind frå sørvest og ein god del nedbør i løpet av måndagsdøgnet.

Vind og regn

Syklonen «Nigel» bygde seg opp utanfor Florida, og oppbygginga av uvêret har ført til kraftig nedbør i dei sørlege delen av solskinsstaten, skriv SunSenteniel.

Ein tropisk syklon er eit stormsystem, eit lågtrykk, som får energi frå varme frigitt av fuktig luft som stig og kondenserer, skriv Wikipedia.

I Storbritannia, som får vitjing av restane av «Nigel» først, er det sendt ut farevarsel, skriv The Independent.

– Det er heldigvis mykje svekka før det kjem til oss. Det vil ikkje lenger vere orkan. Det vil vere betrakteleg mindre vind, seier Vågane.

Regnmålar

Ventar store nedbørsmengder.

Foto: Bente Damengen Tollefsen

Utfordringa er at uvêret har ein del potensial i seg med tanke på nedbør. Slik det ser ut per no så ser det ut til at vi kan få nedbørsmengder på kring 50 til 70 mm i løpet av 24 timar.

– Så det blir ikkje nødvendigvis farevarsel for Vestlandet sin del, men dette er noko vi må kome tilbake til når vi får finskalamodellar som går så langt fram.

Rogaland har også i det siste hatt mykje nedbør. Nyleg var det ute farevarsel i dei søre delane fylket, Agder og Telemark. Førebels er det ikkje kome farevarsel i samband med Nigel.

Beredskapssjef i Rogaland, Reidar Johnsen, seier deira ansvar først trer inn ved oransje farevarsel.

Men med tanke på dei store nedbørsmengdene som er venta vil eg generelt grunnlag oppmode kommunane til å sjekke bekkar og avløp. Det bør og privatpersonar gjere rundt husa sine, seier Johnsen.

Julie Solsvik Vågane, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet

Julie Solsvik Vågane, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Kan gi flaum

Meteorologane følger utviklinga nøye. Sjølv om det berre er restar som treff landet, kan mykje nedbør over to dagar gi utfordringar som flaum og stor vassføring i elvar. Difor følger meteorologane situasjonen nøye.

– Ja, både vi frå Meteorologisk institutt og NVE ser på kva moglegheiter det er for ulike typar farevarsel, seier Vågane.

Etter kvart vil restane av «Nigel» bevege seg nordover til Troms og Finnmark. Men nedbøren i sør er likevel ikkje over for ut over i veka er nye lågtrykk på veg inn.

– Vi ligg inne i ein runde med mykje sørvest og lågtrykk inn frå Atlanterhavet i den komande veka, men det er sundag og måndagen som ser ut til å verte dei våtaste, seier Vågane.