Det var sjokkmeldinga jegerar og grunneigarar i Sogn og Hallingdal fekk under informasjonsmøtet om skrantesjuka i Lærdal kulturhus onsdag kveld.
Det frammøtte fagkorpset frå NINA, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet gav tilhøyrarane i den nesten fullsette salen beskjeden dei frykta aller mest:
- Skyte ned all villrein i sone 1 (Aurland, Lærdal, Ål) i Nordfjella
- Legge fjellområdet brakk i fleire år, fjerne saltsteinar og jord
- Reetablere ei frisk stamme når prionsjukdomen er borte
Aurland og Lærdal
Sone 1 i Nordfjella ligg mellom Aurland og Lærdal, meir spesifikt mellom riksveg 52 over Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Aurland-Hol.
Villreinstamma her teller 1500 villrein. Og det er i dette området at alle tilfella – tre tilfelle – av den frykta skrantesjuka (CWD) er funne på rein til no.
– Ei sanering av villreinstamma har størst sjanse for å lykkast i kampen mot skrantesjuka, sa forskar og veterinær Bjørnar Ytrehus frå Norsk institutt for naturforsking.
– Vi er i byrjinga av noko som vil utvikle seg. Sjukdomen vil ikkje forsvinne. Då er det bra at vi erkjenner problemet tidleg, sa han til dei frammøtte.
Også seniorrådgjevar Julie Grimstad i Mattilsynet talte for ei avretting av villreinstamma.
– Fagleg sett er den beste løysinga å fjerne bestanden av villrein for så å reetablere den seinare, sa Grimstad.
Naturtragedie
Både Ytrehus og Grimstad understreka at ei eventuell avretting skal til politisk handsaming og at ingenting er endeleg avgjort. Og at miljøstyresmaktene i tillegg vurderer å setje inn andre tiltak.
Liknande metodar for å sette skrantesjuka i sjakk er gjort i USA og Kanada.
Til NRK vedgår forskar Bjørnar Ytrehus at tiltaket er drastisk.
– Men det er med bakgrunn i det vi veit om sjukdomen i dag. Den spreier seg og kjem til å ramme heile bestanden. Og den kjem ikkje til å forsvinne.
– Men dette er ville dyr. Vil dei ikkje lett kome tilbake til området?
– Jo, og eit tiltak må vere å forhindre at dyra kjem tilbake.
– Og kva skjer om de finn eit smitta dyr på Hardangervidda eller andre stadar. Skal de drepe vidare?
– Finn vi dette i alle hjorteviltbestandar er dette ikkje noko vi kan halde fram med. Den føreslegne nedskytinga i sone 1 er tiltak etter kva vi veit i dag om sjukdomen, seier Ytrehus.
Grunneigar kritisk
Fleire kritiske røyster heva seg i salen. Mellom anna Ragnhild Einemo, som representerer ein grunneigarfamilie i området.
– Det er gjort undersøkingar på berre 510 dyr utanfor Nordfjella. Det er eit drastisk og alt for radikalt tiltak å utradere ei heil stamme utan å vite om dei nærliggande stammane også er smitta.
– For er dei det, vil det ikkje vere att dyr å lage ny stamme av, seier Einemo til NRK.