Hopp til innhold

Vurderer å setje inn båt forbirasstrekninga

Fylkeskommunen jobbar akkurat no med å klargjere båtar som kan setjast inn for å bringe folk, post og varer forbi rasstaden der Riksveg 5 er stengt mellom Florø og Førde.

Ras riksveg 5

BUSSAR: To bussar frå Bremanger kom til staden der vegen er stengt. Bussen til Førde kunne køyre vidare, medan bussen med 21 passasjerar til Florø måtte snu og reise heim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bussen i biletet over kom frå Svelgen med 21 passasjerar, men måtte snu og køyre heim att. Svært mange pendlarar som skulle til eller frå Florø på jobb eller skule kom heller aldri fram i dag.

Eit steinsprang som gjekk tysdag kveld stengjer nemleg riksveg 5 ved Leversundet mellom Grov og Sundefjellstunnelen. Det er ikkje omkøyringsmoglegheiter for folk som skal mellom Florø og Førde, eller Florø og Svelgen. Folk som skal mellom Førde og Svelgen er ikkje råka av stenginga.

Vegen kan tidlegast opna mellom klokka 15 og 16. Ein geolog undersøkte området onsdag morgon og skal i føremiddag gjere ei ny vurdering av staden, etter at han såg ei steinblokk. Frykta er at det skal gå fleire ras.

Førebur båtar no

Ras riksveg 5

LANGE KØAR: På eit tidspunkt var køane svært lange, men no er det stort sett vogntog og lastebilar att. Mange personbilar har snudd og køyrt heim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Mykje varer og svært mange arbeidarar pendlar kvar dag mellom Florø og Førde. Dei kjem no ikkje fram, då det ikkje finst omkøyring.

Vegvesenet har varsla fylkeskommunen om situasjonen, og det vert no vurdert å setje inn båt for pendlarar som ikkje kjem seg mellom Florø og Førde eller Florø og Svelgen.

– Vi har blitt bedne om å førebu båttransport dersom det skulle verte langvarig stenging. Vi må vente på beskjed frå Statens vegvesen om og eventuelt kva tid det skal setjast inn båt, seier Ole Hæreid i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen.

Han veit ikkje om det ein eller fleire båtar, eller kor store båtar som skal setjast inn.

Store mengder post kjem førebels ikkje fram

Ras riksveg 5

MÅ VENTE: Mange varer og personar kjem ikkje mellom Florø og Førde eller Florø og Svelgen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Terje Gabrielsen, distribusjonssjef i posten i Florø, seier dei no berre må vente.

– Vi har sopass store mengder post, at vi kan ikkje gjere det på noko anna måte enn å vente. Vi sit her og ventar, og håpar at vegen opnar klokka 12.

– Dersom det vert lenger enn 12, vurderer de då å setje inn båtskyss eller andre metodar for å få posten fram?

– Ikkje i første omgang. Dette er store mengder, ein trailer med pakkar og brev. Slik det ser ut no må vi berre vente til han opnar.

– Kva betyr det for utkøyring av post til vanlege kundar i Florø?

– Dersom vegen opnar klokka 12, satsar vi på å få ut brev og avviser først. Får vi posten hit rundt 12.30 eller 13.00, får vi ut ein del i dag. Vi går her heile styrken og ventar. Vi er klare.