Hopp til innhold

Vurderer å melde hets til politiet

Styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, vurderer no å melde hetsen av henne og til politiet.

Jon Bolstad og Clara Øberg.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Clara Øberg seier ho ser svært alvorleg på at både ho og fleire andre vert hetsa på blant annna nettavisene sine sider.

- Det som før har vore sjikane byrjar no å nærme seg trugslar, seier Øberg.

- Nærmar seg trugsmål

- Kva går trugsmåla ut på?  

- Trugsmål som at "du får sove godt i natt, i morgon byrjar helvetet". Då byrjar eg å lure på kva som eigentleg ventar meg. Og ein del av dei meldingane eg får på telefon er hets, som og er byrja å verte trugsmål.

Øberg har den siste tida blant anna fått fleire tiltals tekstmeldingar, i tillegg til hetsande innlegg på sidene til nettavisene. Øberg seier meldingane etterkvart er byrja å bli ubehagelege.

- Hetsen kjem frå Lærdal

Styreleiaren vil i løpet av helga bestemme seg for om ho vil sende ei formell politimelding.

- No skal det ikkje mykje meir til. Eit par meldingar til av same karakter som eg har fått dei siste dagane så vil eg melde deg. Det veit politiet om, seier Øberg.

Ho vil ikkje ut med kven ho mistenkjer som står bak hetsen, men trur det ikkje er tilsette i Helse Førde. Derimot er ho rimeleg sikker på at avsendar-adressa for det meste er Lærdal.

Også direktørane i Helse Førde, som har vore utsette for det same, vurderer no fortløpande om dei skal gå til politiet.