Hopp til innhold

Vrakar Dahlin i kampen mot Brann - nektar å kommentere festrykte

Sogndal-målvakt Erik Dahlin har stått solid dei siste kampane, men før vestlandsderbyet mot Brann er han vraka frå laget.

Created by InfoDispatcher

FÅR IKKJE SPELE: Erik Dahlin om å bli vraka til kampen mot Brann. Foto/redigering: Steinar Lote

– Det er klart eg blei forbanna då eg ikkje fekk fornya tillit mellom stengene, seier sogndalsmålvakt Erik Dahlin rett før kampstart mot Brann på Fosshaugane Campus.

Laster innhold, vennligst vent..

Vraka trass i gode prestasjonar

Dahlin har spelt godt dei siste kampane, men trenar Jonas Olsson har likevel valt å setja han på benken før vestlandsderbyet. Slik grunngjev assistenttrenar Tom Mangersnes den overraskande avgjerda:

– Mathias Dyngeland starta sesongen for oss, fordi han hadde vore den beste keeperen vår i oppkøyringa til sesongen. Så kom ein periode der me slapp inn mange mål og tapte kampar. Då var det enklare for den meir rutinerte Erik Dahlin å koma inn og ta børa på sine skuldrer. Men no har Dyngeland arbeidd beinhardt på trening og fortener ein ny sjanse, seier Mangersnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

MØTER GAMLE-KLUBBEN: Helge Haugen om å møte gamle lagkameratar i slaget om Vestlandet. Foto/redigering: Steinar Lote

– Sportsleg grunngjeving

– Mange meiner Dahlin har stått godt i mål dei siste kampane. Kvifor får han ikkje fornya tillit?

– Det er berre fordi Mathias har teke opp hansken og fortener ein ny sjanse i dag, seier Mangersnes.

– Det er blitt spekulert i at Dahlin var på den same festen som Gustav Valsvik var på. Var Dahlin på den festen?

– Det er berre sportsleg grunngjevingar for dei vala me gjer inn mot kampen i dag, svarar Mangersnes.

Erik Dahlin svarar slik på det same spørsmålet:

– Det har eg ingen kommentar til, seier Dahlin.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

OM REKRUTTERING: Assistenttrenar Tom Mangersnes om hordalendingar som spelar på Sogndal. Foto/redigering: Steinar Lote

Krevjande oppkøyring

Oppkøyringa til storkampen mot Brann har vore alt anna enn harmonisk for Sogndal. I går small nyhendet om at midtstoppar Gustav Valsvik var teken for promillekøyring på veg til trening om føremiddagen 18. mai.

Assistenttrenar Tom Mangersnes vedgår at inngangen til vestlandsderbyet ikkje har vore optimal.

– Dette er ein situasjon me gjerne skulle ha vore forutan, både som klubb og for spelaren sjølv, seier Mangersnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

ÅRETS KAMP: Dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal, om vestlandsoppgjeret. Foto/redigering: Steinar Lote

Desse spelar mot Brann:

Mathias Dyngeland, Hannu Patronen, Azar Karadas, Bjørn Inge Utvik- Taijo Teniste, Rune Bolseth, Helge Haugen, Petter Strand, Logi Valgardsson, Ulrik Flo, Mahatma Otoo.

På benken:

Erik Dahlin, Martin Trøen, Tim Nilsen, Tonny Brochmann, Ruben Holsæter, Kristoffer Nesse Stephensen, Runar Heggestad.