Vossing vann Årets Naturbilde

Arne Mala frå Mønshaugen på Voss vann Årets naturbilde i NM i naturfoto. Friluftsmagasinet Villmarksliv står bak utdelinga. Motivet på vinnarbildet var ein brunstig hjortebukk som ristar pelsen sin etter å ha rulla i ein brunstgrop. – Eg er mykje ute og fotograferer hjort i brunstperioden. Slike situasjonar er vanskelege å føresjå, men nokon gonger opplever ein dei akkurat på slike plassar, seier Mala til NRK. 57-åringen blei interessert i fotografi som 15-åring, då han hadde foto som valfag på ungdomsskulen. – Det er utruleg kjekt å få ein slik pris, seier han. Ifølgje Avisa Hordaland planlegg han ei fotoutstilling til våren.

Hjortebukk i motlys. Årets naturbilde 2019, Arne Mala
Foto: Arne Mala