Det er leiar Roar Andersen i idrettsrådet i Bergen som no relanserer ideen om ein OL-søknad for 2030.
- Meir realistisk
Ordførar Bjørn Christensen på Voss var skeptisk til lanseringa av OL til Vestlandet sist ideen kom, men no meiner han planane er langt meir realistiske.

Bjørn Christensen. (Foto: Steinar Nedkvitne/NRK)
- Me opplever jo no at vossingar kjem heim frå Torino med fire medaljar. Dersom Bergen vil er det ingen tvil om at Voss blir med, seier ordføraren.
Lite entusiastisk i Bergen
Men varaordførar i Bergen, Kristian Helland, er ikkje like entusiastisk.
Han karakteriserer OL i Bergen og Voss som ein spenstig tanke, men blir ingen OL-ambassadør før både idretten og regjeringa har sagt kva dei tenkjer om planen.
- Me kan ikkje tulla med slike tunge saker som dette. Me må gå grundig gjennom det før me kan ha ei kvalifisert meining.
Men det er klart at dersom Voss vil grava fram nokre milliardar, vil me koma attende til saka, seier han.