Voss kommune braut anbodsreglane

Voss kommune har brote fleire av anbodsreglane i samband med valet av utbyggjar av Vossabadet. Det meiner Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA). Kommunen har mellom anna endra tildelingskriteria undervegs og ikkje gjeve gode nok grunnar for valet av vinnar, skriv avisa Hordaland. Det var Montasje Kompagniet AS, som også leverte inn anbod på arbeidet med Vossabadet, som klaga inn Voss kommune.

Voss kulturhus
Foto: Turid Rogne / NRK