Hopp til innhold

Voss Gondol tapte i retten – får ikkje lenger bruke eigen logo

Loen Skylift meiner logoen til Voss Gondol er for lik deira eigen. No har nordfjordingane vunne i retten.

LOEN SKYLIFT SAKSØKER VOSS GONDOL FOR LOGO-PLAGIAT

TIL SAK: Loen Skylift AS har vunne i saka mot Voss Gondol.

Foto: Skjermdump/bildemontasje

For tre veker sidan møtte partane kvarandre i Bergen tingrett for å få ei avgjerd i logospørsmålet – og no er avgjerda tatt.

I ein fersk dom frå Bergen tingrett kjem det fram at Voss Gondol og Voss Resort no får forbod mot å produsere, marknadsføre og selje varer og tenester med noverande logo på.

Administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, fekk dommen onsdag kveld.

– Vi er overraska og skuffa. Eg trur ikkje siste ord er sagt, seier Wæhle.

Han legg til at dei no har om lag ein månad på seg til å vurdere om dei vil anke saka.

– Utover dette har eg ikkje ytterlegare kommentarar, seier han.

Det var Avisa Hordaland som først omtalte saka.

Skulda for plagiat

Det vart tidlegare i år kjent at Loen Skylift gjekk til sak mot Voss Gondol med skulding om plagiat. Loen Skylift meiner logoen til Voss Gondol liknar for mykje på deira eigen.

Gondolbana i Stryn opna i 2017, mens den nye gondolbana på Voss opna i fjor.

Dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift meiner vossaselskapet har teke grafiske element frå logoen deira når dei har utarbeidd sin profil.

– Vi har brukt store ressursar på å forme ut ein logo og korleis vi profilerer oss. Det har ikkje vore ein billig jobb, sa Grov etter møtet i tingretten.