For tre veker sidan møtte partane kvarandre i Bergen tingrett for å få ei avgjerd i logospørsmålet – og no er avgjerda tatt.
I ein fersk dom frå Bergen tingrett kjem det fram at Voss Gondol og Voss Resort no får forbod mot å produsere, marknadsføre og selje varer og tenester med noverande logo på.
Administrerande direktør i Voss Resort, Øyvind Wæhle, fekk dommen onsdag kveld.
– Vi er overraska og skuffa. Eg trur ikkje siste ord er sagt, seier Wæhle.
Han legg til at dei no har om lag ein månad på seg til å vurdere om dei vil anke saka.
– Utover dette har eg ikkje ytterlegare kommentarar, seier han.
Det var Avisa Hordaland som først omtalte saka.
Skulda for plagiat
Det vart tidlegare i år kjent at Loen Skylift gjekk til sak mot Voss Gondol med skulding om plagiat. Loen Skylift meiner logoen til Voss Gondol liknar for mykje på deira eigen.
Gondolbana i Stryn opna i 2017, mens den nye gondolbana på Voss opna i fjor.
Dagleg leiar Richard Grov i Loen Skylift meiner vossaselskapet har teke grafiske element frå logoen deira når dei har utarbeidd sin profil.
– Vi har brukt store ressursar på å forme ut ein logo og korleis vi profilerer oss. Det har ikkje vore ein billig jobb, sa Grov etter møtet i tingretten.