Hopp til innhold

Voldum nominert til Jenteprisen 2016

Andrea Voll Voldum (21) frå Lærdal er nominert til årets jentepris.

Andrea Voldum

NOMINERT: Andrea Voldum kan bli den femte vinnaren av Plan International sin jentepris.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

21-åringen fekk nasjonal merksemd etter at lagmannsretten frifann tre menn ho meldte for valdtekt . Folk over heile landet demonstrerte for å vise sin avstand til haldningar som gjer at jenter blir utsette for valdtekt.

  • Les også:

– Ho fekk nasjonal merksemd med Hemsedal-saka der ho gav valdtektsoffer eit ansikt etter rettssaka der tre menn ho melde for valdtekt, vart frikjende, seier Silje Budeng, kommunikasjonsrådgjevar i Plan International Norge i ei pressemelding.

Stod fram i media

Knut Storberget

JURYLEIAR: Knut Storberget leiar juryen. Han har med seg forfattar og tidlegare politisjef i Oslo, Hanne Kristin Rohde, Navjot Sandhu, politi og styreleiar MinoTenk, Mahmona Khan, forfattar og Erle Harsvik, URO-medlem (Plan Norges ungdomsgruppe).

Foto: Trond Ivan Hagen / NRK

Det er Plan som har etablert prisen for å heidre dei som gjer ein ekstraordinær innsats for jenter og kvinner. Det meiner dei 21-åringen har gjort.

I etterkant av frifinninga stod Voldum fram i ei rekkje media for å fortelje si historie .

– Eg vil ikkje at nokon andre skal oppleve det same som meg, sa 21-åringen til NRK.

Mange stilte spørsmål ved kvifor frifinninga ikkje vart anka til høgsterett. Riksadvokat Tor-Aksel Busch har sjølv sagt at det ikkje er grunnlag for å anke avgjerda , men har samstundes anerkjent Voldum sin kamp.

Urokkelege rettar

Knut Storberget

JURYLEIAR: Knut Storberget leiar juryen. Han har med seg forfattar og tidlegare politisjef i Oslo, Hanne Kristin Rohde, Navjot Sandhu, politi og styreleiar MinoTenk, Mahmona Khan, forfattar og Erle Harsvik, URO-medlem (Plan Norges ungdomsgruppe).

Foto: Trond Ivan Hagen / NRK

Generalsekretær i Plan, Kjell Erik Øie, seier det ofte er knytt skam og stigma til vanskelege tema som valdtekt.

– Vi håpar at Jenteprisen kan gi ein fortent honnør, og sende eit signal om at jenters rettar er urokkelege, seier Øie i pressemeldinga.

Juryen blir leia av tidlegare justisminister Knut Storberget.

– Å stogge overgrep og brot på jenter sine rettare er ikkje berre viktig for jentene sjølv – det er også viktig for fellesskapet, seier Storberget.

Femte året på rad

Det er femte året på rad at jenteprisen blir delt ut. Prisen blir delt ut på FNs jentedag 11. oktober og går til ei eldsjel eller organisasjon som gjer ein ekstraordinær innsats for å stogge diskriminering, vald og overgrep mot jenter her i landet.

Tidlegare vinnarar av prisen er Sara Khasay, Fakhara Salimi, Gerd Fleischer og Deeyah Khan.

– Prisen skal bidra til å stogge diskriminering av jenter, synleggjere dei usynlege og gi stemme til dei stemmelause. Innsatsen kan vere innanfor område som førebygging av valdtekt, kamp mot tvangsekteskap, førebygging av kjønnslemlesting eller fremje utdanning, seier Budeng.