Volda sjukehus kan ikkje ta imot Nordfjord-pasientar

Volda sjukehus har ikkje kapasitet til å ta imot pasientar frå Nordfjord.

Volda sjukehus

IKKJE KAPASITET: Nordfjordingane vil til Volda, ikkje til Førde, men Volda sjukehus er ikkje dimensjonert til å handtere pasientar utanfor Søre Sunnmøre.

Foto: Helse Sunnmøre

Assisterende direktør i Helse Sunnmøre, Helge Ristesund

AVVISER: Helge Ristesund fortel at Volda sjukehus ikkje kan tenkjast som Nordfjord-alternativ.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Saka er at Volda Sjukehus på ingen måte er dimensjonert til å handtere pasientar utanfrå Søre Sunnmøre.

Det seier Helge Ristesund, assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Ved Nordfjord sjukehus er ortopediavdelinga allereie nedlagt, medan fødetilbodet går mot same skjebne. Det har ført til at både legar og privatpersonar vil til Volda, og ikkje til Førde sjukehus. Dette på grunn av reisetida.

No stikk derimot Ristestund kjeppar i hjula for Nordfjordingane.

– Det går ikkje. Det er først og fremst på grunn av areal, men òg på grunn av bemanning. Arealet er spent, og pasientbelegget er allereie stort.

Førde uansett betre?

Adm. dir. i Helse Førde, Jon Bolstad.

TREKK FRAM TILBODET: Jon Bolstad i Helse Førde, fortel at tilbodet ved Førde sjukehus uansett er betre enn i Volda.

Foto: Bård Siem / NRK

At Volda no blir avfeia som alternativ, blir ikkje dårleg motteke i Helse Førde.

– Å sende Nordfjord-pasientane er uansett ingen god idé, seier Jon Bolstad.

Han er administrerande direktør i Helse Førde, og meiner tilbodet ved Førde sjukehus gjer opp for lenger reisetid.

– Det er ingen tvil om at sjukehuset i Førde er betre. Det er eit sentralsjukehus, og har ei rekke fleire funksjonar knytt til å vere eit fylkesdekkjande tilbod, påpeiker Bolstad.

Viser til lovverket

Bengt Georén

VISER TIL LOVVERKET: Bengt Georén meiner kapasitet- og arealproblem ikkje kan brukast som argument. Han viser til norsk lov.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Helsefaggruppa i Nordfjord gjev seg derimot ikkje utan kamp.

– Dette er ein venta reaksjon, som kjem av motstand mot forandringar i Helseføretaka, seier leiar i helsefaggruppa, Bengt Georén.

Han meiner Volda sjukehus etter spesialisthelsetenestelova, har plikt til å ta imot pasientar frå Nordfjord.

– Dei må berre finne seg i at det blir nye forhold, og dei må fordele ressursane deretter, slår Georén fast.

Nordfjord Sjukehus

TIL FØRDE UTAN VIDARE KAMP?: Etter at Helse Møre og Romsdal tilbakeviser Volda som eit alternativ, har pasientane som tidlegare vitja Nordfjord sjukehus (på bildet) få val. Førde sjukehus ser ut til å bli det einaste alternativet.

Foto: Ottar Starheim / NRK