Uhellet skjedde i rundkøyringa ved Håbakken. I samband med bilberging kan vegen bli stengt i periodar på inntil 30 minutt frå klokka 21, opplyser Vegtrafikksentralen.
– Vogntoget velta, men sjåføren klatra uskadd ut, opplyser eit vitne som var på staden til NRK.
Både brannvesenet og politi rykte ut til uhellet. Politiet stadfestar at føraren, ein mann i 40-åra er uskadd.
Vegen er sterkt trafikkert. Det skjedde i rundkøyringa der Riksveg 5 og E16 kryssar kvarandre, opplyser politiet.