Hopp til innhold

Vogntog trefte personbil i Gloppen

Naudetatar rykkjer ut til trafikkulykke på E39 Breimsvegen i Gloppen. Eit vogntog har treft ein personbil, køyrd ut i grøfta og ligg no kvelva. Personbilen står ute i terrenget. To personar er involvert. Dei er no ute av bilane, ifølgje Vest politidistrikt og 110-sentralen.

Det er ein del materielle skader, men politiet har førebels ikkje oversikt over skadeomfanget, eller tilstanden til personane involvert.

– Det er ei trafikkulukke med store krefter i sving, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110-sentralen til NRK.

Føraren av personbilen blir frakta til Førde sjukehus med ambulanse. Vedkomande står fram som vaken og medviten, elles uavklart, ifølgje Vest politidistrikt.

Eitt køyrefelt er opent forbi staden ulukka har skjedd, trafikken blir dirigert.