Hopp til innhold

Vogntog sperar fylkesveg

Fylkesveg 616 i Bremanger er stengd kring to kilometer frå Smørhamn i retning Bremanger. Eit utanlandsk vogntog skal ha fått problem og hengaren sklei i grøfta. Uhellet vart meldt like over klokka 10. Det er uvisst kor lenge vegen blir stengd.