Hopp til innhold

Kaotisk på vegane - fleire bilar og vogntog i grøfta

E16 ved Langhauso i Aurland har vore stengd på grunn av bilberging. Også fleire andre stader er det problem i dag.

Vogntog i grøfta i Halbrendslia

SJÅ VIDEO: Eit vogntog hamna i grøfta på E39 i Halbrendslia ned mot Førde. Foto: Alf Vidar Snæland

– Ein trailer fekk problem og det blei lange køar på Flåm-sida, seier Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen.

På E39 ved Myrmel i Gaular har også vegen vore stengd på grunn av bilberging.

Tidlegare i dag har ein trailer køyrt i grøfta i Halbrendslia i Førde. Dette førte til trafikale problem. Bilistar i området opplyser at det er særs glatt på staden.

Også i Hafslo har ein trailer hamna i grøfta, og fleire bilar har også hamna utanfor vegen, mellom anna kring Hella i Leikanger og på Skei i Jølster.

Brøytemannskap i heile fylket slit med å halde vegane fri for snø i dag. Fleire bilistar har kontakta Vegtrafikksentralen og klaga på dårleg eller manglande brøyting på vegane.

– Kontraktørane over heile fylket melder om dei har problem med å halde standarden på grunn av dei store snømengdene, seier Molvær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Betongbil i grøfta

I GRØFTA: Denne betongbil har hamna i grøfta på E39 ved Eikås i Jølster. Det er skal vere veldig glatt i området.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På Eikås i Jølster har ein betongbil køyrt i grøfta og det er innsnevring på grunn av bilberginga.

Freddy Brakestad som har køyrt forbi staden, fortel om speilglatte vegar.

– Det er ein betongbil som har køyrt i grøfta. Ein annan betongbil er på staden for å tømme den andre. Det er veldig glatt og vanskeleg å køyre, seier han.

Bil i grøfta ved Vassenden

UTFOR VEGEN: Denne varebilen fekk problem på Vassenden i ettermiddag.

Foto: NRK.no-tipsar
Borlaugskrysset

MYKJE SNØ: Slik såg det ut ved Borlaugskrysset i morgontimane.

Foto: Bjarte Frækaland