Hopp til innhold

Vogntog full av søppel hamna i lakseelv

Eit vogntog lasta med 29 tonn søppel stupte utfor vegen og ned i ei lakseelv i Etne. Søppelet flyt i elva og store mannskap jobbar med å rydda opp. – Elva ser ikkje ut, seier leiaren i elveeigarlaget.

Elva ser ikkje ut i det heile tatt. Søppelet kjem strøymande nedover.

Vidar Børrezen, dagleg leiar i Etne elveeigarlag
Søppelbil Etne

UTFORKØYRING: Traileren var lasta med søppel og store delar av lasten flyt i elva.

Foto: Bjarte Aastvedt

– Vi fekk melding klokka 13.43. Vogntoget har køyrd utfor vegen tre kilometer aust for Etne. Den var lasta med søppel, og store delar av det flyt no i elva, fortel operasjonsleiar Håkon Tornes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Sjåføren kom seg raskt ut av førarhuset og skal ha fått mindre kuttskadar.

– Eit køyrefelt er sperra. Det blir ein bra jobb å rydda opp etter dette, seier Tornes.

Har hamna i lakseelv

Trafikkuhellet skjedde i Mosvingen på E134 og naudetatane var raskt på staden.

Ifølgje politiet var traileren lasta med 29 tonn restavfall frå hushaldningar på Stord som no skulle fraktast til Oslo.

Utforkøyringa skjedde ved ei bru der Etneelva deler seg i Nordelva og Sørelva. Etneelva er ei av Norges nasjonale lakseelver.

– Dette er jo ei lakseelv, og på denne tida av året er det jo yngel og gyting, så vi må freista å finna ei raskast mogleg løysing for å få dette søppelet vekk, seier Svein Roald Vikse, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Kva tenkjer de å gjere?

– Det er folk frå både lokalt brannvesenet og kommunen på staden, men det blir varsla at det ikkje ser ut til å vera nok, så vi må sjå kva meir mannskap vi kan få tak i. Vi er i gang med oppryddinga, men det er store mengder, og ikkje så mange til å gjera det, så det vil ta tid, seier Vikse.

Søppel i Etneelva 2

FLYT: Søppelet skal ha spreidd seg til fjorden.

Foto: Tipsar

– Elva er blitt grumsete

– Det er ikkje spesialavfall, men mengda gjer at dette kan vera skadeleg for livet i elva, seier Erik Kvalheim, miljøansvarleg i Etne kommune.

Han fortel at fleire melder om at søppelet har kome heilt ned til Etnefjorden.

– Det har spreidd seg i elva og ned til fjorden. Fleire seier at elva er blitt grumsete.

Kvalheim presiserer at dei ikkje har oversikt over skadeomfanget enno.

– Det ser ikkje ut

Søppel i Etneelva

FULL AV SØPPEL: Den nasjonale lakseelva er no full i søppel. Her ved Etne camping, eit lite stykke nedanfor der traileren køyrde utfor.

Foto: Tipsar

Vidar Børrezen er dagleg leiar i Etne elveeigarlag. Når NRK tek kontakt med han er han travel med å leggja ut lenser i ved utløpet nede ved fjorden, kring tre kilometer frå Mosvingen.

– Elva ser ikkje ut i det heile tatt. Søppelet kjem strøymande nedover.

Han fortel at det er den siste tredjedelen av lakseelva som er råka av dei store mengdene med søppel. Elveeigarlaget vart nøydde til å leggje ned ei laksefelle i elva, då den vart full av søppel.

– Me er usikre på kva dette vil ha å seie for fisken i elva. Det som bekymra oss umiddelbart var diesel og olje frå vogntoget. Kva søppelet vil ha å sei er vanskeleg å sei, men det ser i alle fall ikkje vakkert ut.

Han meiner det vil ta fleire dagar å rydde opp alt.

Omfattande oppryddingsarbeid

Kommunen sendte raskt av garde ein bil med lenseutstyr, som vert lagt ut i elva ikkje langt frå staden i Mosvingen.

Kvalheim fortel at kommunen har varsla grunneigarar og Etne elveeigarlag om uhellet.

Fleire av dei har vore i kontakt med politiet og kommunen og fortel at dei er bekymra for kva dette vil ha å seie for laksen i elva.

Rekkverket på brua i Mosvingen er øydelagt og entreprenør er kontakt for å vurdera skadane. Eit felt er stengt på staden og vil vera det lenge.

– Det er på grunn av skadane på brua. Her vil det vera lysregulering ei god stund framover, seier innsatsleiar i politiet, Bernt Arne Skjold som er på staden.

Har kalla inn ekstra mannskap

Han fortel at det er kalla inn ekstra mannskap frå Røde Kors og Sivilforsvaret.

– Eg er litt usikker på nøyaktig kor mange, men Sivilforsvaret stiller med 20 mann. Det er veldig mykje søppel så vi treng mange hender. Det blir nok å jobba med dette langt utover kvelden, fortel Skjold.

Bømlo Røde Kors fortel at dei er kalla inn for å hjelpe til med ein lyshengar.

– Vi skal til Etne for å plukka søppel og har med ein lyshengar slik at vi kan jobbe utover kvelden når det vert mørkt.

– Erfaren sjåfør

Sjåføren av vogntoget er ein mann i 30-åra frå Romania. Han har i ettermiddag vore i avhøyr med politiet.

– Han hadde ingen god forklaring på kvifor han hamna utfor vegen, fortel operasjonsleiar Svein Roald Vikse.

30-åringen køyrer for Kim Johansen Transport.

– Eg veit ikkje noko meir enn det eg har sett på bileta og høyrt frå politiet. Vi har snakka med politiet og kommunen om skadeavgrensande tiltak, og sett i gang vårt eige forsikringsselskap, seier dagleg leiar Tommy Slåttum.

– Har du snakka med sjåføren?

– Ikkje eg personleg, men andre her har snakka med han. Han er heilt fin, og er på lensmannskontoret no. Han blir plukka opp av ein av våre bilar og tatt med til Oslo, så skal vi snakke meir med han då, seier Slåttum.

Den daglege leiaren veit førebels ikkje noko om årsaka til ulukka, men fortel at sjåføren er erfaren på strekninga.

– Han har køyrt den strekninga fast i fem-seks månader, og har ikkje hatt uhell tidlegare.

NRK oppdaterer saka