Hopp til innhold

Vogntog fekk køyreforbod

Vegvesenet har kontrollert tunge køyretøy på Voss i dag. Ein av dei sju kontrollerte køyretøya fekk køyreforbod og 12.000 kroner i bot. Det mangla ein bremsekloss på eine akslingen, fire dekk på bilen var for nedslitte og framdekka var ikkje godkjende for køyring på snø og is.

Ein lastebil fekk køyreforbod under kontroll på Voss.
Foto: STATENS VEGVESEN