Hopp til innhold

Ny VM-kamp, ny VM-rett

For dei fleste betyr VM i fotball mykje TV-tid, men for Ronny Sødahl Furunes betyr denne tida òg spanande rettar til middag.

Ronny Sødahl Furunes

VM-RETT KVAR DAG: Med forrett, hovudrett, dessert og drikkevarer til kvar rett, så får Ronny Sødahl Furunes litt frå kvart land som speler VM-kamp. På biletet: Ein klassisk biff stroganoff med potetmos og tranebærjuice (Russland), øl frå Belgia, pannekaker (Russland/USA) med kaviar frå Barentshavet, og eit glas portvin frå Portugal.

Foto: Privat

Italia

Pizza før Italia-kamp meiner Furunes er veldig standard. Vinen var ei flaske Chianti Classico, Banfi Riserva 2009.

Foto: Ronny Sødahl Furunes / Privat

– Eg tar utgangspunkt i kva lag som spelar den aktuelle dagen, og så prøver eg å lage litt mat som høyrer til dei nasjonane, seier Ronny Sødahl Furunes.

Den 31 år gamle trønderen som er busett i Leirvik på Stord tykkjer det er flott å kunne kombinere to lidenskapar, nemleg fotball og mat.

– Og så er det noko eksotisk, litt som eit reiseelement over det heile òg, at eg prøver å fange opp noko av det som eg har opplevd eller ynskjer å oppleve på reise, seier han.

Multikulturelle måltid

Med fleire kampar til dagen har Furunes mange nasjonar å velje mellom når han skal diske opp dagens middag. Han endar ofte opp med middagar inspirert av fleire land.

– Det er klart, ein har jo både ein forrett, ein hovudrett og ein dessert som ein kan nytte. Dessutan så kan ein jo ha drikke til alle desse rettane, og berre der så har ein jo seks forskjellige valmogelegheiter, seier Furunes.

Ronny Sødahl Furunes jobbar som dommarfullmektig på Stord, og mykje av fritida har under VM gått med til mat.

– Her er det litt forskjell på vekedag og helg, for i vekedagane så har eg ikkje så mykje tid. Dommerfullmektigdagen tar jo slutt den òg, så då startar eg matførebuingane, seier han.

Måtte bli meir eksotisk

Colombia og Elfenbenkysten

Då Colombia og Elfenbenkysten spelte, så diska Furunes opp med Kedjenou og ein engelsk porterøl (grunna Uruguay-England same dag).

Foto: Ronny Sødahl Furunes / Privat

Ronny Sødahl Furunes har måtte utfordre seg sjølv under VM, for kameratane meinte han valte lettvinte måltid.

– I byrjinga fekk eg kritikk frå kameratar heime at eg var for opptatt av standard europeisk mat, og dei meinte at eg burde prøve å sjå til litt meir til eksotiske land, seier Furunes.

Etter litt leiting på internett fann han fram til ein rett som fall i smak.

– Så då tok eg tyren ved horna og tok for meg Elfenbenkysten og laga eg ein rett som heiter Kedjenou. Det er ein type trykk-kokt kylling med masse grønsaker på couscous. Det var veldig godt, så det skal eg lage seinare òg, seier han.

Prøvd det meste

Fotballentusiasten har variert måltida mykje, men mange av rettane er velkjente for dei fleste. Andre har han oppdaga på tidlegare reiser.

– Ein av dei første VM-rettane eg laga var bratwurst og sauerkraut frå Tyskland, og så laga eg pizza frå Italia, det var jo veldig standard, og så laga eg ein ris- og kyllingrett frå Costa Rica, pollo y gallo pinto, seier matentusiasten.

Den sistnemnde retten hadde Furunes ete mykje før då han var i Costa Rica i påsken, og difor tykkjer han det var artig å lage retten sjølv.

– Den vart veldig god òg, seier han entusiastisk.

Kan bli bok

Frankrike er eit mekka når det gjeld gastronomiske herlegheiter.

Furunes er diktar og gav før jul ut bok Idag e det du som er Trønder. Etter at han no har prøvd ut rettar frå VM-landa, så kan det bli ei bok.

– Eg er tilknytt eit forlag, og eg og ein av føreleggarane snakka om at me kanskje skulle gi ut noko, men me fann ut at etter VM er kanskje feil tidspunkt å gi ut ei VM-bok på, så me får samle oppskriftene og kanskje gjere noko til neste EM, seier Furunes.

– Eller så kjem eg berre til å bruke oppskriftene til å lage god mat i kvardagen, legg han til.

Spelefri dag, ingen middag?

Tyskland

Kanskje hamnar bilete av middagen Furunes hadde då Tyskland spelte, nemleg Bratwurst og Sauerkraut? Servert med kapers, tomat og vårlauk, og eit glas bayerøl.

Foto: Ronny Sødahl Furunes / Privat

Under heile VM i fotball har Ronny Sødahl Furunes delt både bilete og middagstips til venene sine på Facebook. For middagane framover håpar han at blant andre Frankrike når langt.

– Frankrike er eit mekka når det gjeld gastronomiske herlegheiter, men er kanskje ikkje så veldig eksotisk samanlikna med viss til dømes eit afrikansk lag skulle kome langt, seier han.

Med spelefri dag har ikkje Furunes planlagt dagens middag, men fredagens kamp der Brann mot spelar mot Ranheim gir idear.

– Eg kan overføre dette til Noreg, og då må eg finne dei lokale spesialitetane. Frå Bergen måtte det bli noko fisk, kanskje ei fiskesuppe, det hadde vore perfekt, seier Furunes.