Hopp til innhold

Visepolitimeister frikjent for skuldingar om trakassering

Hordaland politidistrikt har fleire varslingssaker på bordet i kjølvatnet av Monika-saka. No har ei av dei fått ein konklusjon. I tillegg skal eksterne rådgjevarar inn i ei anna varslingssak.

Gunnar Fløystad

FRIKJENT: Visepolitimeister Gunnar Fløystad er frikjent for skuldingane om trakassering.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Politimeisteren fekk ei varsling frå ein politiadvokat i september i fjor om at etterforskaren som varsla i Monika-saka, hadde blitt omtalt negativt av visepolitimeister Gunnar Fløystad. Denne trakasseringa skal ha skjedd under eit møte i påtaleseksjonen, skriv politi.no.

No har Hordaland politidistrikt undersøkt skuldinga, og har konkludert med at visepolitimeisteren si framferd ikkje kunne sjåast på som personangrep eller nedlatande kritikk av etterforskaren under møtet.

Klaga på avgjersla

Hordaland politidistrikt har avslutta saka utan tiltak. Politiadvokaten som meinte varslaren vart utsett for trakassering, har klaga på avgjersla.

– Etterforskaren varsla om ei svært alvorleg og djupt tragisk sak. Då skal ikkje vedkommande bli utsett for ytterlegare belastningar. I den grad visepolitimeisteren skal seie noko i plenum, skal det vera positivt, seier politiadvokaten til Bergensavisen, som først omtalte saka.

Spørsmål om inhabilitet

I tillegg reiser politiadvokaten spørsmål om inhabilitet. Tidlegare lensmann på Sotra, Odd Dale, hadde ei sentral rolle under etterforskinga av dødsfallet til Monika Sviglinskaja i 2011.

I dag er han administrasjonssjef i Hordaland politidistrikt, og behandla klagen frå politiadvokaten.

Dale bekreftar at han har vore involvert i behandlinga av varslingssaka, men at han ikkje ser på seg sjølv som inhabil i saka.

NRK har vore i kontakt med politimeister Geir Gudmundsen. Han vil ikkje kommentere saka, og syner til pressemeldinga frå politiet.

Kallar inn eksterne rådgjevarar

Samstundes engasjerer Hordaland politidistrikt no eksterne rådgjevarar. Dei skal gå gjennom korleis varslingane i Monika-saka har blitt handtert internt på politihuset.

Politimeister Geir Gudmundsen fekk i midten av november eit brev frå advokaten til etterforskaren som varsla om mangelfull etterforsking i januar 2014. Der ber advokaten mellom anna om at etterforskaren får status som varslar, noko Gudmundsen har innvilga.

Dei andre tilhøva som blir tatt opp i brevet, skal undersøkast av dei eksterne rådgjevarane.

– Me vil finne rådgjevarane i samråd med politidirektoratet, seier Gudmundsen til NRK.